torsdag 17. februar 2011

Til helga kanskje...

Det vert mykje blomer og vår hjå meg desse dagane. Det er av den enkle grunnen at eg "fota" det som er nærast. Har ikkje hatt tid til å kome meg ut og ta bilder av den nydelege vinteren vi har her akkurat no.

Til helga kanskje...



De har rett, mange av dykk som forfektar vinteren enno, det er eit bel att til våren kjem. Og glad er eg for det, for eg har eit maleprosjekt i 2 etg. som skal gjerast før våren...og det er gigantisk... eller det kjennes i allefall slik...
...
Så til helga kanskje....

onsdag 16. februar 2011

Bremsespor på livets landeveg...

Kor vert livet av? Eg tykjer dagane suser avgårde som orkanen Katarina eller Knut. Eg ristar, hompar og svirrar med i stor fart og får berre med meg brotstykke av det som hender rundt meg.



Kvar vert alle timane av? Dei er borte før dei er brukte. Før var ein dag, eit hav av tid. No er det berre eit pust.



Eg veit at reint matematisk så utgjer ein time, eller eit minutt, ein stadig mindre del av det livet eg har levd. Difor kjennes dei kortare. Eit år for ein eittåring, er eit heilt liv, men for meg... kun ein noko og førtiende-del.



Og no er det so gale at for å kunne leve i nuet, må eg førebu meg fleire dagar i førevegen..

tirsdag 15. februar 2011

Vårlengt...



I god norsk stil, skjemtar me litt her i dalen med tanken på å starte ei eiga Facebook-gruppa mot meir snjo og is...

mandag 14. februar 2011

Ny dag, nye høve...


..er vel eigentleg alt eg har å sei...

søndag 13. februar 2011

Kva skal ein med retro..

..
Når ein har levd orginalen....



De får ha oss som har levd trenden fyrste gongen orsaka, om me ikkje kastar oss uhemma på på i neste runde...
...
(Skjønt den fyrste tapeten, med bilane, kunne eg godt tenkt med den dag i dag..)

lørdag 12. februar 2011

Endeleg sol og endeleg helg...




...kva meir kan ein be om?

fredag 11. februar 2011

Da bles...

Sjølv om sola ser varm og forlokkande ut ein vintersdag, so har det ein tendens til å blåsa kaldt på toppane.....



.....eit innlegg i debatten om herskekulturar og skittent spel i politikken....

onsdag 9. februar 2011

Ei oppreising....

Har litt dårleg samvit for korleis dalen min vart framstilt i forrige innlegg. For berre etter ein virvlande dans med våren.... ser han slik ut:


Her kan de vere med på sykkeltur til jobb ein sumardag

Tenk om det var like lett for meg å skifte hamn etter ein dans med våren....

tirsdag 8. februar 2011

Postnummeret er ikkje lengre i bruk...

Det har vore dei som har tatt til orde for vinterstengning av Hakkadalen. Når jula var vel over, skulle me stengje skoddene og fare til verda utanfor og fyrst i mai eingong, var tida komen til opning av dalen att... fasinerande og til dels freistande. I dag er bileta teke i fart, på veg heim...

Dalen framstår som eit verkeleg oppussingsobjekt med stort potensiale...

mandag 7. februar 2011

Du skal få ein dag i måro...

søndag 6. februar 2011

Eit slags smykkeskrin...

..siste sak ut er det vegghengte smykkeskrinet mitt som har ein lei tendens til å verte litt overlessa. Det praktiske har ofte ein tendens til å vinne over det estetiske...



..lett å velgja kva ein skal ta på seg på jobb om morgonen...



Ramma er frå Fretex og kosta 50 kroner. Den kom med noko ikkje svært minneverdig, men dog så reprodusert, kunst inni..Den er no skjult bak eit stykkje strie som gjer det lett å setje nåler i.

...opne rom....

IKEA har sjølvsagt stor plass hjå oss. Eg er glad i dei opne reolane deira og brukar dei både til sko og klede. Kanskje ikkje heilt som dei hadde tenkt seg dei, men fungerer godt hjå oss. Når det gjeld orden i klehyllene så er det mannen i heimen som praktiserer nyttig kunnskap frå militærtida....på ungane sitt bad i 2 etage...


lørdag 5. februar 2011

På gang...




Ja, tanken var en liten vandring rundt i ulike oppbevaringsprosjekt i huset. Men tid og lys har det vorte litt lite av, så rundturen har stoppa litt opp. Prøver igjen og i dag tok eg for meg gangen. Utfordringa der er at store mengder klær og sko skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg, men helst ikkje synleg...



Dagleg er det ikkje fullt så "luftig" på knaggane, men for anledningen tenkte eg å visa utopinen :)

I gangen får eg aldri nok av korger, kister og knaggar. I tillegg til dette, som er forbehalde ungane, har me store IKEA skåp på ein anna vegg og "skohylle" på ein tredje. Eg kunne hatt tre gonger til, og likevel ville det "bugna over". Hattehyllene er heimalaga, hyllebenken frå Bohus og kurvkista frå Home and Cottage. Rudolf levde vel ein gong lukkeleg på ei eller anna vidda...


Og det var det for denne "gongen"......