lørdag 1. august 2009

Sommarnatt

Sommarnatt sig over landet vårt ned.
Sola har gøymt seg der langt ut i havet.
Natura ho drøymer og anda av fred.
Menneskjeborna kviler frå striden og kavet.



Alt er stillle på tun og på gard.
Livet det dormar kring lider og lundar.
Kviler frå dagen med onna so hard, -
ein soldag so varm med dei sælaste stunder.

Sommarnatt sveipest om heid og om hav, -
det vårgrøne fjell og den blåstille sjøen.
So fagert er landet Våreherre oss gav -
med lauvtunge lid og med blomar på bøen.



Sommarnatts stille og heilage fred,
breier seg mjukt kringom kollar og strender.
Berre elva ho vakker -sullar og kved -
sin sommarnatts song gjenom dalar og grender.

Sommarnatt - gjer du oss stille eit bel, -
lær oss å leva som visdomen kjenner.
Stryk du oss alle på kropp og på sjel,
so vårfrisk me møta kan morgon som renner.

Bj. A

7 kommentarer:

  1. Så flott!! Her sig sensommernettene og høstnettene inn over Trondheimsfjorden. Vakkert det og. Lys i hagen og varm grill til ovn.

    Ønsker deg ei flott helg:))

    SvarSlett
  2. Utrolig vakkert ;o)

    Sitter og lurer på om det er du som har diktet?? Ser en signatur nederst...
    Uansett, vakre ord også. Syntes ofte dikt gjør seg best på nynorsk!

    Klem J.

    SvarSlett
  3. Nydeleg dikt..
    Er vel bestfaren din som har skreve det?
    Du har hatt dikt av han før her på bloggen.
    Kjekt at du deler dei..

    SvarSlett
  4. ..enda ei perle av et dikt fra genene dine....suvvverent!!

    SvarSlett
  5. Nydelig vakker dikt!
    Er du dikteren eller bestefaren din som eg ser blandt kommentarene??

    SvarSlett
  6. Oppdaget nettopp denne flotte bloggen! Går rett inn på bloggleselista mi, denne er herlig! Takk!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.