søndag 5. april 2009

Velkommen vår

Atter må vinteren røme.
Gje seg han laut og i år.
Atter ein gong ser eg bløme,
ein herleg og solfager vår.
Atter skal ljos over landet,
strøyme kring dalar og strand.
Våren sin mildnande ande,
livsgneisten tendrar i brand.



Storelva strøymer i dalen.
Bekkjene sildrar i lid.
Storfossen brumlande galen,
murrar, han er ikkje blid.
Hei, no skal snøen kvart grande,
smeltast og sopast på dør.
Våren med sol over landet
er komen med vind ifrå sør.



Fuglane glade dei kvitrar,
tonane trillar og skjelv.
Livsgleda bårar og sitrar,
stig imot himmelens kvelv.
Blomane stend no og lyser,
fagert kring bakkar og hall.
- herlege vårvon dei hyser -
om jorda ho enno er kald.



Sjølv får eg hug til å tralle -
tolke mi glede i song.
Omkapp med småfuglane svalle,
nynne av djupaste trong.
Takke for godvarme dagar,
Snart me solsommar får.
No alt seg lysare lagar
- Sælt syng det no er det vår.



B.A.

...og i morgon er det arbeid.....;)

4 kommentarer:

  1. Hei !
    Je får hug til å tralle litt sjøl, je !
    N¨er det i allefall helt riktig at jeg har mer snø enn deg ! her er det fortsatt en halvmeterpå plena... Hm...Hmrpf !

    SvarSlett
  2. Takk for vakkert dikt og flotte bilder fra åren hos deg!

    Som Julie sier; også her er det en ahlvmeter igjen men den minsker for hver dag og det er såååå delig!!!!

    Ha ei flott uke, skal på jobb selv et par dager men så blir det fri!

    SvarSlett
  3. JA, våren er HJERTELIG velkommen! Flott dikt!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.