I hjelpalaus forvilling levde eg øve eit halvt liv og trudde at denne dama, Storknebben, vart kalla Jonsokblom. Og sidan jonsok stod for alt som var ungt og levande, overførte eg desse eigenskapande til denne blomen. Lange vakne sumarnetter, berføt i graset, fjørlette gardine, flortynne kjolar, forelsking og lidenskap. Det må nevnast at den blømer her hjå oss samstundes som Jonsokblomen, eller Silene dioica frå Snellefamilien.
Den blømer altso rikt midt på beste somaren. Når alt er irrgrønt og levande. Kvart einaste år har denne blomen klart å få meg til å minnes farne tider. Henta fram kjensla eg hadde som purt ungt menneske i verda. Ungdommen som har heile livet framfor seg, med allverdas høve til å verte nett det ein vil. Der eit hav av tid ligg og berre ventar på å verte teken i bruk, nett som den nye flortynne sommarkjolen som heng og leikar seg i sommarvinden....
For kvart år som går vert det tyngre og tyngre å minnas nett den kjensla av rikdom, rikdommen som berre dei unge har. Banken full av tid... men Storknebben reddar meg kvart år. Eg må berre passe på å rulle meg godt ned i det doggvåte graset, slik at graset vert heilt flatt og grønska sit i vekesvis... ;)
Blomen er ein av mine klåre favorittar og eg har kjøpt det eg kjem øve av staudar til hagen i nettopp denne familien. I tillegg har ei rot vassekte villblome, lista seg opp i eit av bedda mine og veks seg stor kvart år på herleg kukompost og hønsamøk. Takka eg får er eit hav av blomer...
Frk. Ung og Lovande...til Moseplassen sin Frk. Lilla komp...
..om de lurar på den kvite varianten lengre oppe..så har den vakse i hjortamøk, og då vert den visst slik...

Det er ikke enkelt med disse norske navnene, jeg har vokst opp med å kalle denne sankthansblomst.
SvarSlettMen skjønn er hun, og en flott deltager til konkurransen. Supert at du er med også denne runden!
Nydelig sommerblomst, og flotte bilder! :)
SvarSlettLykke til!
Elsker denne blomsten! En av de beste tingene med å ha flyttet hjem til nordnorge igjen er alle de herlige blomstene som vokser vilt over alt!
SvarSlettDet er lykke å fylle en vase med blomster man har plukket selv etter 12 år i hovedstaden :)
Vakker er blomsten!
SvarSlettFlotte bilder du har tatt:)
Du tar bare så utrolig vakre bilder!
SvarSlettVeldig fin! Jeg har også gode minner om denne blomsten fra barndommen, den var fast innslag i alle buketter som ble tatt med hjem til mor:)
SvarSlettDu traff noe i meg med disse vakre bildene, og teksten. Nydelig! (Måtte dele deg med Facebooken min) :)
SvarSlettEg liker også denne plantefamilien. Nydlege bilete du viser. Stemninga minner om sommer... så kjem den vel snart ? Go`helg.
SvarSlettI like your blog))))!
SvarSlettWonderful flowers and photo- pictures! Thank you for a bright and pleasant mood=))!
Yulya.
Så fiiiiine bilder! Veldig fin krans og koselig med mugga på kommoden:-) God helg til deg!
SvarSlett