mandag 20. september 2010

Takk!

Tusen takk, Sigrid for ei nydeleg gåve.




Ingenting er so kjekt som ei pakke i posten!

søndag 19. september 2010

Modelloppdrag og lesestoff

I dag fekk Frk. ZikkZakk vere modell i illustrasjonsfoto for haust. Hausten med det kjølege lyset og småfrostige lufta. Snart skal eg fyre i ovnen og trekkje meg ein kopp te. Og ikkje lese i interiørblada som ikkje har kome i posten.



Nokre andre som også opplever at blader ein abonnerer på.. ligg og smekta seg i butikkhyllene vekesvis før de får dei i posten?



Eg trudde at meininga med abonnement var at ein skulle få blada samtidig som dei kom i butikkane...? Kan det vere posten her i Hakkadalen?



Uansett var det vanskeleg å halde seg når eg såg dei liggje på rekkje og rad i butikkane i bydn... men dumt å kjøpe same bladet to gonger.. so eg får klare meg med Kommunal Rapport i kveld...GUBBEVREMEGVEL!

lørdag 18. september 2010

Alt kler den smukke...

Sjelden har eg sett ein styggare plante inneha hovedsete i einkvar bomsterbutikk eg har vore inni i dag. Og nett for å ha sagt det, det var ikkje få...



Felles for alle blomsterbutikkdamene (og ja, det var berre damer som ville selje blomar, ingen BlosterFinn å oppdrive her på Vestlandet) var at dei visste lite om den. Berre at den brått og uventa hadde vorte skikkeleg poppis på interiørfronten. Og som den slaven eg er, og nysgjerrigper :) måtte eg ha ein. Vakker er den ikkje, kanskje heller litt trist... og for å behalde dette litt forblåste uttrykket... var oppskrifta enkel. Lite mat, nett som andre modellar. Om eg steller den fint, som frittgåande høns, skal den vistnok verte litt friskare og grønare i skrotten.



.... om nokon lurar heiter planten "Zickzackstrauch" eller "Corokia cotoneaster" og er opprinneleg frå New Zealand. No stranda på ei kistebord i Hakkadalen. God helg!

torsdag 16. september 2010

Torsdag og regn..



No er verkeleg kvardagen komen tilbake. Arbeid og regn. Og er det ein og anna fin dag innimellom, får eg det ikkje med meg der eg sit på kontoret og stirrar inni berget utanfor vindauga. Haust og ruskavèr... HERLEG!

tirsdag 14. september 2010

Frk. Panikk

her kjem mitt bidrag til Frk. Høstblomst hjå Moseplassen. Eg trudde eg hadde all verdas tid...plutseleg er klokka 23.58 og Frk. Panikk vert kasta i manesjen.



Frk. Panikk er som eigaren ikkje pur ung. Litt tynt i toppen og aldringsteikna har sett sine spor. Framleis litt vakker, og litt skremande. Ei peonvalmue på hell. Om ho er ein favoritt? Eg har so mange, men ho er klårt ein av dei.

mandag 13. september 2010

Kaosteori....



"I 1975 kom en fransk matematiker og forsker ved navn Benoit Mandelbrot med en ny måte å gjøre geometriske beregninger på. Han matet datamaskinen med fraktaler, tallrekker med nærmest uendelig mange kombinasjoner (som på sin måte simulerer et kaos). "



"Fraktale figurer viser at det finnes et mønster i kaoset.
De geometriske figurene som dannet seg hadde en overraskende helhetlig orden. Dette forbauset tilhengerne av kaosteori, og de var ikke sene om å adoptere funnene til å gjelde kaosteorien.
"



"En tolkning av disse funnene er at kaos fører til orden over tid. Selv om kaos forplanter seg og ekspanderer, vil et kaos med stort nok innhold gjøre at det dannes et helhetlig mønster i kaoset."

...Say no more! Det er berre å ha nok rot og nok tid, so går da seg tè!

søndag 12. september 2010

Litt hjelp?

Eg ynskjer meg noko so voldsomt desse glasa, lilla eller vanlege, men finn ingen oppegåande norske butikkar, hverken på landjorda eller på internetten som forhandlar dette merket. Dyrt nok som det er frå før, vert det urealistisk med tanke på frakt og toll..


Sjå meir her!

Nokon som har sett dei ein eller anna stad? Nokon som veit noko som eg ikkje veit? Noko som kan hjelpe?

Nokre kjekke damer eller menn med nettbutikk som likar det dei ser? Kanskje verte forhandlar? Eg vert garantert din fyrste kunde! :)

lørdag 11. september 2010

Planar for vinteren...

I dag kom hausten til oss også. Med hausten kom planane for vinteren. Eg kjenner meg voldsomt rik når eg tenkjer på alle dei lange mørke dagane som ligg og ventar, fulle av utfordrande oppgåver...for den som vil.



Det herlege er at høvene er so mange. Eg kan utdanne meg meir. Eg kan lære meg å fotografere og redigere, sånn skikkeleg. Eg kan lære meg å sy noko vakkert og "veti". Eg kunne lært meg fransk.... hadde eg likt franskmenn. Eg kan pusse opp eller ned heile andre etasje. Einaste aberet er at når dagane kjem, er dei allereie okkuperte av herlege kvardagssysler som fyller dei heilt til randen...

.. og det er rikdom det!

fredag 10. september 2010

God helg godtfolk!


onsdag 8. september 2010

Godt nytt

I dag fekk me godt nytt på arbeid. Me nådde eit mål me hadde arbeidd mot. Mange seige timar har vorten lagt ned og i dag fekk me lønn for strevet. Det viser at det nyttar å prøve, sjølv om det nokre gonger kan virke langt fram.



Eg feirar med blomar frå hagen...som vanleg :)

tirsdag 7. september 2010

Frisk fjelluft

Dei siste dagane har eg tilbrakt i skogen eller på fjellet. Vakrare haust skal ein leite lenge etter. Å finne kantareller og andre karameller der ute legg heller ingen demper på opplevingane :)




søndag 5. september 2010

Ja eg veit den er over..

og eg veit mangen av dykk planlegg jula alt. Nokre har vore på messer og sett på neste års saker og ting. Eg er enno att her..i restane av sumaren 2010.. Skål og god sundag!


lørdag 4. september 2010

Sleep Tight, Don't Let the Bedbugs Bite



Eg har vorte voldsomt imponert over bidraga i månadens utfordring frå NIB. Eg må få lov å bøya meg i støvet for dei utruleg flotte soveromma som nordmenn og kvinner kviler i kvar einaste natt. Me søv på eit "kontor" etter dei opprinnelege teikningane av huset. Det er so lite at det ikkje kan fotograferast frå noko vinkel og ein må ut for å skifte meining.



Rommet som var tiltenkt oss er no gjesterom og senga er ei 120 seng som eg og husbanden delte dei fyrste 3 åra. Bra for dei fleste forhold :) So mitt bidrag til konkurransen som eg feilaktig melde jenterommet på til er, altså rommet me eingong skal ta i bruk... når husbonden vil vere med.. ein etage ned...


Arkivskåpet arva me etter ei eksentrisk lærarinna som kasta alt ho åtte for å fare til Toronto. Det er so tungt at det trengs 4 mann for å flytte det. Og sidan eg berre har ein...vert det ståande der det står.

fredag 3. september 2010

Svipptur..

Sommaren kom innom ein svipptur i dag. Dei seie den skal vere her nokre dagar til. Det er nesten som ein ikkje heilt kan tru det.





Samstundes har ein gamal kjenning vore på besøk tre netter på rad og forsynt seg med både georginer, syrinhortensia, roser og storknebb... forhåpentlegvis ligg den i ein av dei andre stolane...te neste sommar... hjorteskinn...sikker inn..

onsdag 1. september 2010

Gullars vs. Prince Michael



Skogens gull, kantarellen, eller Gullars som eg kallar han, er ein kjekk og sosial kar. Veks fargerik og sosial, i små grupper, helst langs allfarvei. Lett og sjå, lett og finne og velsmakande sjølvsagt. Konkurrenten er heilt motsett. Svart trompetsopp, eller Prince Michael. Sjelden, sky, svart på innsia og bleik på utsida der den gøymer seg mellom visna blad og gamal skog. Nesten umogeleg å finne.



Den veks på ulike stader år for år her hjå oss. Nokre år er den her, andre finn eg ingen. Eg har heilt gjeve opp å forstå denne soppen. Berre vert veldig glad når eg ein og anna gong finn han.



.. i dag fann eg han! :) To flotte soppar som på kvar sitt vis gjer september til ein av dei beste månadane i året.