Eg kjøpte henne i byd'n for fleire veker sidan. Likte forma og tenkte det var no ei eller anna eksotisk "kongle" som ville turke inn i same fasong som ho var levande.
Gjenbruk med andre ord. Då eg vart lei henne sette eg ho i ei krå for å turke inn, heilt til eg for eit par dagar sidan såg kor flott ho har vorten. "Kongla" hadde opna seg og lange lilla blomsterblad danna ein flott blome. Blomen luktar ganske stramt...
Ein kjekk svenske sette meg på sporet av denne etande "blomen". Ein artisjokk, eller artisjokkhjarte. Ikkje vanleg at den blømer slik, det er vel eigentleg ei grønsak. Høyrer til tistlane sin familie. Kjekt den blømde heime hjå meg ein kald novemberkveld...
What a beauty!!!
SvarSletthappy evening
Yolanda
Å den var fin...
SvarSlettMen anar ikkje kva den heiter..
God helg!
For en vakker spesiell blomst, elsker fargene!
SvarSlettEr så glad vennen for at du ble fornøyd! Håper hjertet også kunne varme litt :) sender mange klemmer til deg, du er så god.
God natt og sov godt ♥
Aina
Hej!
SvarSlettSer ut som en hederlig kronärtsskocka. Har torkat flera sådana, men alla blommar inte...
Så snodig - og fin! Den minner meg nesten om ein eller annan undersjøisk plante...
SvarSlettGod helg! :)
Så arti og arty!
SvarSlettHar aldri sett slik blomstring.
Herlig stueinnlegg!
Stua blir som finest da den inneholder det du liker best, som f.eks. han som ligger henslengt i sofaen der.
---- også kanskje noen peoner.
God helg i stua!
Så nydeleg!! Har berre sett denne tistelen som "grønnsak", då er det knoppen ein et, el botnen/hjartet. Har nok trivest godt med deg sidan knoppen har sprotte ut! Kanskje kan du plante den ut til sommaren slik at du får fleire knoppar, den kan bli ei stor plante, men kanskje ikkje vinterherdig hjå deg heller. Skal ha vore dyrka i Trondheim alt på 1500 talet og vart visst innførd i si tid (slik også div andre plantar: tomat, selleri t.d.) for å berike kjærleikslivet...!
SvarSlettEg ser no at du hadde den i ein vase, ikkje rot på, så då er det vel frø du må samle for å dyrke den....!!
SvarSlett