søndag 14. november 2010

Julefuggel...

De har sett dei før, de vil sjå dei att. Inga løyndom at eg er glad i småfuglane. No har eg pynta litt til jul for dei. Julenek og nøttekos får vente til desember tenkjer eg.



For eg må sei meg einig med dei som meinar at ein ikkje skal vere så altfor knipen på alt det som er godt :)

lørdag 13. november 2010

Novembernatur..




Borte er dei flotte fargane, borte er dei frodige liene. Naturen ventar på kong vinter. Nokre travar klamrar seg framleis fast rundt huset. Soppen veks framleis i skogen, dog ikkje raud og kvit med polkadots, men liten og gul og engsteleg stod den der og fraus. Snart fell snjoen og legg alt i kvitt og stilla.

fredag 12. november 2010

God helg!

No veit de ka de skal gjera når de ikkje heilt veit kva de skal gjera :)

torsdag 11. november 2010

Adventskalender

No nærmar det seg advent og dei evig tilbakevennande utfordringane med å finne den "perfekte" adventskalender. Det er ikkje mange år sidan ein bildekalender kunne skape stor glede og forventning. Fekk ungar til å føle seg rike. Då eg var liten hadde me eit lite juletre på fot, med 24 små pakker laga av fyrstikkøsje...delt på tre. Eg hugsar gleda ved å finna ein tvist, og det litt slakare smilet då pakka inneheld ei nøtt. Men den gjorde si oppgava med glans, skapa forventning til julafta.



Eg gjorde den tabben å lage adventskaledarar som inneheld julaftan 24 dagar til endes, og ungane vart ikkje takknemlege slik eg trudde dei skulle verte. Dei vart det motsette, sure og gretne og veldig kravstore. Då fekk eg bekrefta at lukka er ikkje å få alt ein har lyst på, ikkje eingong for ein unge. Det beste med adventstida er forventninga om det som kjem. Kunsten vert då å lage ein kalendar som ivaretek nettopp det......

onsdag 10. november 2010

Vil du vere sola mi?

Det var bekymringsfullt å oppdage i dag, at me hadde sola i heile 10 minutter til saman. Det er ikkje lenge att til ho reiser for godt for denne gongen. Og eg kjenner at eg kvir meg meir enn før. Det hjelper nesten ikkje kor mykje lys ein tenner når sola ikkje lenger renn..


Her fanga eg ho nokre minutt medan ho leika seg med snopet til vetlo...

mandag 8. november 2010

Duk, dekk deg ut...

Då eg ein dag hadde dekka til middag etter alle kunstens reglar, fekk eg ein tørr kommentar frå ein tå hedersgjestane.. "du har vel tatt bilde av bordet, reknar eg med.." Sjølvsagt hadde eg det, men kjende at det var litt tungt å innrømme akkurat det.... der og då......





....men som de ser, eg kom øve da.... ;)

søndag 7. november 2010

Inspirasjon...

"PIP gets her inspiration from every-day incidents that seem quite ordinary but when scrutinised more closely are, in fact, exceptionally beautiful. "




Den sveitsiske sjokoladeboksen og PIP, som laga for (eller av) kvarandre...

torsdag 4. november 2010

Artisjokk...

Eg kjøpte henne i byd'n for fleire veker sidan. Likte forma og tenkte det var no ei eller anna eksotisk "kongle" som ville turke inn i same fasong som ho var levande.




Gjenbruk med andre ord. Då eg vart lei henne sette eg ho i ei krå for å turke inn, heilt til eg for eit par dagar sidan såg kor flott ho har vorten. "Kongla" hadde opna seg og lange lilla blomsterblad danna ein flott blome. Blomen luktar ganske stramt...

Ein kjekk svenske sette meg på sporet av denne etande "blomen". Ein artisjokk, eller artisjokkhjarte. Ikkje vanleg at den blømer slik, det er vel eigentleg ei grønsak. Høyrer til tistlane sin familie. Kjekt den blømde heime hjå meg ein kald novemberkveld...

onsdag 3. november 2010

Stand by your......

Det var etter at eg hadde teke nokre bileter av stova vår at det gjekk opp for meg at den var ganske gamalmodig. Ikkje ung og sprelsk eller lun og romantisk.



Den var berre traust og litt kjedeleg. Fyrst tenkte eg at den berre fotograferte dårleg, at den ikkje var fotogen for å seie det slik. (Slik det er med meg :) Men då eg redigerte bileta innsåg eg at det kanskje var litt meir enn det. Kanskje er det det at den har vore slik så lenge. Eg veit eg likar dårleg ommøblering og rot i systemet. Eg er ikkje fleskibel interiørmessig for å sei det slik. Og no gjekk eg på ein smell.



Eg trur et ei slik tvil over eigen smak fort kan oppstå etter eit par timar rundt omkring på både vakre og stilfulle bloggar, der det eine flotte interiøret avløyser det andre. Til slutt er det som om alle dei andre har hus som er lik summen av alt det flotte ein har sett..og så vert det så skrekkeleg kjedeleg heime.



Så konklusjonen min i dag vert slik, stand by your stova og bruke resten av veka på å fundera på om det er noko lite investeringstungt som kan gjerast for å få litt forandring frå kvardagen....

tirsdag 2. november 2010

Novem-ber

Eg har vorte utfordra. Eit dikt om november. Sigrid har utfordra oss til å setje November på kartet. Eg trur tanken bak var at det skulle gjere oss gladare i, og merksamde på, denne litt bortgøymde og flatklemde månaden før jul.



Før då tida stod stille lenge om gongen. Før, då eit år var eit år. Då var november ein månad for ro, arbeid, ettertanke og kanskje litt melankoli. Då ein skaut hjorten og røykte kjøtet sjølv. Eller sauene for den del. Før, då lutefisken var so tørr som kikhoste og årsgårdsreia hadde vit til å vente til jul. Då var november, november. Sterk og vid, nokon gonger kvit og nokon gonger grøn.



No. No når dagane fer som ville hestar over prærien. No når julekjolane er utselde i august, for ikkje å snakke om Walters Zinkhus...No, når ein syng vårens pris i januar og jula kjem i hus i oktober. No trur eg November kjem til kort. No er november liten og smal, og alltid raud. Skal han reddast må han reddast fort. Og det er det berre me som kan....



Som merksame har lagt merke til har eg prata meg langt vekk frå utfordinga. Og desverre. Eg kvir meg. Eg vart heilt svimeslegen av all den kreativitet som velta utover bloggverda, trigga av berre denne blå månaden. Fleire var nongalante der dei utbasunert kor lite tid dei faktisk hadde brukt på kreasjonane, som for å skrema livet tå andre stakkarar. Og da virka :) Eg måtte ha hjelp av større menn enn da eg fann rundt om i huset...

Novem-ber

Novem-ber med den kvite himmel
Novem-ber med dei gråblå skyer
Novem-ber i den bleike sol.

Dette er altså tida
Dette er altså seinhaustkvia

Ein regndråpe!

Novem-ber med walters zinkhus
Novem-ber med tusen tallerkenhyllelys
Novem-ber i julebloggerus

Dette er altså tida
Dette er altså førjulsria

Dei gråblå skyene har samla seg, sola har forvunne

Novem-ber med regn og slaps
Novem-ber med peis og snaps
Novem-ber med dei livredde grisa

Nå snojar det frå skyene, peparkakemenn!

Novem-ber, novem-ber..
Eg har vist komme feil
her er so desember....

Fritt etter Obstfelder.

mandag 1. november 2010

Fylla har skylda....

Nei sjølvsagt ikkje, berre eg som varmar opp til stoveinnlegget i månadens NIB-utfordring....