Nokre dagar er lengre enn andre..
Nokre dagar er lengre for andre...
Denne vart no i langste laget....
tirsdag 12. oktober 2010
mandag 11. oktober 2010
Fargeleik..
Kandidaten til Frk. Haustblad hjå Moseplassen er å finna i mange hagar, også i min. Bjørkespirea er ein flott hekkplante som blomstrar rikt og vakkert, men kanskje som mest av alt har utruleg flotte haustfargar på denne tida.

Etiketter:
Haust,
Konkurranse,
Utfordring
søndag 10. oktober 2010
lørdag 9. oktober 2010
Når ein har det travelt..
Etiketter:
Sopp
fredag 8. oktober 2010
onsdag 6. oktober 2010
Interiør frå 90-talet..
På tampen av 90-talet var eg veldig nøgd med stilen min. I dag veit eg ikkje heilt kva eg tenkte på, men slik er det vel med det meste.... :)

Eg var nett ferdig med syrelutingstida, der at vart innsmurt med Kaustisk Soda, alt som rak forbi fekk seg ein omgang med grautapenselen...gamle folk og fjerne slekningar... ikkje eit auga var turt. So var det høgtrykkspyling so flisene fauk. Ordinære tremøblar såg ut som dei hadde pels.....

Eg var meir eller mindre ferdig med den trekvite tida. No fekk møblane farge. Svart likte eg godt. Furu var endå til å leva med. Men bileta kan borga for kvifor me 10 år seinare malte furuhelvetet bort. For mykje av alt godt, vert sjelden godt i lengden.

Skåpet over har vore luta, vore svart og er no kvitt. Trur faktisk det gjorde seg best i svart. Når det gjeld resten av nips og naps...har det ikkje øvelevd siste tiåret.... den raude velurstolen måtte ta si siste reis på haustryddinga etter mange år i skjul under uendeleg mange tepper...
Når eg no ser nøye etter må eg smile...kanskje mest av soppgardina på kjøkkenet.. brenn du for noko, sy gardiner av det :)

Innbu og lausøyre
tirsdag 5. oktober 2010
Yoga-soga
I dag skulle eg prøve meg på yoga for fyrste gong. Det er so vakkert og fredfullt. Det gjev lukka og eit langt liv, i tillegg skal det vere god trening. Litt som eit Kinderegg...
Høsten er godt i gong og dagane vert travlare og travlare både heime og på jobb. I dag kjendes som den perfekte anledning til å starte på mitt "nye" liv. Logga på Exerto og fann eit passande program: Yoga på 7 min.... 7 minuttar må eg no klare...
Og når eg då eit par minuttar seinare låg der pustande som ein kval, med hjarta i handa(?), med mjuke tær og føtna øve håve tenkte eg, at no, no kjem eg til å verte harmonisk, evig blid og veldig tolmodig... berre eg øveleve...
Grådig irriterande med slikt som ser so lett ut og som langt ifrå er det... litt som med interiør...
Alle bildena et lånt frå internetten
Etiketter:
Gubbevaremegvel
søndag 3. oktober 2010
Gamalt nytt...
I månadens utfordring frå NIB er det "loppefunn" som er temaet. Huset vårt har sin kvote "gamalt skrot". Om eg skulle trekkje fram noko eg er spesielt nøgd med, så trur eg valet vil falla på "ting til bordet"

Det har vorte ein del dei siste åra, tallerkar, krystallglas, krystallvasar og anna smått som gjer meg glad. Mugga med blomane og muffinsa på bileta er av nyare dato (heldigvis), men ellers har eg funne alt det andre på brukthus og Fretex.
Det er ikkje mange år sidan eg tykte krystall var for gamle dame, og vips so har eg plutseleg vorte ei! Likar standarden dei set på eit festdekka bord. Vakkert, kostbart og med eit herleg lysspel.
Eit lite utval av det eg har i skåp og skuffer. Kanskje gamalt, men heilt nytt for meg!
Etiketter:
Brukt
Abonner på:
Innlegg (Atom)