I dag vert det ingen sukkertøy og lade. I dag er eg skuffa....øve folk. Men ikkje verre enn at eg øveleve. Og vaknar opp litt meir skeptisk i morgon enn eg va i dag. Og da va'kje lite....
...godt nytt...I alle fall her. Dagane er travle og prosjekt i heimen står på vent. Og i ventetida lurar eg på eigentleg kor viktig eg tykkje dei er. Å hurle på i heimen og aldri ha tid til å setje seg ned...med ei bok ....eller eit brettspel med ungane...
Faktisk har eg kome til at ein kan bale seg heilt i badl med hus og heim, og gløyme det ein verkeleg vil angre på at ein aldri gjorde... kva er vel ein fondvegg mot late ettarmiddagar med ungane, eller ein Jieldé-lampe eller ein Eames stol mot ein familekinodag i byd'n? (sjølv om eg.... ein dag.... skal grina meg tè.... ein Jieldé....)
I dag har eg sådd. Sjølv om snjoen enno herjar landet, er det ikkje lenge att før me kan plante ut førkultiverte blomar i bedda. Eg veit at eg er sein, mange sådde for lenge sidan.
Frøa i medisinflaska er dei dyrebare peonvalmuefrøa fråfjorårets flottaste beddplante. No er det berre å vatne og vente....
....isweet paul sine magasin. Eg har lenge sete på internetten og stønna og okka meg øve dei flotte magasina hans og i dag gjekk eg til innkjøp av KK berre for å få eit printa eksemplar....
Sidan våren enno let vente på seg her, får eg nyte det i bladet i staden .... Nydeleg mat, vanvittig flott lys, herlege stemingar og vår i store og saftige dosar. Tek tankane fort bort frå storm og regn og influensa som herjar her for tida.
Da e skremande å gje seg inn på slike utgreiinga om seg sjølv. Fyst vert eg redd at eg ikkje skal finna noko når eg leita.
So tenkje eg kanskje at da e fø lite interiør og for mykje "hva man gjør". Men so finn eg nåke, ein tråd, og tråden den er raud.
Me snakka bloma, sjølvsagt, me snakka reint og rotete enkelt, me snakka pittelitt blonda og mykje skrot. Me snakka mykje meir farga enn eg hadde trudd. Da è "more is more", evna til å begrensa seg er heilt fråverande, i allefall i bildematerialet. Da è oftast sol og sommar, med flagrande gardine i sommarbrisen. Og mest av alt, ein prikk med raudt og litt lyseblått. Då e livet godt!
Da va i korte trekk meg...på omgjevnadsfronten....og de må hugsa at bileta kan klikkast på for betre innsyn eller utsyn.