Mat, ei velsigning og ei forbanning alt ettersom når ein ser det. Eit sekund i munnen, eit heilt liv på hoftene...men ja eg likar å lage mat.
mandag 16. april 2012
Interiør og sånn..
Interiør og sånn er viktig for meg. Eg trivest best i avstemt og enkelt interiør. Heilt motsett av slik det vanlegvis er. Min stil er vel at eg ikkje heilt har funne den...
Etiketter:
Interiør og sånn
fredag 13. april 2012
Meiningslaust
Yngvar Andresen meiner at det er meiningslaust å nekte seg karbohydratar. Noko han sikkert har heilt rett i og derfor laga eg meg den herlege müslien eg fann oppskrifta på i artikkelen de kan lese her.
No må de ikkje gjere som eg gjorde. Durde i veg og då eg endeleg tenkte at eg burde ha lese oppskrifta, var det for seint. Både linfrø og opphakka aprikoser var komen i blandinga som var på veg i ovnen. Eg gjorde mitt beste for å plukke ut i allefall aprikosane og tenkte med meg...kor gale kan det no eigentleg gå? Og jau, det kan gå verkeleg gale! Aprikosane reagerte ikkje rett bra på varmen, snart hadde eg gyllen müsli med bitar av svidd gummi. So var det berre å plukke i veg...ingen angretast i røynda desverre...tok meg litt tid...
..og syns de det vert for mykje mat så er det fordi me har "mat" som tema i fotoklubben denne månaden og ei pakka blåbær varar nestan evig...
God sundag!
Etiketter:
Mat
tirsdag 10. april 2012
Eggefadesen...
For dei som hugsar eggefadesen i dette innlegget ...so gav eg ikkje heilt opp. Eg prøvde ein gong te..

..og eg anar kva det kan verte om ein legg breisida til. Eg brukte nokre små magrittar, om de klikkar på bildet klarar de kanskje sjå mønsteret på egget. Kanskje til neste år? påska er i allefall over for denne gongen...

..og eg anar kva det kan verte om ein legg breisida til. Eg brukte nokre små magrittar, om de klikkar på bildet klarar de kanskje sjå mønsteret på egget. Kanskje til neste år? påska er i allefall over for denne gongen...
Abonner på:
Innlegg (Atom)

























































