torsdag 8. januar 2009
Englemønstring....
I himmelen
Men her hjå oss vert det færre og færre. Her sit ein av mine små og kvir seg til han skal pakkast ned i gråpapir og gjøymast under juleputar og stjerneglitter....Eit heilt år!
tirsdag 6. januar 2009
Hjelp! me snjoar ned...

Eg treng litt tid, og litt betre lys for å blogge slike viktige ting. Men utfordringane ligg berre og ventar på meg, så stoff fins det nok alltids å ta av.
I år skal eg male golva i 2 etasje...100 m2....eller 100 km2 kjem det vel til å kjennes som. Eg har tohundre syprosjekt klar til avgang og eit par tusen uferdige...

Eit par svar til nokon som har spurd. Eg var eingong lærar av yrke (er vel strengt tatt det enno), men har arbeidd dei siste 8 åra innan marknadsføring. Eg fotograferer kun fordi eg er ein dårleg kunstmalar. Eg brukar bileta for å dele det vakre eg ser med flest mogeleg


Kameraet eg no har er eit Nikon D90 med ei Sigma 18-200mm OS linse. Eg er heilt forelska, men har brukt alle slags kamera før og det har også gje heilt fint :)
Vinterbiletet over er teken med eit gamalt kompaktkamera. Det fyrste Canon Powershot. Her er det naturen som imiterar kunsten, er det foto eller er det Kittesen? (Eg håpar alle har vit til å klikke på bileta, det er då ein får sjå dei skikkeleg)

mandag 5. januar 2009
Kjerringa mot straumen...

Når andre ryddar jula ut, leitar eg etter gode julemotiv....i dag var det siste rest av juletrea utandørs som fekk seg ein omgong i kameraet. I dag snjoa da som besett. Vakrare julastemning får ein berre ikkje. Og eg berre gjev meg ende øve...
søndag 4. januar 2009
No kjem vinteren....

Eg beheld jula i allefall ei veke til. Ho fekk i god tradisjon tru ikkje kome inn før eit par dagar før julafta. Og ho er enno velkomen her hjå oss. Å pakke henne ned, vil sei det same som å sløkkje alle lys og sitje i mørkret til ein gong uti april....

I dag for gjestane mine. Denne jula har vore i godt tid saman med gode vener og familie. Me har overlevd omgangssjuke utan nevneverdige problem. Rik tilgang til toaletter og litervis med PepsiMAX var alt som skulle til.
Det er på mange måtar ei vemodig dag. Eg langtar ikkje til kvardagen enno. I min kvardag går eg på arbeid før lyset kjem og går heimatt etter at det har vorte mørkt. Verkeleg deprimerande når eg tenkjer på det. Men eg veit også at sola har snudd og om ein månad skin ho på huset vårt att...

Januar, februar og mars er dei beste månadane for handarbeid, interiørplundring og andre prosjekt ein eigentleg ikkje har bruk for :) Eg har også nokre gufne nyårslovnadar til meg sjølv. Dei kjem til å kreve sin mann...eller kvinne. Sviande nederlag har vorte resultatet ved tidlegare forsøk, denne gongen anar eg ein seier långt dar framme...
Ei stor oppgåve står framfor meg. I år skal eg finne ut kva servise eg skal kjøpe inn.... Eg har i dag kun nokre grusomme IKEA løysingar som ikkje er noko å visa fintfolk. Eg har nett funne ut kva bestikk eg skulle ha...det tok 10 år... No håpar eg at før året er omme har eg ein ide om kva servise eg vil ha. Har sett mykje fint her ute...men klarar ikkje finne eit som er "heilt meg....Tek imot idear og tisp med stor takksemd.
Så då seier eg som denne dama.....
lørdag 3. januar 2009
No lavar snjoen ned..
So no trer eg av to vekers kjøkkenteneste og seglar avgårde i stille snjoverd... de får kosa deko med eit litt eldre bilete frå samlinga mi i mellomtida...
fredag 2. januar 2009
No er den øygjes hesten riden....

Lite visste me at akkurat da trengtes...men roa senka seg no til slutt...etter at alle var komne vel heim...att.
Og no er da berre 1 år til neste gong....pfff
..til dei som var i tvil...badnabursdag...til ein 8-åring.
Til dei som tyder utan meining. Overskrifta er sjølvsagt henta frå eit dikt av Olav Nygard som heiter "Etter ein andlåt" som omhandlar mykje meir tragiske hendingar enn ein badnabursdag med 10-15 ville ungar på lausgang i huset :)
Dei som kjenner Olav Nygard si dikting veit kanskje at han var fælsen med å lage nye ord. So ei enkel oversetjing fins nok ikkje. Men den øygjes hesten riden, omhandlar nok noko tungt som no er åvgjort. og slik kjendes det i dag. Eg er inga skjønn, småkvitrande husmor som elskar badnafesta. Eg er meir ei slik som kvir seg nesten eit heilt år i førevegen. For to små tima. Og som er like utsleten når dei er over som etter ei heil julestri....
torsdag 1. januar 2009
Kan, kan ikkje..
Men nokre vart no heilt greie. Motivet var i allefall interessant nok. Og etterkvart som eg får lese meg opp på alle finessane, reknar eg med at eg kjem strekare att. Men det er jau alltid slik, da e so bale med alt me ikkje kan...
Ei lita oppdatering. Det viste seg at det var ein bug med kameraet, der blenderopningen ikkje slo inn. Dårleg kontakt mellom kamera og objektiv. Demonterte og monterte og ser litt lysare på livet :)


























