No sit eg her og veit at eg skulle gjort noko anna, skrive handleliste til mannen slik at nyårshelga vert lika feit som jula var. Førebu invasjon av slekt og venner, dei kjem om eit par timar og skal vere her ut veka. Fredag har vi ein åtteåring i huset og det må sjølvsagt feirast med
pomp og prakt og 14 andre 8-10 åringa..
Men fyrst vil eg skrive litt her, om i år og litt om neste år. Om blogg og ikkje blogg. ....
Eg har ikkje blogga meir enn nokre månadar og det har vore heilt greitt eigentleg. Det har ikkje tatt heilt av, noko som er lika greitt. Eg fann ut etter ei stund med surfing på andre sine bloggar at det greiaste ville vere og også ha sin eigen. Nett som med
hus, kjekt å ga på besøk, greitt å ha eit eige hus slik at ein også kan invitere andre inn.
Eg kan ikkje med
handa på hjarta sei at eg heilt har funne forma mi. Eg er veldig glad i kommentara, men ser klårt at når alt eg byr på er foto, vert det litt keisamt i lengden å sei..fine bilde..fine bilde...fine bilde...osb. Samstundes er eg ikkje heilt den som slenge rundt meg med livets betrakninga
i tide og utide. Eg gjorde det før, men helst når eg var ulukkeleg forelska...då hadde eg mykje på hjarta, ikkje alt egna seg på trykk...hehe. Men ellers, når livet er greit, så vert eg ganske
stille....
Det andra e no bilde i seg sjølv. Korti går eg tom for motiv..tenkjer eg ofte. Korti vert det berre langtrekt og keisamt. Korti vert eg tvangsnedlagt grunna
drøvtygging?
Eit anna aspekt er jo at ein heller ikkje skal fornerma nåken her inne/ute. Og da er veldig lett om ein meina for mykje, eller betrakta for mykje...da har eg sett her. Då
eksplodera da og hyllepynten fer vegg i mydlo. Da må no seiast at da e litt kjekt å sjå på, men takka meg for å vera midt i stormen....
So ka då? Nei, me får sjå.
Eg har det veldig kjekt her med dykk. Eg trivs veldig godt. Eg kosar meg når eg går på besøk til fjærn og nær. Eg likar best dei som byr litt på seg sjølv, og då meinar eg interiørmessig lika mykje som livet generelt. Eg likar dei som får meg til å le, og dei som er til å grina av. Sjølv om eg til tider tykkjer alle mest har det same (granbust i norgesglas, lyshus i 15 størrelsae, juletre i potte osb :) går eg på
besøk til dykk omatt og omatt. Likar spesielt dei som vågar vere seg sjølv og som stolar modig på eigen stilsans og går eigne vegar.
So eg trur kanskje at det skal vere mitt nyttårsbud i bloggsamanheng.
Å vera meg sjølv tru og prøve å få dykk til både å le og gråte :)
Godt nytt år!
(skal ikkje sjå bort frå at eg klarar å kome att med eit innlegg til før nyåret)