onsdag 2. mai 2012

....eit pallebord...

Litt re-blogging frå gamlebloggen... Pallebord er jo verkeleg innovativt for tida. Nytt, ubrukt og spanande. Not :) Likavel var det akkurat det eg hadde bruk for i loftstova.

Ikkje for høgt så ting og tang sperra utsikten til fjernsyn og spel. På hjul slik at eg kan støvsuge og vaske popcorn blant anna :) Fyrst fann eg ein vanleg europalle og sette hjul på. Den fekk jubel i heimen. Til og med min far, bonden, tykte den vart flott. Men for å få den praktisk måtte ei glasplate på toppen til. Det kosta rundt 2 tusen. Då vart det billege pallebordet plutseleg dyrt...

 

Då fann me nåke plank i løo has far. Det var gamal kledning frå heimahuset. Hogga og saga lokalt i dalen på 30-talet. Då vart det plutseleg litt historie med på lasset og det seier eg jo ikkje nei takk til. Tok borda med heim og byrja å pussa vekk den gule malinga. Det eg ikkje hadde skjønt var at desse kledningsborda var mala i dei daga maling var maling og husa var skotsikre etter kun eitt strøk. Malinga let seg ikkje rikka.

 

Surt skal surt fordriva så eg malte eg og. Eit strøk golvmaling og til noko betre kjem rekandes vert det nok slik det vert. Sjølv om alle dei andre likte pallen betre :)



 Tenkte å beise understellet svart og lage botn til blad og fjernkontrollar. Til helga kanskje...

5 kommentarer:

  1. very lovely site your have
    wonderful day

    http://laracroft3.skynetblogs.be http://lunatic.skynetblogs.be

    SvarSlett
  2. bare elsker den kreativiteten din !!

    når du e lei av bordet kan du sende d nordover ; )

    fin dag t dæ.. klæm..

    SvarSlett
  3. Utrolig kult! Og enda kulere når du får malt det sort :)

    Ønsker deg en fin kveld videre, her har vi grillet hamburger og vært ute i skogen og sett etter blåveis :)
    klemklem

    SvarSlett
  4. Kom plutselig over bloggen din, og den er superkoselig=) Det bordet var skikkelig stilig. Så flink og kreativ du er. Håper du får en fin dag=) Vibeke

    SvarSlett
  5. My mom would never let me sit on our nice coaches as a kid because she said I was too dirty. You gotta enjoy the pretty things in your home because eventually everything wears away anyways.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.