mandag 9. juli 2012

Fiskedronning...

Historia er kort. Konkurransen var grei. Eg mot dei andre, den som fekk mest fisk....eg med makkastang på gamlemåten eller alle dei andre med floge og spinnar, eg i elv og dei i vatn... vart kongar eller dronning.

 

Eg ser heilt klart at makkaglaset såg litt kjedeleg ut og er lite bloggvennlig. Eg kan godt laga ein GDS på det. Pimping av makkaglas, men er litt redd nokon vil ta det ille opp, som harselering med DIY-blogging...so kanskje best å la det vere...


 

Eg vil spara deko nett for prosessen med å få makken på kroken. Mange har meir enn nok med å sjå ein makk, så kampen mot å verte fiskemiddag ville nok fort reknast for "sterke scener".

 

Hovedelva er stengt for fiske i år i håp om at laksen skal trivast betre utan redsla for middagsdøden hengande over dei når dei ferierer i Hakkadalselva. Litt bale syns eg sidan me då berre har små sideelver å fiske i. Med stor snjosmelting i fjellet er kulpane i småelvene fulle i stri straum og vanskeleg å få fisk i.
Sjølv om det er vakkert....og vilt...

  

Fisk vart det. I tillegg fekk eg sjå ein heil røyskattfamilie på flyttefot. Ein herleg kveld i Hakkadalen.
Med dirrande bein varte hengebrua forsert. Litt usikker på kva kvalitessikring dei har på denne. Om det  faktisk er den einskilde som vågar seg over som på det viset sjekkar om brua held....eller ikkje...

   

..og ein er ikkje bloggar om ein ikkje klarar stikke inn ein blome og ei ku eller to.. lett hengslengt og nesten heilt naturleg....

Og jau, eg fekk mest fisk og er no fiskedronninga.... om det er ein tittel å trakte etter....

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med den djeve tittelen!

    Så idylliske bilder da!

    Ha en fin mandag. Klem fra Lottemora

    SvarSlett
  2. Jeg blir så glad av å lese det du skriver - herlig dialekt! Og kjempeflotte bilder!

    SvarSlett
  3. Fiskedronning,- herlig :) Og kua hører selvfølgelig med, blomstene også:)

    SvarSlett
  4. Gratulerer! Ikkje verst tittel, det. Og fangsten ser riktig så fin ut! Nam!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.