onsdag 14. mars 2012

Inside out...

..upside down...

 

I dag vert det ingen sukkertøy og lade. I dag er eg skuffa....øve folk. Men ikkje verre enn at eg øveleve. Og vaknar opp litt meir skeptisk i morgon enn eg va i dag. Og da va'kje lite....

tirsdag 13. mars 2012

Nokre gongar er gammalt nytt..

...godt nytt...I alle fall her. Dagane er travle og prosjekt i heimen står på vent. Og i ventetida lurar eg på eigentleg kor viktig eg tykkje dei er. Å hurle på i heimen og aldri ha tid til å setje seg ned...med ei bok ....eller eit brettspel med ungane...

 

Faktisk har eg kome til at ein kan bale seg heilt i badl med hus og heim, og gløyme det ein verkeleg vil angre på at ein aldri gjorde... kva er vel ein fondvegg mot late ettarmiddagar med ungane, eller ein Jieldé-lampe eller ein Eames stol mot ein familekinodag i byd'n? (sjølv om eg.... ein dag.... skal grina meg tè.... ein Jieldé....)

søndag 11. mars 2012

Såing...

I dag har eg sådd. Sjølv om snjoen enno herjar landet, er det ikkje lenge att før me kan plante ut førkultiverte blomar i bedda. Eg veit at eg er sein, mange sådde for lenge sidan.

        
Frøa i medisinflaska er dei dyrebare peonvalmuefrøa frå fjorårets flottaste beddplante.
No er det berre å vatne og vente....

Eg er so forelska...

....i sweet paul sine magasin. Eg har lenge sete på internetten og stønna og okka meg øve dei flotte magasina hans og i dag gjekk eg til innkjøp av KK berre for å få eit printa eksemplar....

 

Sidan våren enno let vente på seg her, får eg nyte det i bladet i staden .... Nydeleg mat, vanvittig flott lys, herlege stemingar og vår i store og saftige dosar. Tek tankane fort bort frå storm og regn og influensa som herjar  her for tida.

 

Ynskjer dykk alle ein vårleg laurdag!

onsdag 7. mars 2012

...litt syrleg forfriskning...

..kan me vel alle ha litt godt av..

..ikkje alle vil ha vår..


 


mandag 5. mars 2012

Her è eg!

NIB utfordrar sjølvbildet i mars.

   
   

Da e skremande å gje seg inn på slike utgreiinga om seg sjølv. Fyst vert eg redd at eg ikkje skal finna noko når eg leita.

So tenkje eg kanskje at da e fø lite interiør og for mykje "hva man gjør". Men so finn eg nåke, ein tråd, og tråden den er raud.

Me snakka bloma, sjølvsagt, me snakka reint og rotete enkelt, me snakka pittelitt blonda og mykje skrot.
Me snakka mykje meir farga enn eg hadde trudd. Da è "more is more", evna til å begrensa seg er heilt fråverande, i allefall i bildematerialet. Da è oftast sol og sommar, med flagrande gardine i sommarbrisen. Og mest av alt, ein prikk med raudt og litt lyseblått. Då e livet godt!

   
   

Da va i korte trekk meg...på omgjevnadsfronten....og de må hugsa at bileta kan klikkast på for betre innsyn eller utsyn.

søndag 4. mars 2012

Før og etter...

I dag kjem nokre før og etter bilete av hagen...desverre er førbilda litt kjekkare enn dei etter..

 

...men som me veit, det vert sol etter regn...og vår etter vinter...

 

..verkeleg noko å gleda seg til.

lørdag 3. mars 2012

Vårleg...

I staden for å gjere alt det eg skulle ha gjort og burde ha gjort, gjekk eg ut og rydda klart til våren på terrassen.

 

Det er like utruleg kvart år å sjå snjoen smelte under varmen frå sola. No er det berre eit spørsmål om tid så er våren her hjå oss også.

 

..sjølv om det kan sjå håplaust ut med all snjoen de ser i bakgrunnen....fyrste lunch vart innteken på terrassen i dag!

fredag 2. mars 2012

... blomar i alle fall...

For tida driv eg å fundera litt på kven eg er, slik reint interiørmessig. Da e månadens utfordring på NIB.

 

Eg har so langt komme fram til at eg ikkje har noko godt svar.

 

..men ein ting veit eg. Dagen er ikkje det same utan blomar.... er det berre eg som ikkje finn utfordringa lett?

tirsdag 28. februar 2012

Naken kvinne...eller ungdommens overmot?

Ja kva kan eg vel skrive som kan fylle overskrifta sine forventningar? Berre litt om hjortane rundt husa våre...dei er uredde...men av kva grunn?

 

... eg trur dei burde arbeide litt med redsla for menneska til hausten kjem...me er ikkje so greie som me ser ut til no....

 

.....dorskne... der me set trøytte inni dei varme suv-ane våre... drøymande om sauterte sopp til hjortesteika vår...

mandag 27. februar 2012

Ein halv time unna våren...

I går var me utafor dalen. Der ute leika våren seg. Vel heimatt vakna me til ny snjo i dag. Herleg!

 

Målsetninga må då vera å nyta det ein har, og ikkje lengta for mykje mot det ein ikkje får...

God veke!

Ps. andre enn eg som ikkje kjem opp på bloggrollane før etter ein dag eller to?

søndag 26. februar 2012

Velbrukt...

 
 


..velbrukt kan vera vakkert..