Stikkefarstotten rir landet
og eg har sete høgt te hest på den eg med
men så vart eg lei
og fann heklenåla fram att
det var bestemor mi som lærte meg å hekle
for tusen år sidan
eg tykte heklaarbeid var uendeleg vakre og imponerande
berre tenk deg eit heimahekla
sengeteppe..
bestemor mi hekla enorme mengder
nydlege løparar
dukar og sengetepper
(det er ho som har hekla løparen på bildet over, trur det skulle verte eit sengeteppe som aldri vart ferdig)
eg har også veldig gode intensjonar om store "byggverk"
i imponerande proporsjonar
so langt har det berre vorte med
dei små...
(Hekleguri er eit uttrykk eg har høyrt opp gjennom tidene, men kvifor det er nokon som vert kalla det og kva det eigentleg kjem frå? fann eg ikkje noko om på den store internetten, nokon som veit?)
Så koselig å se igjen heklede brikker og duker. Jeg drev også med hekling ei periode. Kan være hyggelig å ta opp igjen den kunsten :-) Hilsen fra Liv
SvarSlettthat is beautiful! So with springtime :-)
SvarSlettsunny greetings
Antje
Kjekt at du held kunsten å hekle levande :-)
SvarSlettBåde mor-mor og svigermor hekla mykje.
Eg burde finne fram noko av det eg har i mine lader og pynte med det.
Hekleguri har eg også høyrt, men har inga aning om opprinnelsen til det.
God palmesundag i Hakkadalen :-)
Er så koselig med heklerier:)
SvarSlettJeg kan ingenting av slikt jeg, skulle gjerne lært meg både å strikke og å hekle :))
Ha en fin dag!!