fredag 18. april 2014

Stille morgon


Då eg la jentungen om kvelden og lurte på om ho var nøgd 
med dei fine morgonane og dei langsame frukostane med har hatt no i påska
svara ho kort og litt snurt
om eg kunne vere so vennleg å ikkje vekke henne og alle dei andre
før minst klokka halv elleve

 

og ja sjølv om eg skvatt litt so tenkte eg no at dei skulle få fred
og når sola skein inn i senga mi klokka halv åtta i dag
kunne eg ikkje anna enn stå opp
og ete frukost aleine
Fyrte til og med opp eit lys ein av ungane har laga te jul (derav fargen)
herleg stemning i sola



3 kommentarer:

  1. koselig ;)
    her er det berre eg og kuene som er oppe enda - og ekstra koselig er det vel å finne litt egentid ...

    nyt påskedagene - monikaklemma

    SvarSlett
  2. Fornuftig!
    Kos deg aleine av og til, gjer godt det..
    I dag var eg seint oppe. Vakna 06.00 og syns det var for tidleg.
    Seinare angra eg på at eg ikkje berre stod opp då.
    Men klarte no bake 50 bollar i dag :-)

    Kos deg vidare!

    Påskeklem

    SvarSlett
  3. Hihi felles frukoster har eg gitt opp,alle fem står opp til ulike tider så tar frokosten åleine:)fårheller ha andre måltid felles;)

    Forsatt fin påske til deg!
    Klem

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.