Som tidlegare nevnt, fòr eg sist helg på yogakurs, eller spahelg som eg fantaserte om...
Te vanleg er eg ei dama med skuldrena limt fast i øyreflippane. Her er det mykje Yang og lite "slow living". Eg lærte meg allerie som lita jente, at da luraste eg kunne gjera, var som pedagogane seie, ete middag før eg dreg på med riskremen. I praksis betyr det at eg gjer det balna fyrst slik at eg kan gjere det kjekke etterpå. Ulempa er berre at eg alltids finn noko nytt og bale å gjere når eg er ferdig , og kjem sjelden eller aldri til det kjekke. Fordelen er at eg får mykje gjort, ulempa er at eg har det i minsta laget kjekt.
I sommar tenkte eg at det var på tid å forandre dette, livet ligg liksom ikkje berre framfor meg lengre, kanskje snart mest bak, og fleire har sagt at yoga sikkert var noko for meg. Jau so tenkt så gjort, og eg melde meg på når sjansen baud seg. Ei florlett svensk kunst- og yogadama villa halde kurs her inne i hakkadalen ei heil helg. Kor ofte skjer slikt? Eg trur på "stor-i-kjeften-politiet" som eigentleg er litt i same gate som karma, og kanskje skjebnen også, og tenkte difor at dette kurset var sikkert komme til berre for meg. Dette kom til å verte krusing rett inn i fred og harmoni...
So feil kan ein ta. Eg har lege i "barnet" og nesten vorten kvalt av mitt eige fett. Eg har bomma heilt på konseptet og møtt opp i knallsvarte klede medan dei andre flaug rundt i kvit englestas. Eg har pusta "eldanding" i "koen" og "katten" i jakt på "det tredje øga". Til dei som ikkje kjenner til denne anden, så skal den dragast kjapt gjennom nasen, inn og ut, som ein hund som pesar. For ei som ikkje har pusta gjennom det organet sidan ei tyngre forkjøling i femårsalderen var dette som å sta i bru og klø seg på rompa. I tillegg måtte eg innsjå at "det tredje øga" som også kan kallas intuisjonen, totalt er fråverande i denne skrotten. Eller i allefall treng briller så tjukke som colaflaskebunnar. Noko som forklarar fleire store bommertar i fortida :)
Hadde eg hatt vit hade eg lege det på hylla. I staden tenkjer eg at eg tek meg ein tur til optikar...med "det tredje øga" og prøver litt til. Eit liv med Yang, treng litt Yin...eller var det vin?
;-)
SvarSlettsyns eg ser deg..
klem
Hahaha -kjenner meg att i det du skriv og eg sit her og ler so eg grine!!! :D Du skriv kjempebra og du har ein kjempeflott blogg som er spennande å "bla" i. (eller kva da no heiter?) :)
SvarSlettHmmm artig...Legger mæ som følger:-)
SvarSlettMvh Å
Hihi, slik kan det gå;) No har du no prøvd!
SvarSlettDer løsnet skuldrene mine ett hakk fra posisjon øreflipp, bare for å le litt med deg :) Mulig jeg hadde hatt godt av å få kontakt med mitt tredje øye og forankre pusten, men jeg er ikke så god på å slippe løs i slike settinger, gitt :)
SvarSlettFikk litt assosiasjon til ei lydbok jenta mi har hørt en del på om Ville Wilma av Andrea Brein Hovig, og episoden der hun er på yogakurs og avreagerer med å synge "Hari hari fari fari prompeprompekari fallerari!”
Ha en fantastico fredag!
Klem fra Moccamamma
Utrolig bra - ler så jeg griner her :-D
SvarSlettHa en flott helg med både Yin, Yang og vin!
Mona
Haha.
SvarSlettJeg tror definitivt mest på vin ! Vin i store mengder... Da kommer roa av seg selv !
Sikkert som banken - slår aldri feil ! :-))
Hilsen F Fjols
He he he... kjempegøy lesing.. og så sant så sant! kjenner meg godt igjen i masse du skriver.
SvarSlettHar jobbet en stund med å dempe stress, "må gjøre" syndromet her i heimen, og det har funket (med litt tanke endring) "MÅ ikke gjøre".. Så no har jeg 8 (!!) klesvask i stuen, og de har ligget og hengt overalt i minst 4 dager.. :o Men jeg har en liten plan om å få tatt det i dag.. ha ha..
Ha en fin dag og lykke til med yangen og vinen!
Hakkande løye! :-D
SvarSlett