fredag 21. september 2012

To tette og ei badehette



Eg tykkjer hettesoppar er uendeleg vakre der dei står og nikkar i skogen. 


Desse stod der i dag og trøsta meg med sin venleik sidan noko(n) hadde rana min barndomsdal, dvs. skogen var raka tom for etandes sopp....

torsdag 20. september 2012

Nokre gonger


..går lufta heilt  ut av ballongen. No har eg regna so til dei grader vekk, at kameraet mitt har mygla bort i ein krok. Lyset har forlete oss og inspirasjonen har gje i dekning ein eller annan stad på austlandet. Eg orkar ikkje ta bilder, og eg orkar ikkje blogge med overbevisning....eg ligg på sofaen med fyr i peisen og tenkjer på alt eg kunne ha gjort om eg var rik og sola skein...

Eg håpar på sol i helga, slik eg håpar å vinne i tipping.... ingenting er sikkert, men alt er mogeleg....

tirsdag 18. september 2012

Om å hausta det du sår..

..eller kanskje ikkje det eingong. Heile drivhusprosjeketet mitt har no vore litt på høgg og belegg i år..


og mykje av det eg har sådd vart aldri til noko som kunne haustast. Men nokre voksbønner, tomatar og chili har eg no klart å pressa fram. Uansett er da viktigaste med heile prosjektet, alle timane med Zen som eg har hatt der ute, og framleis forhåpentlegvis kjem til å få....


..so hittil har eg kanskje båre ut meir godsaker til drivhuset enn inn frå det. Men neste år... er på nytt eit år...


mandag 17. september 2012

Gode minne


No er det lenge sidan eg har sett sola. Regnet vil ingen ende ta. Då er det godt å minnast smakfulle dagar tidlegare i år....

søndag 16. september 2012

Festleg



Denne helga har vore festleg på mange måtar. Kanskje mest bokstavleg. Fest to dager til endes resulterte i ein heller redusert skrott. Godt det rignar ute so eg slepp ha dårleg samvit for at eg ikkje orkar gå ut...

Ellers må eg få takka for fine kommentarar på tidlegare innlegg. Dei varmar godt i hauststormane...

lørdag 15. september 2012

Regn




Sia da regna so mykje ute, legg eg ut bilder av solskinn.

God laurdag!

onsdag 12. september 2012

Likører



Som tidlegare vist likar eg å lage likørar. Det fins nesten ingen grense for kva du kan lage likør av. Nesten som med frityrsteiking er det berre fantasien som set begrensninga ..heldigvis :D


Eg har laga likør av det meste. Og mesteparten glir lett ned når det har stått i nokre år. Kanskje einaste kantarelldrammen får stå vel mykje i fred, men ellers brukar eg alt av bær og nøtter, blader og anna skrot :D..ja askedrammen har hittil fått stå i fred også merkeleg nok...


Oppskrift Googlar eg. Når det gjeld bær set ein dei ofte på sprit eit par- tre veker og så silar av for å tilsetje sukker. Så skal dette stå i min 6 mnd, helst i mange år.

SKÅL!


tirsdag 11. september 2012

Ornithogalum



Eg elsker denne litt snodige blomen. Hadde den i brudebuketten min også. I dag i ei vakker pipmugge saman med ein lilla nellik.

mandag 10. september 2012

Bad


Stig ein utomhus får ein seg fort ein ufrivillig vask. I hagen står ein vakker sommarfuglbusk og slit i motvind og regn. Eg tek den inn i små dosar og nyt den kvar gong eg tek meg ein tur på badet....inne..



søndag 9. september 2012

Soppaloppa


Som dei fleste sikkert har fått med seg so elskar eg å gå på sopptur. Slik me gjorde i dag. Herleg fangst, både kantarellar, piggsopp og nokre fine steinsopp vart med heim.


Og til deko so syns soppsanking er fø løgne og introverte nørda so vil eg sei klårt nei!. Akkurat no går eg på ein to veker lang penselinkur grunna borrelia. I tillegg til den "farlege" flåtten, er det no også jakttid i dalen. So eg vil faktisk påstå at soppsanking i september bør definerast som ein riskosport fø folk med nerve av stål!...og då har eg ikkje rekna på moglegheita fø å plukka feil sopp, fø som ein veit...all sopp kan etast, men nokre berre ein gong.... :D

Og ja til de som ba om likøroppskrift. Det kjem i løpet av veka. Da e veldig enkelt so er du hastig so anbefale eg den tradisjonelle googlinga... :D

lørdag 8. september 2012

Likører



No er tida for å lage likører. Rundt i huset her står bær og nøtter på krukker og glas. 
Gler meg til jul for å seie det slik...

onsdag 5. september 2012

Sommarminne


tirsdag 4. september 2012

Gjennbruk



Litt gjennbruk ein heller stormfull tirsdag på vestlandet....

søndag 2. september 2012

Sundays*



Mannen i huset er ein kløpper på kjøkkenet. Ein av spesialitetane er hamburger. I dag vart den servert med bacon, ost, nyplukka sopp og ovnssteikte pote.


 Eg har utnytta han før då eg hadde ein av jentekveldane her. Veldig greitt når ein har ein kar på kjøkkenet som står for kokkeleringa, slik at husfrua får betre tid til slarv, bobler og interiør og sånn...


I dag pyntar vi med det som fins utanom døra. Rognerbær og bjørnebær, steinane har me drege med oss heile vegen heim frå Fyn.

Dette innlegget er også eit lite innspel i NIB si månadsutfordring {inviter}

lørdag 1. september 2012

Blå måne


I går var det såkalla Blå måne eller blue moon so dei seie i utlandet. 

Henta i frå YR.NO: "Når fullmånen dukker opp to ganger i løpet av en kalendermåned kalles det gjerne «Blue moon». Det vanlige er 12 fullmåner i året, altså en for hver kalendermåned, men dette går ikke helt opp"

Smaken av skog