Lenge låg vel fedrelandet
under framand hand.
Bunde fast av trælebandet -
knytt kring dal og strand.
Såre lagnad folket kjende
i dei tunge år.
Men i folkesjela brende
bøn om fridoms vår.

Våren kom med fryd og fagnad,
ein mai-morgon blid.
Over Norges land det dagna -
atter vart me fri!
Difor elskar me og landet -
med fjord og fjell og strand.
Takkar Gud og dei som vann det
utor fiendhand.

Fritt er landet - våren strøymer,
kringom bygd og by.
Alt det såre no me gløymer, -
her me leva vil og yrke
trutt på kvar vår stad.
Og i skule, heim og kyrkje -
syngje våre kvad.

Ja me elskar fedrelandet
idag som aldri før.
Og me knyter broderbandet
og kvarandre spør:
Om påny vårt land vert herja -
av ei framand hand, -
vil du vera med å verja
dette fagre land? -

Svaret kjem frå tusund munnar -
kringom dal og strand.
Og frå inste hjertegrunnar
stig ein fridomsbrand.
Me vil vera med å tryggje
fred, og lukka sann.
Meir enn gjerne bu og byggje -
i vårt kjære land.
Bj. A
..og so må me berre gratulera Alexander Rybak med den store sigeren...;)