onsdag 2. mars 2011

Stor i kjeften som ein kval...

Dei som kjenner resten av uttrykket skjønar kanskje kvifor det ikkje kan stå på trykk her på internetten... I sist innlegg gjekk eg høgt ut på fleire måtar. Eg hadde store plana og eg hadde rappa bilder. Eg har no i eit par dagar sidan det, ste rett, om ikkje heilt skulerett, etter at eg fekk passet mitt påskrive. Og bra er da, det skal nesten aldri gjenta seg.



Men over til prosjektet mitt, male og oppgradere soverommet. Eg har hatt ein plan, og spør du meg er det ein god ein. Eg må male alt omatt, tak og vegger og til slutt golvet, som faktisk er utgangspunktet for heile mirakkelset. Eg har ubehandla tregolv, og vil male dette av heilt praktiske årsaker. Men ferdigplatene me har på veggen har ein heilt forferdeleg farge som skin i grønt på gode dagar, difor vil eg ha det vekk og då ryk skråtaket med for det er malt etter veggplatene sin farge.



Nok om det. Eg for til fargehandlen glad og fornøgd og kom utatt utruleg slukøyra. Prisen dei skulle ha for maling og grunning var heilt hinsides eit me-er-heime-i-vinterferien budsjett. Planane mine rasa som eit korthus og eg vart faktisk slegen litt i svima av det heile. So no får eg klarar meg med det eg har og ynskja meg grunning til jul og bursdagar, og maling og penslar ved spesielle jubilè. Eg skal klippa kupongar og nilese katalogar og internetten etter gode tilbud.... for dette rommet var jo berre starten...eg har to til som ventar, og då snakka me 4 gonger arealet....



Men ei god nyhende har eg... på brukthuset på jakt etter nokre sjarmerande og pietistiske nattbord (som eg ikkje fann) fann eg denne "puffen" som me seier her hjå oss...og eg vart heilt forelska...
Skal den verte kvit? Skal den verte lyseblå? Eller litt av begge? Andre gode forslag??



Til slutt over til noko heilt anna. Til alle de som trufast kjem innom og legg att kommentara. Eg har den siste tida vent meg til å lese bloggar på HTC-en min eller nokre gonger på den heller oppkrytte I-Paden og då går da fort i badl når eg skal kommentere. Da hoppa og sprett og vert eit voldsomt vas. Eg har no bestemt meg for å legge slikt nymotens fjas på hylla og skal frå no av komma rundt til dykk på eit internettframskomstmiddel med verkelege knottar på... ;)
...
Ha ein fin onsdag!
..
..og til deg som undrar, tulipanane kom ikkje med puffen .. eg berre må...

4 kommentarer:

  1. Kjenner til problemet med "dyre oppussingsprosjekt", får gjøre det beste ut av det vi har. Nydelige puffer, du finner nok en vakker farge til dem. Du kan kanskje ta utgangspunkt i de vakre tulipanene, klem fra Mona

    SvarSlett
  2. For en skatt du har funnet. Jeg var heldig å arve to slike i fjor. Den ene var hvit og den andre tapetsert. Jeg har malt begge helt hvite og har marimekko stoff på toppen av den jeg har hjemme, og sjøhytta mi fikk et blåhvitt kjøkkenhåndkle på toppen. Og for en strikkeentusiast som meg, så skjuler begge masse garn og pinner :-)

    SvarSlett
  3. Nå måtte jeg bare le litt :) ..

    Veldig fin puff/kiste du har funnet! Den hadde jeg nok malt lyseblå eller hvit ja - tror det kan bli knallfint:)

    Klart vi må ha blomster med på bildene :)
    Ha en fin dag!
    K

    SvarSlett
  4. Så flotte puffer du har funnet:)

    W

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.