Då disen for og sola kom fram, tenkte eg at eg skulle rydde terassen for snjo og pynte litt der. Eg henta kameraet for å ta "før" bilder. For dei kom til å verte ganske ansleis enn etterbilda....

Jommen sa eg smør. Eit spatak med snjo og eg knaka i samanføyingane. Etter fire skuffer snjo flytta frå terassen kom eg fram til at dette var arbeid for karane. Etter litt fundering måtte eg innsjå at eg kjende i allefall 5 kvinnfolk på min alder og eldre som hadde rydda terassen i ein fei og aldri nevn nåke so helst om da. So eg henta snjospaden fram att og sette i gong. Etter ein halv time og ein og ein halv kvadratmeter mindre snjo måtte eg berre gje meg. Ikkje anna å gjera enn å setja seg ned med ein kopp kaffi og slikka sine nederlagssår...

Som de ser, før og etterbilda er skremande like. Og resten av dagen har eg berre sjangla rundt og ikkje evna da minsta kroppsarbeid. Skremande....

....jaja, bra eg veit å kosa meg då, med da eg har........
God helg!