onsdag 11. juli 2012

Å jul(i) med din glede..


Eg er verkeleg glad og stolt over, i lag med mange andre flotte bloggarar, å få vera ein del av Franciska Munck-Johansen si nye bok "Sanselig jul". Det var all peparkakebaksten i advendtstidai fjor som bana vegen inn dit i mitt tilfelle. Alt dette hende i gamlebloggen så eg tek med eit par bilder her på toppen. Passar fint no i regnveret, å gle seg litt til jul :D



Noko slik kjem sidene til å sjå ut:




Har du lyst å sjå meir av denne boka eller kanskje bestille ho med, kan de klikka på bildet under:




Fortsatt god jul(i) :D

mandag 9. juli 2012

Storfriminutt...

Andre bidrag til NIB si friminuttutfordring er knytta til hengestolen på terassen...

 

For tofemtiogeinkuletyggis, dvs. 180 krone eller noko slikt på Living, fekk eg med meg heim årets sommerhit i heimen.

 

Når eg sit og dinglar i den er dette utsikten min...


 

..om ein sit om dagen eller etter at sola har gått ned...og nyt anna morro enn nett utsikten...



..det er ikkje so ofta hengestolane (har to) er ledige. Til vanleg ligg ungane i kvar sin, innhylla i eit lett sommarteppe ser dei ut som konkongar frå ytre verdensrom som sakte gyngar seg fram og tilbake..gudane må veta kva som kjem ut av dei når dei er klare..... Her finn heile familien sine friminutt denne somararen....

...for ein blomeentusiast...

Fiskedronning...

Historia er kort. Konkurransen var grei. Eg mot dei andre, den som fekk mest fisk....eg med makkastang på gamlemåten eller alle dei andre med floge og spinnar, eg i elv og dei i vatn... vart kongar eller dronning.

 

Eg ser heilt klart at makkaglaset såg litt kjedeleg ut og er lite bloggvennlig. Eg kan godt laga ein GDS på det. Pimping av makkaglas, men er litt redd nokon vil ta det ille opp, som harselering med DIY-blogging...so kanskje best å la det vere...


 

Eg vil spara deko nett for prosessen med å få makken på kroken. Mange har meir enn nok med å sjå ein makk, så kampen mot å verte fiskemiddag ville nok fort reknast for "sterke scener".

 

Hovedelva er stengt for fiske i år i håp om at laksen skal trivast betre utan redsla for middagsdøden hengande over dei når dei ferierer i Hakkadalselva. Litt bale syns eg sidan me då berre har små sideelver å fiske i. Med stor snjosmelting i fjellet er kulpane i småelvene fulle i stri straum og vanskeleg å få fisk i.
Sjølv om det er vakkert....og vilt...

  

Fisk vart det. I tillegg fekk eg sjå ein heil røyskattfamilie på flyttefot. Ein herleg kveld i Hakkadalen.
Med dirrande bein varte hengebrua forsert. Litt usikker på kva kvalitessikring dei har på denne. Om det  faktisk er den einskilde som vågar seg over som på det viset sjekkar om brua held....eller ikkje...

   

..og ein er ikkje bloggar om ein ikkje klarar stikke inn ein blome og ei ku eller to.. lett hengslengt og nesten heilt naturleg....

Og jau, eg fekk mest fisk og er no fiskedronninga.... om det er ein tittel å trakte etter....

lørdag 7. juli 2012

...fyrste friminutt....

Eg tenkjer denne gongen å ta med to bileter til NIB si sommarutfordring "Friminutt", for i sommar har eg teke mange av dei...friminutta...

 

..eg tek dei alle på terassen. I går var det eg og katten so kvila oss litt i varmen. Som oftast er me fleire der, nokre gonger sovnar ein heilt og naboar med gode øyre kan høyre snorkinga lang veg... for det er jo heile vitsen med alt dette hagearbeidet mitt... å kunne sitje og kvile i det som ein ferdig med... som terassen og hagen utforbi...

Sidan vinglaset kanskje ikkje gjer seg i ei slik utfordring, ikkje alle som set kvile og vin i same bås, får katten i all sin kvil bak sommarhatten sin, illustrere friminuttet i dette innlegget....


bilda er større enn vist her, berre klikk og dei veks litt...

torsdag 5. juli 2012

Heldig er vel den...





...som har sin eigen Hurdalsrosehekk på 15-16 meter... i bredden.....kan fort verte 4 meter i høgda seies da. Min er tre år gamal, men kom att frå rot i fjor etter museskade...og er i år allereie snart 2 meter...

...sukk...Tornerose sov i hundre år...i hundre år....

onsdag 4. juli 2012

Kvardagsfoto..



...har eigentleg ikkje så mykje å sei, berre eit så stor naud for merksemd..... :D

mandag 2. juli 2012

..lately...

    
   
   

søndag 1. juli 2012

..stakkars katten...



...stakars katten sklei i den nymåla trappa og stupte minst heile 6 kattelengder ned på steinflisene.. noko gjekk sundt og no er han på veg til onkel dyrlege...greitt å ha ein onkel som er dyrlege då... me håpar at alle kongens menn kan få han fin igjen....

..sommargåva....

..er veldig fornøgd med sommargåva frå jobben...karaffel og glas frå Menu...til venstre...

 


......og eg er veldig fornøgd med rosehekken min med Hurdalsroser som blømer akkurat no...15 meter pur sommavenleik som eg kan klippe inn i bøtter og spann...eller i vinkaraffelen som har vorte min vasefavoritt i sommar...


..når det kjem til stil så trur eg at eg er ein minimalistisk romantikar som druknar i da mesta.....

...ei trapp...

I dag har eg mala ei trapp, og ein reol frå Ikea. Svart og kvit...



..slik det ofte hadde vore greitt om livet var....

Eller eg har starta på litt maling. Trappetrinna har fått berre det fyrste strøket med "dempet sort". Resten av trappa og veggen skal oppjusterast frå "Magnolia" og "Claro" til "Chi". Skoreolen var før "Claro" I dag mala eg den "Chi" inni og "Dempet sort" utanpå. Det likte eg veldig godt.... .og sakna du "før" bildet so var det so stygt at eg orka ikkje ta det med... :D