tirsdag 28. april 2015
fredag 24. april 2015
Alt som blømer
Midt i all våronn er det herleg å stoppe opp litt
og sjå på det som blømer
på nytt liv som kveikjes
snjoen som sakte må ta sin kalde frakk
og gå
Ynskjer dykk ei god og blømande helg!
Etiketter:
Blomar,
Hage,
Hus og hage,
Vår
Prosjekt 1 - plen
For tida held me på ute i hagen
eg har bestemt med 1 stemme mot 3
at me skal lage ny plen i år
sjølv om eg er i mindretal
vert det som eg vil
:D
plenen har slite i fleire år no
og i år orka eg ikkje kamma og gre den stusselege hentesveisen meir
plenen vår fekk ein skikkeleg trøkk for to år sidan
då den rotna på rot under snjoen som aldri ville gje seg det året
so no var det slutt
all plen rundt heile huset skal leggjast på nytt
tusenvis av steinar skal plukkast og
lass på lass med jord skal flyttast og ommøblerast
men utpå sommaren eingong
kjem etterbildene
og heilt ærleg
dei gler eg meg sikker meir til
enn nokon av dykk
men fyrst
må me plukka litt meir
stein..
me snakkar jo om Hakkadalen...uren luren himmelturen
steinsrøys
steinrøys
svelt i hjel...
Etiketter:
Hage,
Hus og hage,
Vår
onsdag 22. april 2015
Da pikka te liv
det er litt stille på bloggen her for tida
grunnen er hardt arbeid ute i hagen
store prosjekt
skal dragast i havn
kjem nokre bilder snart
:D
mandag 20. april 2015
onsdag 15. april 2015
No livnar det i lundar
sjølv med nysnjo på bakkane kvar morgon dei siste dagane
vårast det litt for kvar dag
i år har eg ein del stort arbeid framfor meg
og gler meg storveges
mandag 13. april 2015
Når humla somlar
Dar ligg humla i ei seng
av nektar
og vår
tek seg eit sup av mjelk og honning
kvila litt
før ho fer vidare mot sommaren
søndag 12. april 2015
Katten og musa
Knappen er ein god jeger
her kan ingen føle seg trygge
hverken mus eller fuggel
eg er i utgangspunktet glad ho tek mus
men må sei det gjer meg litt ildt å sjå kor katten plagar
musa langt over det som skal til for å ta livet av henne
nokre gonger har eg
redda musa
i rein medkjensle
for det er ikkje ei kjensle katten slites med
det er i allefall sikkert
Etiketter:
Dyr
fredag 10. april 2015
Hugs
eg veit eg er litt treig i år
men endeleg kom fyrste frøa i jord
hjå meg og
kvar sommar tenkjer eg at eg må hugse kva blomar eg vil ha
og kvar eg vil ha dei
kva staudar som må delast
og kven som må flyttast
kvar vår har eg gløymt alt saman
kvar vår er det som eg ser hagen for fyrste gong
og ingenting vert endra frå året før...
Etiketter:
Blomar,
Frukt og bær,
Hage,
Hus og hage,
Vår
torsdag 9. april 2015
Da vårast
I går var eg så heldig at eg hadde tid til å vere ute ei lita stund medan sola skein
det er ikkje mykje som blømer i hagen enno
men litt meir kvar dag
det er lenge sidan eg mentalt gav opp å leggje ned løk om hausten
mesteparten kjem ikkje oppatt likevel
kunne likagodt grave ned tusenlappa
har eg nok frustrert tenkt meir enn ein gong
likavel gjer eg det
set ned nye løk
og i år kom det no opp nokre krokusar her og der
dei stod der og tørka nattefrosten av seg i den bleike morgonsola
og viste våren veg
eg har alltid hatt våren som ein knapp favoritt
når det gjeld årstidene
men kjenner likevel at energien
i skrotten ikkje er like sterk som i naturen
etter som åra går kjenner eg større behov for å klamra meg fast til kaffikoppen
enn ut å rydde bedd
får håpe at sola deler
sin uendelege energi
til alt levande
også haustande dame
med uendeleg mange kaffikoppa..
God torsdag :D
Etiketter:
Hage,
Hus og hage,
Vår
onsdag 8. april 2015
tirsdag 7. april 2015
mandag 6. april 2015
onsdag 1. april 2015
mandag 30. mars 2015
Blomar er vår
Når våren nærmar seg
her i Hakkadalen
vert da nok lite anna enn blomar herifrå
snjoen ligg enno så dei fyrste
er i krukker og kar
Snart slutt på frostenettene
og snjoen gjev snart opp
gler meg slik til våren
og sommaren
og faktisk og til hausten
godt å gle seg tenkje eg
livskvalitet i slikt og
fredag 27. mars 2015
Strikkegalskap
sånn heilt plutseleg fann eg meg sjølv
strikkande
kontinuerleg
eg begynte med hue
då eg hadde passert ti og vel so da
mest etter mynster frå eiga håve (:)
begynte eg å kjeda meg
so skulle eg strikka meg grytelappa
strikka ein etter gamalt mønster
når ein strikka 4 omganga
vart da i netto 2
altfø tidkrevande fø meg
so da vart med ein
so vart da kjola
te småjente
datra spurte kem dei va te
eg svara at de visste eg ikkje
- då får få deg ein onge te då
så kan få dei, meinte ho
eg forklarte at da fans ei øvre aldresgrensa fø slekt
då meinte ho eg kunne
adoptera
at me burde adoptera ei jenta
te kjolane eg strikka
skal ha da ungane
dei ser ikkje mykje te hindringane
dei ser berre muligheitene (høva)
sånn generelt sett trur eg at me kan læra noko av da
men kanskje ikkje nett i detta høve
skulle starta med veveing so eg hadde tenkt
då hadde eg berre trengt ein vegg....
Etiketter:
Handarbeid
Abonner på:
Innlegg (Atom)























































