mandag 15. august 2011

Torne(fri)rose

Mitt bidrag til Moseplassens roseutfordring i år er denne frøkna. Hurdalsrosa.

 
 

Denne dama har det meste eg har leita etter i ei rose. Den er vakker, den er hardfør, den vert stoooor og den er over alt velvilleg. Hjå meg skal den verte hekk mot nabotomta. Sjølv om den måtte starte på nytt frå rot i år grunna vinterskader frå mus og andre gnagarar er den no allereie over meteren høg. Om alt går vel i år vert hekken eit syn til neste sommar. Rosa har ikkje torner, noko den kanskje hadde yngst seg i konfrontasjonar med hjort som vil komma i løpet av vinteren. For oss folk er tornfrie roser berre kjekt. Mangelen på duft er kanskje einaste minuset med henne. Men med H7 på lappen sin er ho ein draum for oss i Hakkadalen.

søndag 14. august 2011

Roser i hagen

Eg er veldig glad i roser, kanskje meir levande i hagen enn avskorne inne i ein vase. Me bur litt hardført til her inne i Hakkadalen så eg har hatt både gode og dårlege erfaringar med roser. Strengt tatt bør rosene ein vel her har sone 4 og oppover. Kanskje helst sone 5 og oppover. Her kjem ein kort presentasjon av nokre av rosene eg har, og har hatt, og litt om erfaringane med dei:

Hurdalsrosa:


Frå Bogrønt: Mellomstore, halvfylte blomster. Frisk og usedvanlig blomsterrik. Opprett, overhengende vekst. God i inn- landsstrøk. Prestegårdsrose. (Ukjent opphav) Høyde: 200-300cm H7

Denne er ein av mine favorittar. Vekst som "ugras" kraftig og flott, og blømer med dei vakraste blomer. I år hadde musa ete borken av heile Hurdalshekken min så det var lite blomer, men det som kom nytte eg i full dose.

Lykkefund:


Plantasjen:  Lange slanke årsskudd som neste forsommer bøyer seg i elegante buer og setter et rikt flor av hvite blomster med gult sentrum og gule pollenbærere. Nøysom rose som man burde ta mer i bruk. Har sterkt voksekraft. Kan også brukes som klatreplante. H6.

Vakker og hardfør. Likevel har ikkje lukkast med denne. Har fleire av denne og dei som ikkje har fått rosesjukdommen Rose Canker har musa spist borken av. Vert lite blomer av slikt, men eg har ikkje enno gjeve opp.

Mary Rose:


BoGrønt: Store, fylte, skålformede blomster.  Velduftende. Meget fin vekst, opprett og buskete. Blomster over hele busken. (D.Austin 1983) Høyde: 120cm H5-6

Ein klår favoritt. Blømer heile sommaren med dei vakraste roser.

Leonardo daVinci:


BoGrønt: Kraftig, tett og breivokst vekst. Gråaktig  grønne til mørkgrønne, glinsende blader.  Remonterende. (Meilland 1993) Høyde: 80-100 cm  H3-4

Denne stakkaren har halde ut forferdelege vintrar her hjå oss, men måtte i år gje tapt. Skal kome ny tilgards, kanskje neste år.

Rapsody in Blue:


Rose med spesiell farge. Lilla. Frisk og robust. Ca 1 m høg. R (H4) Nydeleg og velvillig.

Ei eller anna Grootendorst?


BoGrønt: Små nelliklignende blomster i store klaser. Opprett tett, busket vekst. Kraftig tilbakeskjæring 2.til 3.hvert år. Meget hardfør. (Grootendorst 1923) Høyde: 100-150cm H7

Eg er spesielt svak for desse. Desverre overlevde denne ikkje 6 mnd under snjoen i vinter,

Rosa Mundi:


BoGrønt: Doble til halvfylte blomster med lyse striper og lilla  sjatteringer. Riktblomstrende. Friskt grønt løvverk, opprett vekst. Spesiell. Trives på dårlig jord. (ukjent før 1581) Høyde: 100cm H5

Også ein favoritt. Lyser opp hagen i blomstinga. Flott og kraftig bladverk.

Heritage:


Frå BoGrønt: Lysrosa blomster. Vakre, fylte, dypt skålformede blomster. Duftende. Meget blomsterrik. Åpen vekst med  lange grener. Kraftig beskjæring gir robust vekst. (D.Austin 1984) Høyde: 120cm H4

Denne har eg hatt i to år og kom kraftigt att andre året. Litt lange og "slentrete" greiner hjå meg i år, men det kan nok skuldast ein veldig hard vinter.


Ukjent: Kanskje Egeskov..


Bogrønt: Halvfylte blomster som blekner noe mot avblomstring. Blomstene sitter i store klaser og dufter svakt. Opprett vekst. God gjenblomstring. (Poulsen 1982) Høyde: 60 cm H4-5

Sympathie:


Mørkeraude fløyelsaktige roser med duft som også tåler regn. Ca 3 m høg. R (H4-H5)

Ein ny favoritt. Noko av dei nydelegaste blomane eg har sett. Fyrste år i år, fyrst neste somar kan eg sei om den har ei framtid her.

Flammentanz:


Klatrerose med store, fylte dyppurpurrøde roser i juli-august. Plantes dypt og bindes opp etter espalier eller lignende. Høyde: 4 m. blomstrer på 2. års skudd. Herdighet: 6-7

Denne hadde eg i fleire år og den har vore eit syn. men også denne vart sjuk og måtte gje seg i år.

Bonica:


BoGrønt: Middels store fylte og flate blomster Opprett vekst, men de tunge blomster-klasene gjør at grenene ofte legger seg utover. Hardfør. (Meilland 1985) Høyde: 70-90cm H5

Igjen ein trufast travar. Luktar desverre ikkje rart.

The Fairy:


BoGrønt: Små rosett formede, fylte blomster i store klaser. Svært blomsterrik også utover sensommeren. Utbredt vekst. Små, glinsende blad. (Bentall 1932) Høyde: 40-60cm H4-5

Nydeleg rose. Dei stryk med i javn takt og eg kjøper nye. Gjev dei aldri opp :)


Smårose - Morsdag?


Denne fekk eg hjå kommunen då yngstejenta vart fødd. Den levde ute i 7 år før sist vinter tok knekken på den. Ei nydeleg rose som nok ikkje er tenkt til vårt klima.

New Dawn:


Lysrosa roser med spesiell duft. Ein av dei mest brukt klaseroser. Ca 4 m høg. R (H6)

Dei fyrste åra var denne flott her heilt til den fekk Canker og har slite sidan den gong. Ei rose eg gjerne vil ha men strever med.

Rosa 'Penny Lane':




Lovande nyare klatrerose med champagnefarga roser. Blomsterrik med fin duft. Ca 2,5 m. R (H4-H5)

Denne måtte komme att frå rot i år. Dårleg tendens om den skal ha ei framtid som klatrerose.

Louise Odier



Store doble, Camellia-liknende blomster i lyse rose rosa. En kraftfull og evigvarende rose.

Klassisk rosetype fra 1851 Høyde: 90 cm til 1m 50cm Blomstrende periode: Kontinuerlig blomstring

Denne måtte gje tapt for vinteren etter tre år. Ikkje heilt sikker på om det er rett navn på denne. Kom gjerne med innspel om de ser eg har rota med etikettane :)


Coral Dawn



Dette er en kraftigvoksende klatrerose. Greinene kan bli 2,5 m lange. Den har store, fylte korallrosa blomster med god duft. Planten er gjenblomstrende.Fra Boerner – Jackson & Perkins 1953. Dette er en utvikling av New Dawn. Den har bedre farge og duft, men har ikke så god vinterherdighet.

Det siste er nok rett. Den klarte ingen vintrar i Hakkadalen og kjem ikkje til å få ein ny sjangse.

Astrid Lindgren



Lys rosa halvfylte roser med litt duft. Hardfør og robust. Ca 1 m høg. R (H4)

det var denne mor mi skulle kjøpe til meg då ho kom att med Ingrid Bergmann. I motsetning til sistnemde har denne overlevd og står no og blømer flott. Blomane er litt lakseraude og kanskje ikkje heilt min smak, men lyser opp i beddet uansett kva eg måtte no meine.


Det har vore mange fleire, men dei har kome, blømt og døydd. Ikkje lett å finne roser som passer eit kaldt og fuktig klima. Da eg byrja med hage tenkte eg at det var eit kjedeleg utval roser i hagane rundt om kring her. No har eg skjønt kvifor og opplever stor venskap og glede over dei som trass alt klarer bu her med oss.



lørdag 13. august 2011

My moment of zen..

Denne helga er eg på Yoga-kurs



Det er både rart og interresant, og det vil verte omtalt her i framtida...heilt sikkert.. :)
God laurdag!

torsdag 11. august 2011

..travel(t)..

 

vert mange turar i skog og mark for tida. Litt datatrøbbel oppi da heila so vert da ikkje mange ord her inne... nett no..

onsdag 10. august 2011

Ein gul knapp...

..du slapp...

mandag 8. august 2011

Det vart ein veldig fin kveld...


 
 


søndag 7. august 2011

Surt og søtt..

 
 

fredag 5. august 2011

Raud...

 
 

torsdag 4. august 2011

Familietid...



Den siste tida har me teke oss tid til å vere saman med venner og familie, me har fare på fjellturar og bada i vestlandselver og kulpar. Haugavis av flotte bileter har funne vegen i fotoalbummet (Google+) og sjela har fått kvilt seg litt. Det har vore gode dagar og minna har me tredd på strå, og hengt dei til turk over ein gamal vedovn i eit rustikk og sjarmerande stølshus ein eller anna stad i Modalsfjella..

Takk for fine ord på tidlegare innlegg, dei samlar eg og på :)

mandag 1. august 2011

Firkløver..

"Firkløver, blad av kløverart som har fått firekoblede i stedet for trekoblede blad. I alle europeiske land regnes firkløver for å være lykkebringende, f.eks. i kjærlighet, spill og sport, krig og forretninger. Slik tradisjon er kjent alt i middelalderen." Store Norske Leksikon



Sidan eg var lita har eg evna å finne svære mengder firkløver. Kvar sommar har det vore regelen. Det å ikkje finna ville klart vore unntaket. I år fann eg ingen. Det var påtakeleg. Det førte til ei uro. Eg leita, men fann ikkje nokon, for fryste gong på så lenge eg kan hugsa.



Fyrst no til helga fann eg. Mengder som før....

søndag 31. juli 2011

Ei velsigna helg...



..der forrige helg var med oss kvart minutt....gleda og sorga....livet og dauden...
Det er der livet er...

fredag 29. juli 2011

Det er utruleg..

..kor langt ein klarar å strekkja seg..


når sjølvaste sola er målet...




Ynskjer dykk alle ei fredfull helg!

Kattevakt...

I natt måtte eg opp før fuglane hadde gjort sitt fornøyelege, for å redde ein liten kanin frå kattas klør.
 

..og eg som trudde våkenettene var over....

torsdag 28. juli 2011

Hausting...



Sommaren er på hell, og det gode med det er fruktene me kan hauste av den. Blåbær, bringebær, jordbær..sopp... Reint bortsett frå det burde det vore mykje meir sommar enn det har vore i år..

onsdag 27. juli 2011

Kvardagsnatur...






..til å kvile seg i det også...