Eg er slik litt betatt av paradisepler. Eg tykkjer dei er svært vakre. Desverre står ikkje smaken heilt i stil. Dei er sure som få og det er ikkje lett å finne områder å bruke dei som passar til syrlegdommen. Eg har alt laga dram og gelè, noko dei passar særs godt til. I dag ville eg utfordre meg med å lage ein dessert.
For å søte epla litt opp koka eg ein sukkerlake på sitronsaft, sukker og honning og ei kanelstang. Dette let eg epla trekkje i i ca. 1 time. Så la eg dei på ferdigkjøpt butterdeig saman med kanel, perlesukker og hakka mandla. I botnen la eg litt vaniljekrem.
Steikt i ovenen på 2oo grader eit bel og desserten kunne serverast med is. Sakna ein eller anna smak, og etter god eit råd, koka eg sukkerlaken inn til sirup og serverte til. Herleg!
Eg vil heilt klart ha med eit paradisepletre i hagen! Nokon som veit korles eg skal få det til?