lørdag 10. november 2012

Farsdag

Her er eit lite utval som eg trur kunne falle mannen i huset i smak. Kjøkkenhandkledet er ikkje tenkt som kjøkkenhandkle, men som  regelmessig synstest. Slik kan man kanskje unngå å kjøpe kikersiktet til 16 000, for det vert ikkje billig hjortekjøt når jaktutstyret har ein slik prislapp.


Egget kunne me nok tenkt oss begge to utan at det nokon gong vert ein realitet. Men det er lov å drøyme, for vakker er den.

No er mannen heldigvis ikkje min far og mitt hovudbry i morgon :D for der er den oppveksande slekta i sving.... min far har nok litt andre ynskjer. Som litt fri kan eg tenkje meg, litt kremkake og fin musikk....og skulle du lese her far, "Gratulerer med farsdagen!"


fredag 9. november 2012

God helg!

Hugs verdas vakraste kokebok!

  

torsdag 8. november 2012

Verdas styggaste sko

 

fekk endeleg vere med på bilder....

(Jule)bakst


Ja eg veit at me er i allefall ein månad for tidleg ute. Men eg har ei jente som har fri annakvar onsdag, og då får ho velje seg ein ting ho vil gjere. Og mor kan ikkje sei nei. So til no har me baka kakemenn i september, peparkaker i oktober og no lussekattar i november. Og i desember skal me vel gjenta alt, berre med høgare intensitet og kortare intervall reknar eg med :D


Koseleg var det i allefall , med fyr i ovenen og lavande snjo ute...og sist eg såg var bollane snart fordufta alle som ein...

onsdag 7. november 2012

K O S


Eg hadde heilt ærleg tenkt å kosa meg litt meir før fristen for NIB si novemberutfordring gjekk ut. No vart det ikkje slik og kastar meg med, med drivhuskosen eg allereie har vist litt av. Sjølvsagt høyre sjokolade til begrepet kos her i huset, men som de ser vart det litt meir penicillinvennlig mat denn gongen. Kos det og :D
Kanskje vel julete til å vere i november, men for fyrste gong i livet mitt er eg tidleg ute, og eg både gler meg og kosar meg med å pusle juleførebuing...

tirsdag 6. november 2012

Adventskalender



Etter mange år med klypekalenderer har eg i år lyst å lage noko nytt. Jammen ikkje lett å finne ei løysing som er både dekorativ, praktisk og overkommeleg.... No har eg ein plan som inkluderer små strieposer og ei gamal dør.... 

Plana


Når forma sig, vert plana te drauma..

mandag 5. november 2012

Ein romersk paviljong på ein hesjastaur

..det vart løysinga for fuglane våre i år sidan  me plutseleg var vortne katteeigarar og. Høgt heng da men søtt er det nok, for katten har forsøkt utallige gongar å kome seg opp, utan hell heldigvis...



Kaninen vår vil heller ikkje inn. Snjo og minusgrader plagar ikkje han så lenge han slepp å bu i bur. No minkar det på maten ute så han sit oftare og oftare på terassen for å  få komme inn å få seg litt mat...

 

Men når det er gjort fer han rett utatt....Labben som han heiter er ein innekanin som fekk vere fri i heile sommaren og som no har vorten ein utekanin. Minus 9 er den kaldaste natta han har sove ute og han elskar snjo. Rasen er hermelin. Og for reven er han nok som ein liten marshmallow som ligg og ventar på å verte eten...

søndag 4. november 2012

Glashuskos


I dag har eg rydda ut or drivhuset og gjort det klart for vinteren. Men kunne ikkje dy meg for å lage litt førjulskos før eg var ferdig. No i haust og vinter kjem eg berre til å varme opp huset når eg skal lage julekransar ol og treng ein litt rufsete arbeidsplass.


Kjenner eg gler meg til jul alt...

lørdag 3. november 2012

Ein heilt vanleg laurdag


I går hadde eg planar for dagen i dag. Som vanleg fekk eg berre gjort ein brøkdel. Eg har planar for morgondagen også, så får me sjå...... 

fredag 2. november 2012

Fredag


God helg!

torsdag 1. november 2012

November




Akkurat slik november skal vera....



onsdag 31. oktober 2012

Peparbusk



Konkurs!

Nåken è Donald Duck og nåken er Fetter Anton
Da è ikkje rettferdig
men da è no berre sånn...


Eg er nok litt meir Donald enn han hin. Og i tillegg har det vist seg at balne ting skjer i kjølevatnet av meg og mitt... Då me kjøpte norskt og solid kjøkken hjå Sivesind, va da vel kanskje da siste kjøkkenet dei selde.




So kjøpte me ein Saab.... 
So handla eg i haug og dung hjå Pentik i Lagunen..
Eg begynte og å strikka eit sofateppe i Topp t' Tå garn frå Gjestal...
Men sjølvsagt før eg vart ferdig (4 år :O)  så orka dei ikkje produsere dette garnet meir...

Kan du hjelpa meg? Har du, eller kjenner du nokre som kanskje kunne ha eit par nøste kvit Topp t' Tå garn liggjande i eit skap i vente på betre tider....?

Om du har så er eg kanskje Fetter Anton likavel? I allefall for ein dag!

tirsdag 30. oktober 2012

..lettast å rydda...

 

Loftstova er ganske kjapp å få på stell, derfor vert det den de får sjå i dag...



....planlegg nytt arbeidsbord til heimekontora...må berre ut på nett og inspirere meg litt fyrst, treng durabeleg med pågangsmot kjenner eg :D

mandag 29. oktober 2012

Brått kom vinteren

 

Vintersong

Atter ein gong syng det vinter.
Jorda er klaka og kald.
Atter rår stormharde netter -
alt er i vinterens vald.
No kan han herja og tyne -
seinvår han spottande spår.
Det er som mest han vil syne -
no er det vinteren som rår.

...fyrste vers av vinterong av Bj. A. 

No er fyrste verset av vår vintersong også igong...

søndag 28. oktober 2012

Vinteren tek tak...


fredag 26. oktober 2012

Prinsippfast



Sidan Tine K er så til dei grader overrepresentert på dagens interiørbloggar har eg vore veldig prinsippfast og ikkje kjøpt meg noko av dette merket. Uansett kor lyst eg kanskje har hatt, har eg stått i mot og vist integritet og sjølvstende. For eg er jo inga hermelus.....

Likavel har det snike seg inn ein lampe......og litt lys og såper...som har vore gåver. Og de anar ikkje kor godt det er at folk ikkje tek hensyn til mine prinsipp når dei skal gleda meg.... og til dei i min  omgangskrets som tenkjer på julegåver alt......
- eg skal i allefall ikkje kjøpe meg slike lysfat eller skåler frå Tine K som alle andre har, nei det skal eg i allefall ikkje.....


torsdag 25. oktober 2012

Gje vekk! Giveaway!

I dag vil eg gje vekk noko aldeles fantastisk vakkert og flott og kjekt og fargerikt og lekkert og ..godt? I dag vil eg gje vekk ei bok. Ei kokebok.  Boka heiter " Small Plates and Sweet Treats" og er eit praktverk av ei kokebok. Alle oppskriftene er laga utan gluten og er svært egna for folk med glutenintoleranse eller andre som ikkje treng kveitemjøl til alt :D


Dama som har skrive boka heiter Aran Goyoaga og er ei baskisk dame som bur i USA. Ho er bakemeisteren som fekk glutenintoleranse og som på eigenhand har laga dei lekraste rettar utan. Her kan de sjå filmen om det. Bileta hennar har så lenge eg har kjend til henne vore ei stor kjelde til glede og inspirasjon. Boka er inga unntak.


So no gjev eg vekk ei bok til ein forhåpentligvis glad vinnar. Det du treng å gjere for å vere med er å leggje att ein kommentar på dette innlegget. Legg du deg til som fylgjar får du to lodd.  Reklamerar du på eigen blogg får du fem! :D Du kan bruke den vetle diskre knappen eg har her på høgresida om du vil. Har du ikkje blogg legg du att ei epostadresse eg kan nå deg på om du vinn. Er du Modaling vert da veldig enkelt, då kan eg levera boka til fots om du vinn. So legg att ein kommentar du og.


Eg trekk vinnaren 1 desember tenkjer eg...når julekaoset er på topp, så får du kanskje ei bok å kosa deg med i advendtstida. Ein liten advarsel er, du får ikkje mykje av ingrediensane til rettane på Coopen, men dei har det meste på helsekosten i Knarvik for å sei det slik :D


Alle bilda er teke av forfattaren av boka, Aran Goyoaga med den vakre bloggen Canelle et Vanille og er brukt med tillatelse frå henne.

(Gjevekken er heilt sponsorfri og kvitteringa kan leggjast fram på forespurnad)