torsdag 21. juni 2012

...fransk terte...


Her er det mange reglar for korleis ein slik deig skal lagast. Den viktigaste er vel at den ikkje skal eltast i hjel men nett sånn passe. Smøret må vere kaldt og isvatnet må vere nettopp det..isvatn. Del deigen i 4 emner og legg dei i kjøleskapet ein time medan du lagar vaniljekremen.


Kok mjelka og vaniljestanga (delt og skrapa) nesten opp på kok. Rør eggeplommer, sukker og kveitemjøl saman. Hel den avkjøla (10 min av plata) mjelkeblandinga i "eggerøra". Hell alt tilbake i panna og kok opp, kok i 1 min under omrøring. Avkjøl. Pisk kremfløyten til krem og rør inn i den kalde vaniljekremblandinga.

Kjevle ut emnene til 4 runde små terter. Legg ca 3 ss med vaniljekrem på og så putt på med bær. Brett kanten innatt over terta. Pensle med smelta smør og steik på 200 grader i ca 15 min eller til den vert lekker brun i kanten (vart aldri min sidan eg gløymde å pensle :D)

Smakar fantastisk saman med is......sjølvsagt.

1 kommentar:

  1. så lekker ut !!
    no får kokken min plutselig nokka å gjøre etter arbeidstid ; )

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.