onsdag 17. september 2008

Menneske og biografiar

For lenge sidan skreiv eg i ein presenstasjon at alle menneske burde få si eiga bok. Sin eigen biografi. Når eg no sit her 10 år seinare og ser alle som har fått si eiga bok, må eg smile litt for meg sjølv. Det er i dag mogeleg for meg å sitje her på loftet og besøkje tusenvis av heimar rindt omkring i verda, og lese om hendingar, små og store frå deira liv. Eg tykkjer det er bra. Eg likar menneske. Eg tykkjer slike bøk er kjekkare enn alle eg kan låne på biblioteket. Eg dett heilt ut or mitt liv, medan eg surfar i dykkar.

Kvaliteten på desse bøkene er nok litt varierande, ikkje fordi kvaliteten på forfattarane er det, men på grunn av kvaliteten på forfattarskapet. Noko som er noko heilt anna. Nokre bøk fengslar meg meir enn andre. Enten fordi dei liknar meg, eller fordi dei ikkje liknar meg. Nokre misunnar eg alt det vakre dei omgjev seg med. Nokre misunnar eg lukka eg kan lesa mellom linjene. Alle har noko. Nokre kjempar for å "verte noko" i denne verda av bigrafiar. Nokre ser på blogginga som ein eller anna eksamen i interiør, eller kokekunst. Nokre er berre seg sjølv.


Eg les og ser, eg grin og eg ler.

4 kommentarer:

  1. Hei og takk for hyggelig kommentar...fine bilder på bloggen din! :)
    Ser du også har vært heldig å fått deg en award, graturlere!
    *Siren*

    SvarSlett
  2. No har eg prøvd å komponere ein velformulert kommentar til eit godt innlegg, men etter ein lang dag med jobb, henting, bringing, middagslaging, oppvask, legging etc etc klarar eg det berre ikkje... Og det var min biografi for i dag.

    SvarSlett
  3. !
    !
    !
    Dette var VELDIG bra skrive! Som eg skulle sagt det sjølv, berre at det var du som måtte formulere og formidle det:) Takk!
    Kjempefine bilete også forresten:)

    Så var det dette med award/pris/utmerknad:
    Du kan velge sjølv kor mange du vil gi til, dersom det ikkje står noko anna (nokre har reglar for kor det skal gjerast har eg sett)
    Eg er ganske ny her inne sjølv, så eg er ikkje heilt stø på dette med koblingar o.l.

    SvarSlett
  4. Hei på deg!
    BRA innlegg! Ja, er det ikke rart hvordan det ene fenger, mens det andre kanskje fenger ENDA mer, eller LITT mindre?
    Egentlig så blir man ganske så godt kjent med folk her i bloggeverden......i allefall med de som ikke er oppe til eksamen :-)

    Takk for hyggelig kommentar hos meg. Det varmet.
    Om du finner noe om fargekurset på nett, er jeg litt usikker på. Dama vil nok tjene penger, så jeg er redd du må oppsøke henne >.-). Men det er linket til hjemmesiden hennes i inllegget mitt og jeg har registrert at der finnes stikkordsvis beskrivelse av de ulike fargene :-). Det er mange som spør, så kanskje jeg skal ta for meg farge for farge fremover.... Vi får se hvor godt tiden strekker til.

    Ha en innholdsrik dag.

    Klem Torunn

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.