Nyårsafta er ein dag for refleksjon av heilt naturlege grunna. Det er eit skifte på kalendaren og då me enno er her, etter at den varsla 21 desembers apokalypsen vart avlyst, er det kanskje nok i år, berre å dra pusten eit bel, sjå seg litt rundt og danse lett inn i det nye året..
God nytt år til dykk alle her i frå Hakkadalen og tusen trilliardar (som me sa då me var små) takk for alle fine kommentarar de har lagt att i året som gjekk, eg har lese kvar einaste og gledd meg masse. Strekk tida til skal eg sveva litt rundt her i Cyberspace og ynskje dykk alle eit godt nytt år. Rakk eg ikkje innom deg er ynskjet nett da sama, takk skal du ha og godt nytt år!