lørdag 25. mai 2013

Laurdag

   
     

I dag har me vore i hagen og prøvd å redda ein daud plen. Isbrann har øydelagt alt gras i hagen. Nesten alle staudane er også borte. Litt bobler i glaset hjelper på motlausa. Ein månad fram og sommaren vert fargerik og grøn i år og.

fredag 24. mai 2013

Silkemjukt


Dagane går .....
og eg les at om eg søv på silke so vert eg slik....
silkemjuk eg og..


Og eg tenkje at om nåke e for godt te å vera sant, so e da som oftast da...
..men ein veit jo aldri...
..so no har eg kjøpt meg silke og sateng...
..kan vera  eg faktisk har arva ein prins i Nigeria og..

NB! Bildene er frå i fjor, i år er alt brunt enno

torsdag 23. mai 2013

Strutsefakte..

  

Kvar gong eg går litt sakte rundt i huset, ser eg alt eg kunne tenkt meg å gjere noko med og det eg burde gjere noko med. Planar skortar det ikkje på. Men når det kjem til utførselen so svimlar eg berre etter ein enkel golvvask. Kor i all verda skal eg orka å mala og ominreia fleire rom?
So eg held meg for det meste der eg har ingen oppussingsplana..
..i hagen..
og har bytt ut interiørmagasina
med Wordfued...




onsdag 22. mai 2013

R I P Labben






No er me sikre, han er borte for alltid. Sidan de blogglesarar har vore med på Labben sitt korte men nokså herlege og frie liv får de eit siste glimt av han her i dag. Han forsvann for snart 2 månadar sidan, før vinteren let plass for våren. Forhåpentleg vis fekk han ein heroisk død i møte med naturen. Han var ein kanin med personlegdom og er sakna av alle.. løye då eg eigentleg ikkje lika tanken på å få ein kanin, men gav etter for ungamaset. Han vart min følgesvenn, då ungane si interessa dabba av..slik det nok ofte vert med kjæledyr i mange heimar...


tirsdag 21. mai 2013

God tirsdag




mandag 20. mai 2013

Sola


 

For ei helg! For eit ver!


Vinteren har fare illa med hagen vår. Til og med plenen har daua. Ei full trillebår med daude roser og tomme bedd der ingen staudar har overlevd har gjort meg litt motlaus i dag. Men sidan veret har vore so flott, so får ein no heller tåle litt motgong på hagefronten. Ikkje mykje som sler S O L.
God ny veke!

søndag 19. mai 2013

Hakkadalen i mai


lørdag 18. mai 2013

Ein dag i mai

   
   

fredag 17. mai 2013

Gratulera med overstått...



I år vart da bunad på underteikna. Min eigen var av uforståelege grunna ikkje heilt passeleg, så dagens variant bestod av litt ulikt frå andre stolte kvinner i slekta.

 

Da gjekk ikkje lenge før heile stasen gjekk i oppløysing grunna stort press på essensielle konstuksjona. Kort sagt rauk feste til beltespenna. Da vart det ei heller kort feststund i festplagget. Betre lukka neste år tenkjer no eg, for då må me nok heilt sikkert sy heile stasen inn med kanskje opptil fleire millimeter totalt...tenkje eg...

torsdag 16. mai 2013

..veret...



Dei seie at når ein ikkje har meir å snakka om, då snakkar ein om veret...
Her over bilder frå 15 mai i 2011


2012


og 2013... i rest my case...

onsdag 15. mai 2013

Du store verda



 

...korleis livet kan komme kasta øve eit stakkars skinn so berre sat her og venta på våren.. Våren kom og livet eksploderte med den, i tusen ting som skulle vore gjort og som må gjeras....te og med ferie vert ein stressfaktor som må passast inn i kaoset...


Og eg er sikkert ikkje den einaste som har det slik. Skal likevel prøve å få tid til litt kaffi i solveggen og lytte litt på humlesumming og fuglesong. Me har no berre eitt liv og da e viktig å bruka da godt. Og så kom kommoden min i NIB-galleriet. Du store verda, kor kjekt!


tirsdag 14. mai 2013






søndag 12. mai 2013

Hjortesnadder


Då eg kom for å plukka kvitveisane eg hadde lete ste att sist, var dei alle borte. Som den detektiven eg no er so leita eg etter ledetråa på kven da kunne vere som so frekt hadde forsynt seg rett or hagen min.
Da tok ikkje so lang tid før eg fann iallefall ein av syndarane..
Han hadde klauver og var brun i pelsen...

Kom mai...


 

lørdag 11. mai 2013

Våren på veg?



 

Som de ser er snjoen borte og det er flott framgong tenkjer no eg :D
Om nokre veker er alt grønt igjen...O`lykke!