fredag 7. november 2008

Konkurransebidrag - Herr Jul

Etter dagar og net utan internet er det i dag i sanning ein gledens dag. Me er på nett att. For ei som har vore på nett sidan 1995, så er kvart minutt utan eit slit. Eg kan leve lenge utan TV, men utan internett vert eg litt rådlaus og ikkje minst, isolert.

Me veit at opplegget som konnektar oss med verda er ustabilt og kan tippa oss ut i stilla i fleire månadar...so no svinga eg meg i cyberspace alt eg klarar.

Fyrst vil eg presentere mitt bidrag til fotokonkurransen til Moseplassen. Frøken Fugl 2008, kven har hagens vakraste vinterblomst.

Fyrst tenkte eg at denne konkurransen var litt "far- fetched" for meg, for å trø te med litt engelsk, heilt til eg kom på ein sjeldan kar som i år kom ein månad for tidleg. Sikkert grunna frostperioden me har bak oss.



Det fyrste ein legg merke til ved denne karen er den store flotte og buskete, kvite stjerten. Når eg etter timasvis med nervøs venting ser den tippe rundt i hagesypressen, då veit eg at no er det snart jul.



Herr Jul er svært glad i gran og furu, har enno ikkje sett han sitje i ei bjørk eller raun. Nokre av dykk har kanskje opplevd som meg at den vart med inn frå skogen då juletreet kom inn, og at me fekk nyta den flotte fuglen i julehelga der den lukkeleg tippa rundt i julegrana. Det er ein broket familie og består av fuglar i alle verdas fargar og fasongar. Felles for denne arten er den blanke og skinnande fuglekroppen og den buskete stjerten. Eldre eksemplar er ofte dårlegare utrusta på stjertområdet.

Så her er min kandidat, Herr Jul:

6 kommentarer:

  1. haha
    guri nå fikk jeg meg en bra god latter :D

    Og anngående å bli disket for tulle og tøys? hva er det du snakker om? Du har vært i hagen og tatt bilde av en fugl, har du ikke hihi
    Velkommen med i konkurransen!

    SvarSlett
  2. Ja sånn har jeg kjøpt og for mange år siden. Minner fra barndommen da jeg og min søster krangla om hvem som skulle sette på disse vakre gamle fuglene på juletreet.
    Vakker kandidat!! Morsomr da!

    :)

    SvarSlett
  3. ...hi hi..!! Du er en kreativ sjel!! Så lenge du kan se forskjell på duer og måker ..kan du være med i konkurransen vet du.... Skrev nettopp en kommentar på forrige innlegg hos deg...her nyter vi helgefredenetter at huset er vaska!! god helg til deg min venn ;)

    SvarSlett
  4. ...du og mor til en 2001 modell! her hos oss er det herlige minstemann som snurrer tre storesøstre og foreldre rundt alle fingrenme til ei kvar tid..men lussekattar har han ennå ikkje bedt om....lukter vel jul i heimen da??? Bena på bordet og god musikk...mmmmmmm hærle!!!!

    Og du..har savna deg...ikke at jeg har vært så aktiv herinne sjøl..vært østover en tur og!!! Fudle farten veit du...

    SvarSlett
  5. Hi, hi!!! Skjønn liten dette her! Vakre bileter som tek meg attende til mormor sitt juletre! Kanskje eg må gå gjennom kassa med arva julepynt og sjå om eg finn noko liknande...

    Ha ein fin søndag!

    SvarSlett
  6. kreativt, dette skulle flere tenkt på. Jeg har mange av disse, og er alltid på utkikk etter flere. Tenk om vi kunne fått sett julefuglene folk har rundt i de tusen hjem ? Kan ikke du lyse ut den konkuransen da ? Nydelige bilder var det i hvertfall, du ble jo ikke disket heller ser jeg. : )

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.