tirsdag 27. oktober 2015

Haustrim


Påny heve somaren sagt oss farvel -
og hausten hev alt teke rommet.
Det sukkar so sårt kringom lider og fjell -
og skjelvande stend kvar ein blome.
Det gustar so kaldt - det  er liksom alt -
seg gruar for vintens kome.



Jau hausten er komen, det ruskar og riv -
og stormkasti kviner om nova.
Og songen blir borte - der kald-snoen driv,
og livet som våren den lova.
- Det tonar i moll - kring knausar og koll -
og tussmørkret legg seg om stova.



Det vaknar ei underleg kjensle i barm -
når hausten for alvor hev vunne.
Ein saknar nok sommeren sollys og varm -
kvar himmelblå dag som hev runne.
Om hugen vert sår - er vona so klår-
att etter ein vinter so kjem der ein vår.

Bj. Andås

2 kommentarer:

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.