tirsdag 27. januar 2009

Eit godt dikt

skal lukta av te,



eller av rå mold og nykløyvd ved.

Olav H Hauge

mandag 26. januar 2009

Nokre dagar..

kjenner eg meg nedslegen, utslegen og rett ut forlegen. Eg føle meg i vegen...



men då veit eg heldigvis at andre dagar, alt seg ansleis lagar....

søndag 25. januar 2009

Jolagranbrenning...

Atter ein gong fekk joletreet sta i sentrum. "Ildsjeler" samla folk og tre.



Resten seier seg sjølv...

Dagslys

I dag er det ein svært vakker vinterdag her hjå oss. Lysten og viljen kivest om kva dei dyrebare timane med dagslys skal brukast til.

Eg vil ut og ga tur, lukte og kjenne naturen, suge dagslys inn alle porer og kjenne at eg lever etter ei veke på kontoret!



Samstundes har eg eit syprosjekt eg så gjerne skulle arbeide med, og eg arbeider så dårleg om kvelden. Etter klokka 4 er det mørkt og etter det er mørkt er eg både tiltaks- og brukalaus.

Eg er ikkje dummare enn at eg ser at problemet mitt er av den "luxuriøse" sorten....og eg trur at eg startar ute...

lørdag 24. januar 2009

Kva veg ei sjæl

I dag er eg ordlaus og let sambygdingen Olav Nygard setje tone for dagen.



Kva veg ei sjæl i verdsens store skaaler,
kva er ei sjæl, det veike naadesting?
Kva misser verda um ho ikkje toler
det kvasse dagsens klogrip i sin bring?
Ei sjæl er taake, hennar hjarteklage
er ørskerøl fraa villstyrd baanemunn;
ei atterløype fraa vaar draumehage
som villa seg her inn på klaardagsgrunn.

Olav Nygard

"Olav Nygard (1884-1924) er en av de største i norsk lyrikk. Men bare fire diktsamlinger og en bunke enkeltdikt - i sin tid funnet og samlet av Conrad Clausen - har han en ruvende posisjon med sin enestående beherskelse av rytme, rim, metaforer og et språk han selv utvidet med egne ord og uttrykk."



Ynskjer dykk ei velsigna helg!

torsdag 22. januar 2009

Sumarminne...

Kasta meg på bylja med sumarbileter i vente på våren...



For dei med eit vakent blikk er det relativt lett å sjå skuggen til den eg har editert ut av biletet...

God helg!

Oh, yeah!

onsdag 21. januar 2009

Eg veit at der er ei tid for alt...

eg er berre litt usikker om eg får det....

mandag 19. januar 2009

Å verta sett pris på

Da e mangen her i verda so vert sett pris på. Nokre får medalja fø motet sitt te å hengja på jakko, andre får penga og plaketta fø bøk dei har skrive elle fotballa dei har sparka. Nokre får pris for beste film, eller beste birolle, nåken berre prisa seg sjølv, ofta lukkelege, andre att får sett ein pris på håve (hodet)..noko som e noko heilt anna....og ein tullete abstraksjon....uansett, dei fleste vert sprudlande glade for ein pris. Eg er ikkje ansleis.


No har nokre fine dame sett pris på meg, og da er eg rikeleg takknemleg for.
Ida i Lavendula og Tone i Mitt lille rom har gjeve meg denne:

Her er teksten som føl denne prisen:

1. Vinnaren kan kopiere denne logoen til han sin eller hennar side.
2. Lag en link til han/henne du fikk awarden fra.
3. Nominer minst 7 andre blogger.
4. Lag linker til desse bloggene på bloggen din.
5. Legg igjen en beskjed på bloggene til de nominerte.

Her er mine nominerte:

Og eg kan trøsta alle med, at alle desse sju vann! Alle desse fortener prisen for sine flotte bloggar som er til inspirasjon og glede for meg kvar einaste dag. Utan desse vart kvardagen litt kjedelegare :)

Den andre prisen eg har fått er frå Tante Julie og er denne:

Den ynskjer eg å gje vidare til Miamor og Gunda M for bloggar med kreativitet i bøtte og spann. Da gjeld mange her inne, men i dag vart det desse to som ligg hjarta mitt nærast.

...og då prisa eg meg lukkeleg for at eg fremdeles har tunga beint i munnen og ingen pris under leppa :)

søndag 18. januar 2009

Småskattar..

No kan det tenkjast at nokre av dykk har fått for dykk at eg er ei surmaga kjerring som klagar på prisen både her og der. Heldigvis så er eg ikkje det. Det var ikkje meininga å virka mygla i forrige innlegg :)
Her er nokre ting eg har funne og vorten veldig glad i...

Desse middagstallerkane fann eg på loppemarknad her i dalen. 40 kr for 8 stk. Nokre som kjenner mønsteret og veit om meir av dette?

Det neste er berre 4 asjettar. Dei er lette og har "billeg" trykk. Dei er laga i gamle Aust Tyskland og er utruleg sjarmerande.

Her ser de mønsteret litt betre.

Ellers har eg kjøpt ein del likørglas på bruktmarknader. Dei er alle små og vakre..og veldig sjeldan i bruk :)

No er bileta teke slik på skrå og nesten på hovudet, så eg reknar med at de er like kloke no som då de kom :)

lørdag 17. januar 2009

Bruktmarked

Eg er veldig glad i gamle ting. Eg er eigentleg ikkje så opptatt av interiør i seg sjølv, men eg likar ting med historie. Eg elskar å lese om loppefunn og arva skattar hjå andre bloggarar. Desverre er det ikkje så lett å få tak i slikt her. Har funne nokre småting tidlegare på eit lokalt Brukthus. Men dei har det siste året prisa varene hinsides reell verdi. 50 kr for ein simpel tallerken, brukt og utan særpreg, er ikkje noko funn desverre. Sjølvsagt kan ein vere heldig å finne eint og anna. Her er det eg drog heim hin dagen.

Mugga tippar litt mot New England - stilen, noko som roterar rundt ein litt anna akse enn det andre eg har. Kanskje eg skal gje den til ei veninne elskar slikt. Fann den på nettet. Dette firmaet som sel desse er lagt ned og har opphørssalg. Mi mugge var flunka ny med merkelappen framleis på seg, så 75,- er vel kanskje ikkje så ille for ei som er på salg for 19 pund.


Sausenebbet tykkjer eg er enkelt og utruleg vakkert. Irriterar meg sjølv at eg ikkje kjøpte det andre i same serie med fat under. Men prisen var stiv så eg nøgde meg med dette. Perfekt plass til Pistasjenøttene mine..

fredag 16. januar 2009

Polfarer...

No skulle eg berre til Knarvik. Men berre til Knarvik er langt nok det, for ei med det som populært vert kalla Hakkadalssertefikat.

Me har to typar Hakkadalssertefiktat. Da eina e vel strengt tatt ikkje noko sertefikat, derav navnet. Da è vel berre da at sjølv om ein ikkje har sertefikat...so kan ein kjøra bil i Hakkadalen. Da e heldigvis ikkje så mangen her med slikt sertefikat.

Da andra è slikt som eg har. Eg har sertefikat, men kan vel strengt tatt berre kjøra i Hakkadalendalen. Da e fleire tå desse sertefikata.


So måtte eg no til frisøren, slik folk må til frisøren av og til, når da gråa tek overhånd og mannen nektar å sove i same rom som ei som har brukt heimafarging.....

Sjølv om me har opp te fleire frisøra her, so e da ingen praktiserande og me må ein liten time i bil for å finna nokon som kan gjere grått svart att.

Da fysta eg gjer er å kvi meg. Eg kvir meg i fleire daga. Eg les langtidsvarsel på både yr og på storm, og skjelv i redsla for is og snjo og anna skummelt ver som kan bidra til gjere turen meir spanande enn den stregt tatt treng å vera. Og når dagen renn er eg i i korte trekk eit lite nervevrak.



Men i bilen ber det, venskapen (skjønnheten) kjem før alt. Miamor skriv så vakkert om turane sine med fint selskap som feks. Josh Groban. Hennar turar høyres so forlokkande og avslappa ut.

Eg måtte ta te takke med det husbonden hadde invitert inn. Eg må sei at eg var ikkje særleg høg i hatten der eg sat aleina med fire gamle kara frå KIZZ. Det vart så ubehageleg å ha Gene Simmons i baksetet at eg måtte stoppa og be dei gå.

Berre fø å oppdaga at ein einsam og forsoffen Jokke sat att dar bak. Eg hadde tenkt å sende han same vegen, men då han mumla noko om kor pen eg var, tenkte eg no at jaja..han kan no vere med litt lengre....heilt til eg klarte tyda: >Du er ingen fotomodell, du er ingen Garbo Jeg driter vel langt i det, jeg liker mørke og harry. Då bar det av på neste bussstopp.

Ja, ja. Eg hadde to ting å bekymra meg over. Finna parkeringsplass utan å drepa nokon ,og is....det var mange minus og redsla for at saltinga hadde vore i gnitnaste laget låg langt framme.

Etter få minuttar inn i turen skreik det tredje mot meg. Bilen var tom for bensin. Og eg er ikkje ein dreven bensinfyllar. No tenkjer kanskje du at ”gubbevaremegvel! Kor vanskeleg kan det vere??!” og då må eg få sei at sist gong eg skulle fylle olje på ein bil endte eg opp med å fylle på 2taktsolja. (og som eg no veit er den spesiallaga for mellom anna mopedar og motorsage :) so ja ingen veit kva det kunne ende med om eg måtte te på ein ukjend og skremande bensinstasjon denne dagen. Disel i spyleveska er det vel nærliggjande å tenke på....



Ja,ja turen gjekk smertefritt, både for meg og mine medborgarar. Håret vart svart att, eg svippa tilogmed innom brukthuset i Knarvik som heilt har prisa seg ut av marknaden desverre.

Da høyre til historien at eg ikkje fylde bensin uti verda. Eg kjørte med det rauda lyset heilt til eg var heimatt og kunne pusta letta ut ved pumpene på Mo....og då eg stod der kom eg til å fundera øve..om han dar Jokke kanskje hadde vore inne på noko likavel....

..om nokre undra seg over overskrifta so høyre da med til historien at me må til Knarvik for å finne nærmaste pol... :)

torsdag 15. januar 2009

Rose er en rose er en rose....


Da va restane tå siste omgang av adventskransen....

onsdag 14. januar 2009

Det er den draumen me ber på...

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje --
at tidi skal åpna seg
at hjarta skal åpna seg
at dører skal åpna seg
at berget skal åpna seg
at kjelder skal springa --
at draumen skal åpna seg,
at me ei morgon stund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst om.
Olav H.Hauge

Om å verta oppvegd..

Anemone skreiv her om dagen om å verta både målt og vegd. Ho fortel om sonen som vart målt og vegd og funnen for kort. Noko som er bale nok i seg sjølv, ikkje å verta målt, men funnen for lite eller for mykje av eit eller anna, den eine eller den andre vegen. Målt opp mot ein eller anna standard. Den vanlegaste standaren er vel ”Fleirtalsstandaren”. Denne standaren som baserar seg på at fleirtale har rett. At fleirtalet er rett og at ”sauflokken” alltid går rett veg.

Saueflokken er kanskje ett litt nedsetjande begrep i vår kultur, kunne for såvidt vore ka so helst flokk...me kan god sei kengurflokken for den saks skuld. Eg må få tilføya at eg fann innlegget til Anemone veldig godt og klokt skrive, spesielt avslutninga fall i god jord hjå meg


Det forundra meg litt at ein del folk her inne, eller her ute..vert beflippa øve at me vert vegd her. At dei tenkjer at ikkje nok med at me vert vegd i mors liv, hjå helsesystra, på skulen, hjå opptakskontoret, hjå sjefar og arbeidgjevarar, hjå det motsette kjønn, av skatteinnkrevaren og av badevekta, og ja også i Blogglandia. Skulle det vere so ansleis her? Er bloggsamfunnet ein eller anna velukka sosialistisk innordning der alle er like, likar det same, likar dei same, tykkjer alt er vakkert, klokt og morosamt?


Hermetisk harmoni får ingen framover. Diskusjonar og usemd er den beste kvalitetsikring plar eg sei. Eg trur på det. Eg trur også på at mangen tykkjer mitt pjatt er nettopp det, pjatt ,og surfar innom ein gong, og let det vere med det. Nett slik eg gjer det med nokre. Da so kanskje er bale med slikt er at nokre eg tykkjer er fantastiske, kjenner det ikkje slik om meg....det er då eg hentar vekta mi, og ser om eg ikkje kan finne dei og for...korte. Eg vert lett såra slik. Når nokon ikkje likar meg. Nauda for å ta att pressar seg på...ei lita finte, eit spark...

Kven er det då so så driv og veg oss slik? Og kvifor likar me det så dårleg?

Saka er den at Staten det er eg, som ein eller anna solkonge sa eingong. Det er eg som driv og veg slik. Kvar dag veg eg. Ein og anna dag veg eg deg. Eg veit at du har voge meg, om du veit det eller ikkje. Du sit og gjer det akkurat no faktisk. Mest sannsynleg vil du finne meg for kort. Det er det mange som gjer. Men eg veit at eg gjer det eg og.

Eg er eit menneskje som systematiserar og grupperar. Eg må ha orden og oversikt. Dei nifse puttar eg der, dei blå legg me der. Dei morosame (etter mitt syn) dei legg eg bortunder vindauga. Oppi korga legg eg dei shabby, dei som er både shabby og chick dei får liggja framme på bordet. Eg vil omgje meg med folk som bekreftar meg. So likar det eg likar, som er einige med meg, som skryt av meg og ler med meg....ikkje av meg. Slik er det berre.


Men so er det eit større aspekt her og. Miamor er flink med slikt. Å vise verdien til kvar enskild. Nokre gonger seier ho at verdien din er ikkje i det du gjer, men det du er saman med andre. Andre gonger snakkar ho om hjarta og kjærleiken, om romslegheita (fins sikkert eit berte ord på nynorsk, fann det ikkje), om å tåla det som ikkje er som oss. Dette er både gode og viktig ord.
Me menneskje kan heldigvis velja å vera meir enn det me frå naturen er. Me kan velja å handsama kvarandre med intigritet og respekt. Å lera å lika da som ikkje er likt oss. Eg trur me får rikare liv slik og det bør me strekkja oss langt for å gjera.


Men ellers så vert me nok vegd....og til tider funnen for kort. Og då kan me jo alltid trøsta oss med ord som seier at skattane fins utanfor allfars vei, og ” folk flest fann bileta til Gauguin og Picasso stygge då dei vart mala....

Og hugs kjære venner, at dette kun er mi audmjuke (!) konkludering...;)

tirsdag 13. januar 2009

Frk. Frost på is....

I dag handlar det om å leggjast på is. Når me vanlegvis legg noko på is, gjer me det for å bevare det lengre.

Snakkar me overført tyding, legg me vel saker og ting på is då og. Ofte snakkar me då om litt vanskelegare saker, ting me ikkje vil ha eller forhalde oss til akkurat i dag.


Ein legg vanlegvis ikkje tulipanar på is. Desse vart lagt der grunna latskap. Dei skulle i komposten, men det var for langt å ga. So dei dala ned i ein mellomstasjon, i trillebåra utanfor terassen. Lite visste eg at det ville forlenge livet deira med nesten ei veka. Ja, livet er vel å dra det vel langt, men mine auge fekk nyta venskapen deira ei veka lengre. At halvvisna tulipanar kunne vere so vakre som desse var der dei låg i snjoen og blenkte hadde eg aldri trudd...

Og slike dagar ein kjenner seg halvgamal og rusten, litt vissen, då funderar eg over om det hadde gjort seg...å lagt seg på is eit bel. ....

So her er min kandidat til Frk. Frost.....Frk. Tuilpa Mortem


søndag 11. januar 2009

Etter solkverv...

...no får det vere nok krig og fred og slikt...etter å ha vaska jula ut..fall mørket på...kl 15.00??? So eg brukar dagens bileter til å fargesetje eit dikt eg fann, skriven av bestefar min.

Etter solkverv

Som borna mot jol -
me gled oss for no får me stigande sol.
No dagen den lysnar og lengtar med kvart, -
og mørkret det tyngjer kje lenger so hardt.
Me skimtar bak kulde og mørkret som rår -
ein dormande vår.


Men enno ei tid -
vil vinteren vera kring dalar og lid.
Med kulde og snofokk og stormande vind, -
med klårver og solgull yv snølagde tind.
Med strålande stjernor på himmelen so blå -
so langt me kan sjå.

Det syng i kvar sjel -
ein tone so varm - for me veit det so vel:
Att atter det under me enn skal få sjå -
att våren me etter ein vinter skal få.
Den vona den lyser så klårt i vår barm -
og gjer oss so varm.


Bjarne Andås

lørdag 10. januar 2009

Om å setja alt øve styr....

Eg har so mange planar, so mykje kjekt å gjera i tida som kjem. Og so er eg på rett plass i livet og faktisk for ein gong skuld er eg på rett plass til rett tid. Eg har nytt hus. Eg har ny hage. Eg har handla inn lauk og sett ned ute i hagen for, ja, eit tresifra beløp. Eg kan nesten ikkje vente på dagen då dei alle skal stå i full flor og eg skal berre sige rundt i hagen med kaffikoppen min og gjere ingenting. Som eg tidlegare av avslørt har eg nokre små prosjekt inni huset også.


For å sei det rett ut, om alt går etter planane, mine planar, skal dette verte eit flott år. Men. Ja, der er eit men. Eg er desverre ikkje aleine i verda. Rundt om kring fins det folk som er villeg til å setje alt dette over styr. Det kjennes som det til tider er fullt av menneskje som rett og slett ikkje veit å oppføra seg. Dei sless og dei drep. Dei bryr seg overhovudet ikkje om at eg vert usikker og redd. Redd for at alle mine plana vert sett over styr og verda som eg kjenner ho skal ramla saman.

Så eg tykkjer nokon burde sei i frå. At me finn oss ikkje i da. At berre fø da at dei er av det hissige slaget so kan dei ikkje fara slik åt, at slike som meg, men både hage og interiør må ga rundt å vera redd for at alt eg har arbeidd fø var heilt forgjeves...

NB! Eg er heilt sikkert at eg har Fru. Beckhams støtta i denne saka ette at eg las at ho no hadde fått seg ei veska til 800 000,- te jul hjå mannen.....

..og nei, jula er her enno...men eg har ein plan for korleis eg skal sopa ho ut i måro.

fredag 9. januar 2009

..gamalt rask

Eg hadde so lyst å vere med i konkurransen til Moseplassen, Frøken Frost. No har det slik her at frosten er borte. Regnet har teke plassen til vakre snjokrystaller. Vegane er svarte att, trea står utan rim og vergudane trugar med storm...


(Dette er frå Os, Bjørnefjorden)

Så eg leita på disken etter nokre gode kandidatar. Det fann eg desverre ingen som kunne konkurrere i det gode selskapet ..enno..kanskje aldri. Der er mange sterke kandidatar. Ta dykk ein kikk.

Men eg fann no nokre bileter som eg vil dele med dykk. Jula fer ikkje ut or huset før i morgon, så interiørmessig er det mykje status quo her...


Bileta er tekne over ein periode på 5 år.

Her ser de innover mot Stølsheimen...

Dette er vel meir bakhagen min..

Og i morgon skal det verte vårlegare her også...