tirsdag 19. mars 2013

Friluftskaninen



Fø deko som lurte so er Labben framleis i livet. Han lever ute og har det flott. Fri som fuglen og nokre gonger trur eg han trur han er ein, der han sit midt blandt dei og et fuglefrø.
Som sikkert flere av dykk gjer, ventar han på eit skikkeleg interiørinnlegg på denne bloggen..... :D

mandag 18. mars 2013

Sol inne..



 Det grønskast herleg i galshuset. Ute har me snjo og vinter, men inne..inne er det sol og vår :D

søndag 17. mars 2013

Påskepynt



Ein måte å pynte egg på. Dekopasjelim og ein favorittserviett. Eg er ikkje klar til påske enno, da e so gale at eg må henta bilder frå i fjor. Men eg er i siget og eg leitar ute i bloggar etter inspirasjon. Mykje fint å finne der.
Kor er de med dykk, klare for abelsiner og kvikk lunsj?

Ei god helg


 

 Laurdagen var eg på livsyoga/male-fest. 
Kjekt med ei slik spa-helg fø da på innsio.

fredag 15. mars 2013

Å sy litt


Med sola og lyset kjem og lyst til å sy litt. Eg ser rundt i bloggverda utruleg mange flotte stoffer og syprosjekt. Eg må innrømma at eg ikkje har så mange syprosjekt å vere stolt øve. Eg har mange syprosjekt da e ikkje da, men eg har ein tendens te å velga minste motstands veg. Og då vert resultata umiskjenneleg "heimasydde". Desverre plagar det meg ikkje nok til å forbetre meg på noko vis..  :D

God fredag!

torsdag 14. mars 2013

Lys og farge


Lite gjer meg so lukkeleg so rikeleg med lys, og godt med farge...sånn mest i interiøret då..




onsdag 13. mars 2013

To små steg fram og eitt digert tebakars


I dag har eg hatt fri. So då måtte eg male litt tenkte eg. Fyrst malte eg kjøkkenbordet lysegrønt. So sa dotra at ho heller ville eta på golvet før ho åt på da lysegrøna bordet. Tiraden kom akkompagnert med " Du gjer no alltid nett so du vil med interiør og sånn, du spør aldri om me syns da e greitt!!!

So va da berre å mala da kvitt og visa at eg høyrde etter. Men etter ei stund viste da seg at malinga berre flassa av. So måtte eg fjerna den. Riva av 4 lag maling....og vips etter 9 tima var eg tilbake til utgangspunktet...sånn gjekk den dagen...

Koppane på bildet har ingenting med detta å gjera. Dei har eg arva og dei er eg veldig glad i.

tirsdag 12. mars 2013

Heitt


No går me inn i ein lengre kuldeperiode seie meteorologane. Trøysteslaust fø oss so vil ha vår.

  "Alt som er vakkert" har eit mandagstema denne veka som går på varme. Da va godt. So no har eg leita etter varme bilder. Ikkje lett å finna når ein har busett seg i Noreg. Eg måtte heilt til Sienna i Italia fø å finna øve 40 varmegrader. Tutto på bildet her slit i heile 44 raude... herleg!!!!

Februarrapsodi

   
   
    

Eg hadde nesten gløymd å oppsummere februar, kanskje fordi den er så kort, så kort...
Eg vil og takke for alle fine ord frå dykk lesarar, ynskje velkommen alle nye følgarar og sende ein spesiel takk til herlege SignePling for den fine framsnakkinga ho gjorde i går.

You make my day!

mandag 11. mars 2013

Ein dag i glashuset


I går for resten av familien på ski og øvelet meg te livet i drivhuset. Bortsett frå at det er litt einsamt der ein heil dag, kan eg vel ellers ikkje klaga. Da spøkje litt for framtida til blomane der ute sidan me skriv minus 14 grader om natta og den kulda er det litt vanskeleg å halde ute i eit uisolert hus. Heldigvis kjem sola om morgonen og varmar rikeleg.


Uansett må ein sei seg takknemleg kvar dag sola skin og varmar litt i bakken.
God mandag!

søndag 10. mars 2013

Eg vinglar vidare..


..på den smale sti, eller den gale... Sidan eg ikkje har noko i grønt måtte eg lage meg noko. Fekk ei hylla far min har snikra i fordums tid og blanda meg fram via 5 ulike interiørmalingsboksa for å kome fram til ein farge som nesten var det eg skulle ha. Eg har innsett at alle mine malingsboksar og alle mine tekstilar går i kalde fargar. Då er det ikkje lett å finne "varme fargeelement" slik ute på landet, langt frå fargerike Fargerike og Stoff og Stil...

 

So litt restestoff på gamle blikkboksar vart dagens løysing. Denne "eg-gjer-det-sjølv" gjorde godt kjende eg, skapargleda kom sniknades tebake etter den litt tunge starten på året i år. Kan nesten ikkje vente på å få kome meg til byen og kjøpe maling og fargerike stoff...
Hylla fekk sjølvsagt plass i glashuset...

lørdag 9. mars 2013

I fjor på denne tida

blogga eg dette...

Eg er so forelska....i sweet paul sine magasin. Eg har lenge sete på internetten og stønna og okka meg øve dei flotte magasina hans og i dag gjekk eg til innkjøp av KK berre for å få eit printa eksemplar....

 

Sidan våren enno let vente på seg her, får eg nyte det i bladet i staden .... Nydeleg mat, vanvittig flott lys, herlege stemingar og vår i store og saftige dosar. Tek tankane fort bort frå storm og regn og influensa som herjar  her for tida.

 

2013: Influensa ol. har me sluppe billeg frå i år...bank i tre...og forelskinga har roa seg litt... men hjelpes meg kor vakkert det er når folk tek seg tid til å style og presentere mat og slikt.. på ein slik måte som berre han kan...

fredag 8. mars 2013

Grøn



 


I heile går tenkte eg berre på at eg må male noko i denne fargen. Grøn har aldri heilt vore meg, no er denne fargen det einaste eg vil ha. Lurar på om eg har låge blodlagre eller manglar nokre vitaminar kanskje...



torsdag 7. mars 2013

Eit lite tilbakeblikk

Hald deko fast for her kjem eit langt innlegg. Dette er historia te glashuset vårt.


   

Det starta vinteren 2010. Eg såg vindauger verte skifta ut i eit eldre våningshus i dalen. Dei var beint for flotte til å kassera.

Det tok si tid å skaffe bil og folk som kunne hjelpe meg å transportere dei store glasa heim te gards. Eg fekk far min med ein tidleg vårdag i 2011, saman fekk me dei glasa som kunne brukast  med heim. Glasa hadde lege ute snart i eit år og kvaliteten var so som so.

   

Ein skulle vel eigentleg tru at herifrå burde det vere grei skuring. Men nei, glasa fekk pryde innkjørsla vår ein vår, ein sommar og ein halv haust. Etter mykje mas og gnål fekk eg karane (far og mann) med på å setje glasa på lekasteinane me også hadde fått heim.

   

..før vinteren kom fekk me også eit provisorisk tak på plass. Da gjeld å halde fast på draumen og leggje filter øve augene når ein såg på det det heller skabbete byggverket so lente seg mot huset vårt ein heil kald vinter...eg veit ikkje kva dei sa på bygda, men eg har ei lita aning...

   

So kom våren og draumen vart endå sterkare. Eg rigga meg til i den kalde vårsola og let draumen leva.

 

So kom mars og karane stilte opp og huset vart så godt som ferdigstilt. Ungane hjelpte til mot rikeleg med truslar og god betaling :D

   

...og slik eit og eit halv år etter at prosjektet starta, var me så godt som i mål....

    
    
    

...da va verkeleg eit GDS-prosjekt for heile familien der alt utanom lekaen er resirkulert!.. og den harde sanning..at utan mannfolk hadde det aldri gje...