Plutseleg var inspirasjonen til å blogge litt tørka vekk. Eg lika ikkje det eg såg då eg skrolla meg nedover på eigen blogg. Kjedeleg..og eg tenkte litt på kva bloggar eg likar best å besøke...og jau eg må innrømme det, eg likar best dei som byr på seg sjølv. Dei som lagar litt støy, som ikkje er heilt A4 og flink pike..
Det er ikkje sikkert at andre har det slik, men for meg har eg i det siste kjeda meg både på eigen og andre sine bloggar. Syns mykje er vorte så likt, so einsarta. Hjå meg og, likt det eg gjorde i går..i fjor...
Eg har og kjent på kjøpepresset, irritert meg over interiørsnobberiet og følt meg som ein stakkars tosk her inne i Hakkadalen....og eg har prøv å heva meg over grunnen til slikt... mi eiga kjensla av å vera utilstrekkeleg og uinteressant....
Dottra i huset ser med store auge på TRINNY & SUSANNAH og truar dagstøtt med å melde den kjedlege mora si på... kanskje da burde vore ei Trinny og Susannah for bloggarar...som kunne lære oss å verte glad i den blogg som vi har, å finne vårt eige geniune uttrykk og stå for den me eigentleg er. .. dar skulle eg gjerne ha meld meg på....
No må eg få sei at dei fleste bloggane eg besøke held ein høg standar på alle desse områda...og kanskje er det berre eg som virrar litt rundt utan heilt å finne min eigen stil...eller stemme... og då naturlegvis vurderer å leggje hele skabberakjer ned, sånn før eg tek til vit og hugsar på kor kjekt det trass alt er..