Eg har tidlegare skrive nokre ord om "kjøpetrangen" som føl med det å eksistere i interiørbloggeverda.(forrige innlegg) Eg har vore veldig klar over den og litt på vakt øvefø den. Når heimen ser ut som den kjem rett ut frå eit interiørblad ( skjønt mange bloggeheimar har nok og vore der..i interiørblada :D ) med det "aller siste", bør ein kanskje vere litt på vakt. Men det er ikkje lett. For ting som kjem er jo veldig fine, eller dei vert det..og forandring fryder eller var det ikkje så?
Då manokoppane kom tykte eg dei var stygge og at eg aldri i verda skulle kjøpe meg slike. Eigentleg likar eg dei ikkje heilt enno, men i eit svakt øyeblikk kjende eg på at eg kanskje kom til å verte pittelitt lukkelegare om eg eigde eit par av dei.
Og heilt utan at eg heilt fekk det med meg, var dei nedest i påsen ein dag eg hadde vore på handel. Eg likar ikkje å drikke av dei, men må vel innrømme at som små vasar var dei heilt herlege og er veldig glad eg kjøpte dei...
No er no mano snart litt ut og geometriske mønster er inn, men er det er no slik at eg ikkje på noko vis kan fordra harlekimmønstra som er på veg..eller romber det heitte då me sydde dei i patchwork eingong på åttitalet... ofseleg stygt syns eg i dag... men i måro, i måro er på nytt ein anna dag....

















































