torsdag 22. november 2012

Kråko


Eg ser på meg sjølv som ei som likar det enkelt, stramt og naturleg. Da held lenge med fargane som naturen gjev. Eg har samla gamle, enkle, naturlege og heimalaga  skattar so lenge eg kan hugse. Den sida av meg sjølv likar eg veldig godt. 

Så har eg ei anna sida som eg ikkje kan skjøne kvar kjem  frå. Eg er som ei kråka etter alt som blenkjer og som skin. Glam gjer meg mo i knea. Plutseleg rullar eg meg i  ei verd full av rike teksturar og fargar. 

Slik te jul får eg beint fram ein slik splitta personlegdom.... på den eine sida var tånken å halde meg til kvit, natur og litt gull/bronse i år. Men før eg veit ordet av det har eg kjøpt meg kilometervis med djuplilla og burgunder fløyelsband og allverdas rare glitrande snurrepipperier...  fins da nåke kur?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.