søndag 15. september 2013

Opprørets time


Eg har ofte lete meg henføre og inspirere av nydelege barnerom
Superstyla og harmoniske
spanande og tøffe

 

slikt har eg inga forhåpning om her i huset
som eksempel kan eg nevne at om eg vågar meg frampå og seier
at eit antrekk jentungen (som har kledd og styla seg sjølv sidan barnehagen) har på seg var fint,
kan eg vere veldig sikker på at nettopp det antrekket aldri meir
ser dagens lys...


Slik var det før, rot og kaos sidan det var lenge sidan leikar frå utlevde epoker var vortne rydda bort.
Senga som eingong var so flott, var vorten ein hemsko
som blokkerte alle møbleringsalternativ på det ikkje so veldig store loftsrommet.
Me kjøpte ei ny seng, pimpa opp litt gamle møblar og rydda i rotet

  

og det som fyller ei ung jente sitt rom, som mor aldri får styla vekk, plakat på plakat med Justin Bieber, bilder av søte små dyr og mengder med elektronikk, får no heller vere der.


Det anar meg at det er nett det som gjer henne lukkeleg og nøgd med resultatet..

6 kommentarer:

  1. Kjempefint vart det!

    Ha fin ny veke :-)

    klem

    SvarSlett
  2. Så fint det ble!!
    Det aller viktigste er at hun er fornøyd:)
    Viktig å sette sitt eget preg på rommet:)
    Ha ei kjempefin ny uke!!
    Klem fra Reidunn

    SvarSlett
  3. Så kjempefint det blei,me må visst finne oss i både plakater og litt av kvart:)men det er jo viktigaste at dei er fornøyd sjølv om kanskje ikkje altid me er det!
    Kan tenke meg ho trivest der:)

    Fin veke til deg!
    Klem fra Lillian

    SvarSlett
  4. Akkurat sånn det skal være. Vi vil jo ikke at barna skal bli små nikkedukker heller. Mine har alltid fått bestemme antrekk osv selv, selvfølgelig med blandet resultat. Yngstemann kalles Pippi av slekta, og det må jo være en hedersbetegnelse ;)
    Fin dag til deg

    SvarSlett
  5. Så flott rom.
    Og godt å høre at andre har det på samme måten :)

    Ha en fin mandag.
    Klem

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.