tirsdag 14. juli 2009

Frøken Markblomst 2009

Det er ikkje lett å velje. Dalen er full av blomar. Definisjonen på markblomst leika eg meg lenge med. Kor nær marka bør blomen vere? Er ein Tistel ein markblomst? Kva med markjordbær? osb...Kandidatane er mange.



Den utvalde, Frk. Maurstaude, er ein liten sak som heiter Legeveronika, Veronica officinalis og tilhøyre maskeblomstfamilien. Ser for meg at dei har mykje morro, den familien der :)

Fyrste gong eg la merke til Frk. Maurstade, var ein dag eg gjekk tur i skogen. Eit teppe av desse blomane låg langs stien. Dei var ikkje høgare enn 5 til 10 cm, og det slo meg at Herren hadde laga desse riddersporeliknande staudane til maur og alt småkryp så dei også kunne få kjenne på hagegleda ;)...det er skoen min de ser i bakgrunnen der...




Litt fakta om kandidaten: (henta frå nettet)

”Apotekerblomsten” Veronica officinalis. "Veronica" = navn på den hellige Veronika og "officinalis" = hører til på apoteket. Til tross for navnet, er ikke legeveronika ofret mye oppmerksomhet i nyere urtebøker, men i eldre urtemedisin og i folkemedisinen var planten ganske høyt verdsatt.

Den danske urtebokforfatteren Simon Paullii forteller at det var jegere som oppdaget plantens legende egenskaper. Det skjedde da de så at en hjort som var skambitt av en ulv fikk sårene leget ved å spise legeveronika.

Maria Treben angir at legeveronika kan utgjøre et fint innslag i blodrensende teer, og sammen med friske brennesleskudd skal den kunne kurere kronisk eksem, og være spesielt fin ved alderdomskløe. I følge Maria skal en kopp te før sengetid virke beroligende.

Rolv Hjelmstad angir på sine urtesider at legeveronik kan benyttes mot luftveiskatarr, hoste, forkjølelse, infeksjoner i munn og svelg, diaré, fordøyelsesbesvær, byller, betente sår, brennkopper og nervøs utmattelse.

Frk. Maurstaude



..min kandidat til Frk. Markblomst 2009

Eg må få addera at grunnen til at den vert kalla Frk. Maurstaude er at då eg låg der og rulla meg på bakken, i eit tappert forsøk på eit godt bilde, nytta ikkje mindre enn to maurar sjangsen til å gjere sitt i buksa mi...ja, da va ildt...

5 kommentarer:

  1. Det er en liten skjønning den lille legeveronikaen, morsomt at det var denne du trakk frem :)

    flotte bilder, er det den siste du vil jeg skal bruke, det føltes litt slik når jeg leser innlegget, men tenkte det var fint å sjekke.

    og veldig hyggelig at du er med på konkurranse!

    SvarSlett
  2. Litt unnseleg og sannsynlegvis lett å oversjå, men Akk så vakker når ho berre får vise seg fram:0)
    Ein herleg kandidat!!

    SvarSlett
  3. Søt liten maurstaude...og nydelig bilde under her. Hold deg frisk og nyt sommeren!

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.