Eg var innom og las meg opp på diskusjonen som har lege og ulma i interiørbloggeriket lenge og som no har blussa opp til ein mild bris. Påstandar står mot påstandar.
Mangfoldet er borte, bloggane er vortne like og alle går i takt i same Shabby Chic-forakt.
Andre svarar tilbake at det er ikkje slik, mangfaldet er ivaretatt, kun dei som ikkje er gode nok, er utelatt.
Da ville vere lett å hive seg på sin høge hest, i mitt tilfelle ein litt eldre shetlandsponny, og drøvtyggja med. At sjela er borte, at folk kjøpe seg inn i det gode selskap. Alt er vorten marknad og etterspørsel. At bloggarane berre er blasse ropekor for leverandørane. At NIB går føre og alle lograr heilt forgapte etter. Kreativiteten er borte. Motet et borte, motet til å vere seg sjølv tru, eller kanskje mest lommeboka tru, og skape interessante heima med heller begrensa midla. Med tanke på bærekraft og framtid i staden for eit voldsomt jag etter uvetig forbruk og gapaslaus sløsing med allereie så urettferdig fordelte ressursa.
Og dar røpa eg vel kanskje da som er mitt største ankepunkt i debatten. Er det ikkje rart at i ei tid som ropar til oss om å redusera forbruk, forureining og unødig energiforbruk, for framtida, miljøet, ungane våre, for alle dei andre..
så er det in å bruke uvettig mykje penga på ein pute, ein stol eller ein...Mac?
At eit miljø som faktisk er så opptatt av å vere in, praktisk talt er so ut?
Men sidan eg merka at beina tok nedi under rideturen vil eg sjå litt meir nyansert på fenomena.
Eg føle meg veldig ugild (innhabil) om eg skal kritisere bloggarar som let seg sponsa av både det eina og da hitt, sio eg aldri sjølv har fått det høvet (med unnatak av ein noko suspekt leverandør som lova både spanande sengeleik og påfølgande dyneløfting ;) Eg trur strengt tatt ikkje at eg ville ha lete meg reve med om eg fekk tilbodet, men det kan jo eg ikkje sei det for sikkert. Da e datta me skona og dei som må gå i dei. So dei om da.
Men eg syns at alle blogginnlegg som handla om sponsa varer er gørr kjedelege.
Og når større og etablerte bloggarar kjem i flokk og same produkt frå same leverandør vert høglytt prisa i blogg etter blogg, må eg innrømma at eg grøssa litt og tenkjer at dei kanskje må føla seg litt lurt av levarandøren. Kanskje dei trudde dei var litt meir eksklusive ein dei faktisk var. For det er heilt klart at slike innlegg svekkar omdømet, truverde og påverkningskrafta til bloggaren både på kort og lang sikt.
Eg meinar et marknadens inntog i bloggverda har banesåra ho og ødelagt noko bra som hende her. No har dei fleste flytta til Insta, men leverandørane og keisemda føl ette der også. Facebook har lenge berre vore ein straum av reklame. Det er litt som at den frie, kreative og uavhengige sjela vert jaga frå skanse til skanse og me er no vortne veldig trøtte av alt...og mest av alt "sosiale media" som snart ikkje er meir enn reklamepausen på TV2. Det at eg nett har meld meg på eit seminar i samband med jobben som i fulle fire dagar skal ta for seg korleis marknadskreftene kan suge mest mogeleg penga ut av brukarane av desse sosiale media, seier vel sitt.
Sett da te sides er ein faktisk delvis avhengig av marknadskreftene skal ein kunne skape stadar som NIB og bloggtreff og skaffe premiar i utfordringar ol. Mange legg uhorveleg mange timar ned i bloggen sin, og treng få noko tilbake. Så i dette er det eit dilemma. Utfordringa ligg vel kanskje mest i å ikkje blande korta for mykje. At ein er "venner" med pengane og "venner" med kjøparane er uheldig. At ein skal tene pengar og gjere eit levebrød på venner og kjente, slik det fort kan oppfattast i den eller så "vennlege" interiørbloggeverda. Å vere klar og tydeleg, ærleg og oppriktig i omgang med pengemakta og sine eigne lesarar kan nok redde mykje, også her..
"Berre daud fisk søm med straumen"
Og så dette med at vi alle er vortne so like. Sjølv om eg eig få, eller la oss vere ærlege, ingen designklassikarar, betyr det ikkje at eg ikkje har hatt lyst til det eller drøymt om det. Hadde eg hatt ei tettare lommebok hadde nok heimen min sett ansleis ut, kanskje...Eg veit ikkje, men eg veit at eg likar å vere i det gode selskap. Eg veit at eg likar at folk likar det eg likar. Eg forstår folk som kjøper seg til same stil som dei dei beundrar. Eg forstår ynskje om å tilhøyre ei gruppe og få status og kredd. Eg har sjølv kjend på "nederlagskjensla" for at sofaen min ikkje er rette sorten eller at kjøkkenet mitt ikkje fell i smak .. Eg forstår det så altfor godt....
“If you are different from the rest of the flock, they bite you”
― Vincent O'Sullivan, The Next Room
Eller ein bit kanskje ikkje her inne, men ein teier still. Og sjølv om det aldri er av vond vilje eller med noko tanke for ekskludering så vil alltid nokon kjenne seg inne, og andre ute. Å drive å kristisere kvarandre føre oss ingen veg. Alle er i allefall einige om at me bør leggje vekt på å vere oss sjølv. Å stole på vår eigen smak og våge å stå ved den. Då eg såg gjennom finalekandidatane til Vixen Awards for interiørbloggar tykkjer eg jamt da va mangfoldet som var representert der og det var kjekt å sjå. Sjølv har eg fått æra av å vere representert i galleriet til NIB oppte fleire gonga, og her finn du ikkje mykje Hay eller Khaler, belive you me.
Det eg saknar i bloggverda som fans før, er kreativitet. Kreativitet avlar kreativitet. Når ein såg alt det andre fekk til, herma ein ikkje blankt, nei ein vart kreativ sjølv. Som andre har skrive før meg, loppefunn og GDS, det å lage gull av gråstein. Det var kanskje det finaste med bloggane under Shabby-chic æraen. No er det ting som må kjøpast for pengar som er i vinden, og der fell mange frå av heilt praktiske grunna og kjenner seg derfor veldig utanfor.
Kanskje vegen vidare kan vere litt meir av gjennbruk og litt mindre av forbruk?
“Create your own style… let it be unique for yourself
and yet identifiable for others.”
― Anna Wintour
Så flott skrevet. Synes selv også at det var mest inspirerende under "shabby"-perioden. Nå blir det for mye møbelkataloglignende hjem, uten personlig touch. Håper du fortsetter i samme stil ihvertfall, digger bildene og den herlige dialekta du skriver på.
SvarSlettHa en super helg, klem Linda
Du skriver så utrolig godt og levende. Jeg har ikke blogget lenge og ikke fulgt med på andre blogger så veldig lenge heller, så jeg har ikke noe å sammenligne med. Jeg må si at jeg følger mest med på de bloggene som jeg sjøl identifiserer meg med. Det vil si de med mest brukt og gammelt og høy sjarmfaktor. Er nok for vrang til å bry meg om hva som er inn eller ut og kjører min greie som jeg liker sjøl. Men sjølsagt er det jo hyggelig at noen andre også liker det man viser på bloggen, er vel det som får oss til å fortsette. Mangfold er bra for det meste så la oss håpe at det vil finnes blogger også på NIB som viser både gamle og nye ting også framover. Masse morro å se på og lese i blogglandia hver dag. Takk for ett supert innlegg.
SvarSlettKlemmer fra Marit
Utrolig bra!!Så enig..så enig...i alt:-) Glad du er deg og ingen annen.Det er ren nytelse hver gang å komme på besøk :-)
SvarSlettFortsatt fin helg:-)
Du kan få sagt det. Jeg er så hjertens enig!
SvarSlettGod helg :)
Så utrolig bra skrevet, og jeg er helt enig! Der jeg selv ikke finner ordene som sier hva jeg mener å uttrykke, får jeg slenge meg på dine. Ja til mer gjenbruk og kreativitet! :))
SvarSlettHa en fin helg! :)
Klem, Turid
Du er flink å sette ord på det og det eg og sikkert også andre er heilt samde med deg i.
SvarSlettBloggen min er ikkje primært interiørblogg, det er mykje hage og landskap hos meg, men det er ikkje det same som at eg ikkje likar interiør. Eg elskar det! Eg køyrer min eigen stil der eg prøver å vere tru mot byggeskikk og tidsepoke huset vårt er frå, men tilpassar det også til notida. Kunne tenkt meg å handla med rund hand på bruktmarknaden, men tjukkelsen på lommeboka hindrar meg i å gå berserk der. Av og til viser eg i eit og anna innlegg bilde frå heimen eg også :)
Totally in love with this photos! Happy to find your blog <3
SvarSlettNår det gjelder sponsing så kan jeg si deg at det slett ikke er så stas som det kanskje kan høres ut som ;)
SvarSlettSelv har jeg satt begrensingen (for meg selv) at alt jeg takker ja til skal være noe jeg selv kunne tenkt meg å kjøpe selv. Og for hvert tilbud jeg har sagt ja til så har jeg sagt nei til minst 2-3 andre. Jeg har fått tilbud om å teste alt fra støvsugere til hodeputer - hvor spennende innlegg blir det liksom? :) For ikke å snakke om den gangen jeg fikk det generøse tilbudet om å gi bort gavekort på 500 kroner i en nettbutikk som ikke har noe som koster under 1200...
Av og til takker jeg ja, men da føler jeg også at jeg kan stå inne for produktene!
Når det gjelder både like blogger og miljøaspektet så føler jeg at jeg allerede har gitt mitt bidrag til den debatten ;)
Finfin lørdagskveld til deg!
//Signe
Jeg synes dette er et spennende tema og følger med på debatten. Har tenkt på om jeg skal skrive et innlegg om det- vi får se- er ikke noen god debattant for å si det forsiktig. For meg har bloggen vært et fristed- vet ikke helt om jeg føler det er akkurat slik lengre- men det var i alle fall det i starten...og da blir det så rart å skulle koble det sammen med markedskreftene..jeg har faktisk sagt ja til å bli sponset en gang- da skulle det komme en norskprodusert adirondackstol- men den kom aldri;) Så slik gikk det den ene gangen jeg tenkte- søren heller- nå selger jeg sjela mi;) Men kanskje er det det som skjer i bloggeland- sjela er solgt og nå merker vi konsekvensene av det. Håper du kan fortelle litt når du har vært på det seminaret- det hørtes veldig spennende ut. I dag skal vi jo være så fantastisk unike- men jeg tror at maange liker det samme- la oss si at nesten alle spiser grandiosa- men siden noen har plukket vekk paprikaen, andre har lagt på litt ruccola og atter andre litt ekstra ost- da er man plutselig blitt unik på et blunk gitt;)
SvarSlettHei, igjen :) Er her framleis, likar bloggen din godt nettopp fordi den ikkje inneheld det same som "alle" andre bloggerar. Er utruleg lei av alle dei same produktene, sjølv om dei blir presentert på ulike måtar. Ikkje minst alle giveaway bileta på instagram. Uff..
SvarSlettKan innrømme at nokre ting eg har heime har sett først på interiørbloggar, f.eks vinballongen og appelsinkassane, men dei har eg funne i kjellaren/låven der eg bur (huset morfar min har bygd). Det må vel vera lov?