mandag 27. oktober 2014

Slow living


Kven har vel ikkje vore på basar?
Då eg var lita var basar noko tå da flottaste so hende
lokala var stinne av smilande vaksne og forventningsfulle ongar
Ein øvelevde lett song på song og ei heller lang og krevande andakt
fø ettepå kom kakene
og åresalg


På dei bakerste borda sat bygdas eldre karar og tømde lommeboka
borda klarte nesten ikkje favne alle årene dei hadde kjøpt
og dei vann og vann
og gjevaste prisen var dei store blautkakene som kom sist
på kvar einaste åresalrunde


No er det ingen blautkaker att
det har Mattilsynet sytt for
det er heller lite folk
og årene er i dyraste laget for å kunne fylle heile bordet
Det er ikkje mange heimastrikka lesta og vakkert broderte klokkestrengar att heller
dei må du kjøpe dyrt på messer og marknadar no
billeg plast frå Kina har fått fotfeste
og andaktene har vorte kortare og kortare


likavel
å slå av ein time eller rettare sagt TRE
på basar
er heilt herleg 
for eg treng øva meg litt på nettopp da
å leva litt sakte, pusta ut og roa ned
for på basar har dei verkeleg allverda
med tid


5 kommentarer:

  1. Dette traff midt i hjerterota. Det var og er herlig med basar. Var nettopp på en slik jeg og, og opplevde litt av barndommen på nytt. Så kjekt!

    SvarSlett
  2. Å; så herleg.. Kunne fått med meg ein basar no laurdag som kjem, men prioriterar 50års dag til ei vennine.

    klem

    SvarSlett
  3. Hjartesukk!!! Basar; det største som hende ei lita jente i Åbakken! Me hadde ikkje så ofte årer, men desto fleire lodd kunne me kjøpa i boka. Eg kjøpte alltid lodd på 'Siri og far', og me vann alltid noko.. Guten i bygda som berre hadde 4 kroner, vann også 2(!) gevinstar. Kaker, fruktposar og fruktkorger med noko sjokolade og twist innimellom frukta..... Takk, for at du bringar med tilbake til desse hærlege minner!!
    Siri

    SvarSlett
  4. Basar er kjekkt,men synest det er dyrt enkelte plasser...kjekkare å vinne noko ein liker enn masse som ein ikkje kunne tenkt seg,Hihi men eg vinner sjelden;)

    Fin dag til deg!
    Klem

    SvarSlett
  5. Jeg visse ikke at disse lodd-årene faktisk så sånn ut.

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.