lørdag 20. desember 2008

Når enden er god...

...

..er allting godt. Dagen skrei fram og tinga vart gjort. Gardiner sydd, tak vaska, kommode ordna...og no sit eg og ventar på at min kjære skal trylle fram litt mat...eller hamburgar som eg brukar kalle det...

..har ikkje vorte ven med kamera endå så eg vel å leggje ut to bilete som Mannen tok då Litlo hadde klart å overtale oss til å setje julatreet på fot. Eg har aldri teke treet inn før vetlajulafta, men i år vert det eit minneverdig år....tre dagar før tida! No står ikkje verda te påske...

Bileta er ikkje klåre og fine, men gjev ein veldig god kjensle av stemninga som var her....så alle æra til Mannen.

Når me snakkar om husavask...

so har eg tenkt å vera ein tå dei fyrste som viser kva som faktisk står att. Eg trur kanskje også at eg er ein tå dei få som har slikt å vis fram. Eg har surfa frå blogg til blogg og sett på vakre julestilleben og ferdigpynta julatre....og fortrengt mine eigne..stilleben...of horror..

Men i dag skal det skje. Som det er mogeleg å ane har eg bestemt meg for å sy gardiner til stova no før jul..i dag faktisk. Etter tre år uten har eg no kome fram til at eg ikkje kan leve ein dag til utan gardin...(eit av dei sju slaga trur eg...)

..og ein komode må verte fredigmala før jul...(eit anna slag..)

..men på mandag, eller kanskje allereie i kveld skal de få nokre Etter bileter sidan heile mi sjel håpar at desse over her...er FØR :) (kanskje eg er vorten litt betre ven med kameraet som gav meg bileter i dei utrulegaste fargar som ikkje eingong Photoshop klarte å fikse..)

Ha ein flott vaskelaurdag og skittensundag!

fredag 19. desember 2008

Julebord

og anna morro har gje føre seg i seine nattetima etter at eg og resten av familien ligg og drøymer om nyvaska hus, juletre og pakker, lukta av god mat.....zzz

Knapenålene er glad i leik og morro. Så snart folket er komne i seng er det på med sysmaskinslyset og full fart.

På sybordet har festen til tider utarta seg slik til dei grader at mange ville nok sagt at den var heilt ute av kontoll...

..men då grip stautare kara inn og ordnar opp...

..og anna tull frå ei som testar ut nytt kamera i natta sitt mulm og mørke....

mandag 15. desember 2008

..it was a haunted house..

så der var ingenting anna å gjere enn å ringja til ho Lisa Williams...


..og da har me no gjort.

lørdag 13. desember 2008

Sju slag..

før jul. Kanskje ikkje akkurat sju kakeslag som i eldre tider. Kanskje meir som sju mindre hjerneslag... I dag har eg baka og baka, knust kjørl, forlagt grytklutane i kjøleskåpet, svetta og kava, og kanskje sleppt ei tåra eller to. Deig på deig har nådd nye høgder, ungane beila ut etter fyrste runde med peparkaker. Lussekattane måtte eg bake heilt aleine. Vetlo sikta inn rosinene og fekk full treff på dei, men ellers var "mor" aleina.


Eg prøver å tenkje tilbake, var det ikkje nettopp baksten som var so kjekk, og juleverkstadane då me laga lekkjer og korger med umoglege mønster? No vil ungane mine heller sjå på TV og Mannen meinar fotball heilt klårt overgår alle former for juleførebuing.


Kanskje på tide å setja seg i godstolen med føtna høgt og unngå i allefall fire av dei sju slaga før jul.....

fredag 12. desember 2008

Kaldkompost

Eg er veldig glad i tulipanar. Men dei lever so kort. Når dei er falma og slitne inne, endar dei utanfor. Nokre gonger vert dei då vakrare enn nokon gong før.


De får tilgje meg at egg legg ut så mage bileter av same motiv, men eg vart heilt bergtatt av tulipanane mot snjoen...




Ynskjer dykk alle ei god helg!

tirsdag 9. desember 2008

Krins og krans

Etter to veker stuva inn i kjøleskåpet til heile familien si fortviling, deir dei plukka fram alt frå pannekaker til feijtas med brudeslør på, var blomane glade då dei endeleg slapp ut. I går kveld laga eg to kransar eg har tenkt eg skulle lage lenge (derav lageret i kjøleskåpet :) sjølv om blomane var sterkt redusert frå opprinneleg storheit. Kransane skal hengje på eit mykje større skap, men grunna glasdører der var dette skåpet meir fotogent...




No var eg ikkje ferdig før etter kl. 23.00 så lyset var svært dårlig for fotografering. Kransane var finare ei røynda denne gongen. Det er fyrste gongen eg har prøvd meg på slikt og eg må ærleg innrømme at eg tykte det var svært kjekt arbeid. Hesjastreng og syltynn sølvstreng og det heile var gjort på nokre minuttar. Anbefalast!

søndag 7. desember 2008

Advendt til slutt..

Lenge har eg utsett å lage advendstaken klar. Eg brukte litt tid på nettet for å finne idear til fine løysingar. I år såg eg at det var mykje kvite kubbelys med litt mose i avlange kar. Eg tykkjer at det er svært vakkert, men sidan eg er glad i levande blomar var eg på jakt etter slike idear. I fjor fann eg ein i Isabellas.

Men dei brukar noko dei kallar Afrikanske kongler som eg ikkje finn her hjå oss. Trur det er ein slags artisjokk(korrekt meg om eg tek feil) og blomsterhandlarane seier at den må bestillast og er uforsvarleg dyr. Kransen frå Isabellas er klart den vakraste, men eg vart nøgd med min i år også. Det er heilt fantastisk å ha roser i stova funklande i det vakre skinet frå advendslysa.



Sjølvsagt må rosene skiftast ut i løpet av den lange advendtstida, eit par tre gonger reknar eg med. Det kjekke med det er at ein kan skifte litt stil eller fargar undervegs.

Trur eg skal melde den på å månadens konkurranse hjå Moseplassen om den går gjennom nålauga. Eit av krava der er at den skal ha eit navn og då trur eg at den må heita:"Det hev ei rosa sprunge"...var det eit litt rart navn kanskje?

Fortsatt god advendt alle saman og takk for hyggjelege kommentarar på innlegga mine. Har hatt travle dagar og då vert desverre litt tilfeldig kvar eg legg att eit ord eller to. Men frå i dag med skal eg trappa ned mot jol. Då skal eg surfe rundt på dei vakre bloggane dykkar og kose meg verre :)

lørdag 6. desember 2008

Julemarknad

I dag var den lokale julemarknaden og me pakka da som var presentabelt i kasse og korg og for av stad...

Eg var saman med veninda mi som selde sjølvlaga smykker. Det var ein flott julemarknad med nydeleg handverk, handarbeid og kortreist mat av alle slag. Mykje folk og god jualstemning gjorde dette til ein flott lokal førjulsfest.


Det vart ein god dag for oss og. Smykkedesignaren selde rubbel og bit og eg selde ein del rubbel eg med.

tirsdag 2. desember 2008

The Julekalender

So var alle gåvene gøymde i papir...den fyrste manglar sjølvsagt, den vart pakka opp i senga i går tidleg....med vidunderleg barnleg forventning..

mandag 1. desember 2008

Vetlo sitt tre

Fyrste sundag i advent pleier me hente inn eit lite tre som ungane skal ha.



Dei pyntar det sjølv med den pynten dei sjølv vil hengje opp. Guten er ikkje så interessert lengre, men vetlo snakka om det i heile dag. Til slutt baksa eg meg ut med hovudlykt og sag. I morgon kjem nok bonden på besøk, trur eg var dårleg å skjule spora mine....
(siste bilete er frå før jento strødde ut pynten, slik likar eg det best...:)

torsdag 27. november 2008

Plutseleg...

var det advendt. Sidan denne helga er full av andre aktivitetar vert eg ikkje klar før neste veke. Det går vel fint. Advendskalendarane heng i gangen. Pakkene manglar, men kjem sterk attende seinare :) Gler meg til å lage alt til.....plutseleg.





Eg kan nesten ikkje få sagt kor eg gler meg til å surfe i bloggane dykkar og sjå alt det vakre de har fått til!


God helg!

tirsdag 25. november 2008

Vakre tonar

Rakk nett eit par bileter før dagslyset for og regnet sette inn...her ei hortensia med sukker på :)



mandag 24. november 2008

Hermelusa ligg i hardtrening...

Som ei klok kone :) nemde i ein kommentar til eit tidlegare innlegg eg hadde om sying, so skal øving gje meister. No har eg då sydd, og sydd..og sydd... 5 putar, ørten posar, julestømper og ein totalt mislukka julegris. Meisterbrevet ser eg langt etter, men nokre saker er eg nøgd med. I tru Modern Country stil (ja, eg har herma :) har eg sydd nokre små posar i teljelin. Tånken er at ei veninne av meg som lagar smykker, kan ha desse som alternative gåveposar.


lørdag 22. november 2008

Høg puls

..eller varm puls. Fekk ei enkel oppskrift på verdast mjukaste pulsvarmarar i ein stoff/garnbutikk eg var innom i veka. Garnet heiter Bris og det vert dei deilegaste pulsvarmarane til mor og dotter..





No er eg ikkje norgsmester i strikking, men de anar konturane av kva dei kan vere :)

torsdag 20. november 2008

Stemningar...

....



onsdag 19. november 2008

Julepynt Praha mai 2008

Kvart år me damena på jobb reiser på dametur, må eg kjøpa ein eller anna julepynt som eg kan henge på juletreet. Så langt har det gått bra. I dag vil eg presentera dykk for ein engel som eg fann i ein blomsterbutikk i Praha, mai i år.



Det er ikkje lett å finne julepynt om våren. Men langt inni ein blomsterbutikk hang denne engelen. Eller kanskje det er ein blomsterfe? Handelen gjekk litt trått i og med at innehavaren, ei dame i sekstiåra, kun song på tjekkisk. Ja, dama song seg gjennom heile handelen. Ei bisarr oppleving kan ein trygt sei, men pynten vart med heimatt til juletreet. Debuterer der i år.

Har lenge grubla på om eg skulle utfordra alle her i bloggverda til å visa fram den finaste julepynten dei har i kassane sine. Kanskje ha ein liten useriøs konkurranse om den venaste julekula ol. Kva tykkjer de om noko slikt?

lørdag 15. november 2008

Sommarminner....

For å ryste julestemningen i bloggverda langt inn i sjela tenkte eg at eg skulle leggje ut nokre sommarbilete ein mørk novemberdag, ..not :) ...men eg bladde gjennom nokre mapper på disken i dag...og fann so fine minner...