Øveskrifta kan feilaktig få deko te å tru at eg har rydda te våren, men da è ikkje heilt da dette skal handla om. Eg bur litt slik avsides te, so avsides at me har ei ordning med henting av større skrot to gongar i året, haust og vårrydding kallar me det. Dette for å unngå at me hiv da i grøft og ur slik som ein gjorde før.
Store dela av interiøret her i huset kjem frå desse oppryddingane som sambygdingane mine då tek. Eg har skap, kommodar, benkar og bord som eg har plukka få desse haugane som ligg langs vegen i vekene før.
I år "stal" eg ein kommode i finèr. Eigentleg var eg på jakt etter djupe skuffer i heiltre til å lage vegghylle av, men slikt var det smått med. Eg la ut på facebook at eg jakta på slikt og fekk ei melding med bilde av denne kommoden.
Eg lokka mannen med og for avgårde for å hente skuffene. Då eg kom fram såg eg at eg lika heile kommoden og øvetala mannen te å hjelpa meg få den med i bilen. Han syns strengt tatt ikkje det er noko morro å rota i andre sitt boss, og eg er sjølv usikker om dei som har kasta kommoden syns det var greitt at nokon vilt fremmande (so vilt fremmande som ein kan vera i denne dalen) kom og rappa den før bossbilen kom og sendte den på dei evige bossmarker...
Men strengt tatt bryr eg meg vel ikkje. Har du kasta det so har du kasta det. Eg mala skuffene, fann alle knottar som låg og slang i skap og skuff og skrudde dei på. So heiv eg eit skap eg tidlegare har rappa på same måte, det hadde no sett sine beste daga. No får garn og strikkeprosjekt fylle desse skuffene eit par år...te me kan oppgradera med nytt kortreist skrot...sånt vert det nye fliser på kjøkkenet av... :D