onsdag 5. januar 2011

Januar...

Ingen månad har askesen som tema til dei grader, som stakkars januar har. No har me rulla oss rundt i fløyte og saus heile jula, og i januar skal me rydda oppatt i alt som gjekk gale året før. Eg er akkurat slik også, ikkje noko orginalitet frå dette hald. So i dag rauk oreokjeksa ut og vart erstatta av heimalaga knekkebrød. Desse knekkebrøda som har fare som ein farsott gjennom husmorverda, og som eg aldri har lagt noko vidare "vekt" :) på.. Med slike turre ingrediensar, kor kan det verte etandes? Knapt nok fuglemat...




Men so kom januar og eg måtte bite i det sure eplet, eller i kruskaklien om du vil. Saka er den at dei vart so forferdeleg gode at eg har store problem med måtehaldet. Og sjølv om dei er sunne så er dei ikkje akkurat laga tå luft...



Løye korleis ting kan overraske ein slikt positivt. Nett som skåla de har sett på ein del bilder i det siste. Lenge tenkte eg om Mariskåla frå Iittala at ho såg uendeleg billeg ut til å vere so dyr, men so ein dag vakna eg og måtte berre ha den frosta varianten. Berre spør mannen som måtte slite seg frå butikk til butikk i julestresset for å finne akkurat ei slik til meg....

14 kommentarer:

  1. Dei ER gode desse knekkebrøda;)
    Og slik ei fin skål har ikkje eg, den var fin.

    SvarSlett
  2. Ja, av innhaldet i dei to skålene veit eg natt ka eg ville valgt!! Eg skal bake knekkebrød sjølv seinare i kveld. Dei er knakande gode. Har bakt dei i snart eit år med jamne mellomrom.

    KLEM!!

    SvarSlett
  3. Knekkebrød, ja. Ikke så dumt, så sant det skamer godt.

    Ikke så dumt med Mariskåla heller. Jeg er jo i Finland med jevne mellomrom (senest nå i desember) hvor jeg ser de "i bøtter og spann". Men så langt har jeg ikke klart å bestemme meg for hvilken farge jeg liker best (heller mot den lyseblå), så jeg kommer hjem gang på gang uten en. Men kanskje neste gang...

    SvarSlett
  4. Og eg som akkurat åt potetgull...
    Såg gode ut dei knekkebrøda..

    smittefri klem ;-)
    atsjo...

    SvarSlett
  5. Godt nyår! Har laga dei gode knekkebrøda eg òg, siste gongen litt vel steikte, så det kosta meg kr 1000 hjå tannlegen :'( ("materialtrøttleik" kalla han det...!)

    Dine bilder er alltid så fine, eg gav manen min nytt kamera til jul, har tenkt å låne det pittelitt... Det har vore bloggtørke her, har kosa meg i lag med julegjestene :o)

    SvarSlett
  6. Vakre bilder!! Du er så flink!

    Og knekkebrødene.....de skal bakes her også. de er kjempegode!

    SvarSlett
  7. De knekkebrødene så utrolig gode ut! Jeg skulle gjerne hatt oppskriften, jeg =)

    SvarSlett
  8. ja, takk til begge deler :o) først knekkebrød og så kjekt til "dessert" :o)
    nei, januar er en sånn tung og trist måned - at søtsakene klarer jeg
    ihvertfall ikke å kutte ut!
    Med meg blir det heller motsatt : en økning av fy-fy saker denne første måned i året... men jeg har nå begynt å trene igjen i dag - så litt flink er jeg jo :o)

    Ha en kjempefin januardag videre.
    Klem J.

    SvarSlett
  9. Eg skulle vel ha svart at slike vil eg og baka....Men eg er ingen baker så eg får halda meg til dei me kjøper. Hjelper kanskje på måtehaldet...... Kos deg med dine gode knekkebrød , og med skåla di som eg må innrømma at eg har tenkt(tenker...?)akkurat det samme om som deg.Hehe.

    SvarSlett
  10. Knekkebrød, ja :-) mmmmm!
    Bruker du samme oppskriften som de jeg fikk til jul? her: http://www.fiesnotiser.no/2010/12/en-boks-med-knekkebrd.html

    (Jeg la den rett ut på bloggen min slik at flere kunne nyte herligheten)

    Flotte bilder hos deg! Gleder meg til å følge med videre. Godt nytt forresten, om jeg ikke har sagt det før..

    SvarSlett
  11. Etter juel med masse god mat og drikke, fristet faktisk knekkebrlødene meg. De så utrolig deilige ut. Jeg har aldri bakt slike før og kunne godt tenkt å prøve disse. Har du oppskriften?

    SvarSlett
  12. Tusen takk for oppskrift! Dette skal jeg prøve i helgen. Ha en fin dag!

    SvarSlett
  13. Eg har også fått meg mariskål! Det vart merkeleg nok ei julegåve til overs då eg hadde pakka inn alt som skulle delast ut - så det var ikkje anna råd enn at eg måtte behalde den sjølv. ;)

    God helg!

    SvarSlett
  14. Fniiis... Du er herlig:-))
    Glad jeg ikke fråtser i julemat for da har jeg ingen overgang... Godt for noe denne veganmaten:-))
    Tenker det var litt overraskende å sette tennene i de knekkebrødene og oppdage at wooow...de var jo gode jo... Om de ikke er laget av luft er de hvertfall uten sukker...
    KlemmKlemmm

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.