søndag 25. september 2011

Førebuing til fest....

Tenk at eg måtte verta øve førti år før eg forstod kor lett det kunne vera å setje ned lauk om hausten.

 
 

I alle desse åra eg har sett ned lauk, har eg sett på " løkjern" i butikkane og tenkt at det var ein særdeles unyttig og til dels uforståeleg reiskap. Grave kunne eg no gjere med ei hagespade like lett. Noko som har resultert i at mine lauk, grunna mykje sand og stein i jorda, har velta seg rundt i overflata og frøse seg til daude i løpet av vinteren. I år kjøpte eg meg eit løkjern for å sjå om det faktisk kunne vere te nytte og har bittert innsett at eg har kjefta og sukka heilt unødvendig alle tidlegare år.

  

So enkelt og so lett. No er vårfesten i boks!

God sundag!

8 kommentarer:

  1. Bloggen din er topp!
    Så lurt :-)
    Og du seier du ikkje får gjort noko? ;-)

    -søndagsklem-

    SvarSlett
  2. Gleder meg til vårfesten, håper på å få bli med på et fargerikt skue....

    SvarSlett
  3. Takk for tipset! Det er vel tida for slikt nå - og siden ingen av løkene som ligger i jorda produserer annet enn tulipanblad, så får en vel freiste å sette nye løker :)

    God søndag!

    SvarSlett
  4. Hm! Kanskje eg må prøve eit løkjern eg òg, då! Fungerer den på plenen, skal tru? Tenkte å få ned nokre løk under den japanske lønna vår...

    Fortsatt god søndag!

    SvarSlett
  5. Eg har i alle år tenkt same tanke. Men kanskje det har noko for seg. Eg får dra til Plantasjen og kjøpe både nye løker og løkjern. For tulipaner må eg ha. Det vert nokre nye kvart år. Dei som allerede er i jorda kjem aldri oppatt like fine. Gler meg alt til våren 2012.

    SvarSlett
  6. Var og kjøpte krokus og pinseliljer her om dagen og tenkte at det vil no bli litt arbeid å sette dei ned....men no trur eg at eg skal kjøpe meg eit slikt jarn og enda fleire løkar:-))

    jannetove

    SvarSlett
  7. Å! Genialt! :) Elskar bloggen din ♥ Den festen håpar eg at du tar oss med på ;) Lauk ligg klar her heime òg, men no ser eg jo at eg må til innkjøp av denne geniale reiskapen eg og! Hihi. Kjekt med gode råd :D Klem Lina

    SvarSlett
  8. Viktig å ordne med vårfesten!!! Da er det bare å glede seg, da!:O))

    Marte

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.