mandag 9. april 2012

Plantebordet...GDS eller LMGDS...

For ei lita stund tilbake sette eg meg fore å resirkulere gammalt rasj til eit plantebord til drivhuset.

 

Eg fann ut at det kunne vere penger å spare i å lage bordet sjølv. Eg reiste opp til far min og fekk med meg heimatt nokre velbrukte plankar med gamal spikar i, nokre gamle komodeskuffe og restane av ein heimalaga stereobenk...ja berre ordet gjev assosiasjonar om ei faren tid... Heime hadde eg restane etter eit gamalt PC-skap frå Ikea som me hadde redda frå ei eller anna vår- eller haustinnryddning der det låg og skalv i vegakanten. Nytt liv fyrst på lemmen med spela til ungane, so to sesonga ute til hage- og badeleikar. Og no, resirkulert til plantebord. Eit langt og innhaldsrikt liv vil no eg sei.

 

Som de ser er ingen av beina like, verkeleg sjarm må eg sei. So kjem da avgjerande punktet. Eg veit akkurat korleis dette skal ende opp. Skissene ligg klare...Det er berre å setje i gong og GJERE-DET-SJØLV!

 

Då eg skulle setje i gong kom eg fort fram til at det aller beste ville vere å... LA-MANNEN-GJERE-DET-SJØV! Og det gjorde han, heilt sensasjonelt godt, spør du meg.

 

Nye knottar frå Farmors hus, litt lyseblå maling og mørk-eik-voks, og vips er plantebordet klart til å flytte inn i drivhuset. Sinktopp kjem kanskje ein gong det også.


 
 

Ikkje så lett å ta bilder inni eit smaaalt drivhus men eg håpar det skjøner teikninga......og no er eg klar for nye LMGDS-prosjekt...håpar mannen er det også.... :D

Om å setje seg høge mål...

Eg vil så gjerne ha eit plantebord i drivhuset mitt. Det må vere høgt og smalt.... og flott sjølvsagt.


 

Eg har leita litt rundt og funne akkurat det eg vil ha. Men det hadde ein heller litt stiv pris. Over 4000 om eg ikkje hugsa feil. So då tenkte eg at eg skulle gjere det sjølv. Her ser de korleis eg vil ha det til venstre og det eg har å gjere det med til høgre.. kjenner at eg kjem heilt på knisaren over det håplause utgangspunktet....

søndag 8. april 2012

Colour addict...

Månadens utfordring hjå NIB er farger i interiøret. Eg har for det meste berre vore ute i påska, so biletet denne gongen kjem frå... drivhuset...sjokk!

 

Plantebordet er endeleg vorte ferdig og skal få sitt eige innlegg, men kan skimtast under nipset...

 

...sol og fargar...det må bæra bud om sommar dar framme....

(klikkar ein på bilda vert dei større :D)

lørdag 7. april 2012

...klok av skade...

Eg såg nåke fint på ein blogg... og ville gjerne gjera nett slik eg og...

 

..binda eitt og hitt rundt eit egg og to..koka da i laukskal og vips skulle det verte uvettes vakkert...

 

.... tja...ikkje heilt slik eg hadde sett da før meg...

 

...jaja...må innrømma at eg ikkje leste oppskrifta...og gjorde feil på feil og innser at da è ein grunn til at dei laga bruksanvisninga framleis.... so ein får vel sei at ettepåklokskap è godt å ha, utan den vart det no vel aldri noko form for læring :D

fredag 6. april 2012

Påske er no eingong påske...

 
 



torsdag 5. april 2012

Eg er verkeleg nøgd...

..med drivhusprosjektet. So i dag får de eit bilderas frå i gårsdagen. Skal lage eit innlegg med vegen frå fyrste ide til ferdig prosjekt. Eller ferdig og ferdig.. eg har enno murane att, dei må murpussast eller kalkast...har ikkje bestemt meg heilt enno...

 

I går la eg sist hand på verket inni. Hyller i vindaugene og på vegg har kome på plass.

 

Utfordringa er plassen. Eg trivest so bra der, at helst vil eg berre sitje der med kaffien min og filosofere...

 

og då vert det heller knipe plass for blomane som det eigentleg var tiltenkt til....

 

Når sola skin og varmar rommet kan ein stakkar verta heilt salig....

 

...i dag ligg snjoen kvit på bakkane....

 

...gjer ingenting for inni er det lunt og godt!

Som sagt...eg er nøgd :D

onsdag 4. april 2012

Sola skin og dagen ligg ny..

..nokon fer te fjells, andre vasar rundt her nede...

 

..eg har andre plana...

 

..eit prosjekt og to som må dragast i land...

tirsdag 3. april 2012

Norske lappa...

forkledd som amerikanske pannekake...



..da e alltid noko surna mjelk...enten at da beint fram er kefir, eller sur skumma...eller heilmjelk surna med sitron, eller kanskje litt rjomme og mjelk blanda..yougurt går og, eller te nøden kanskje og ein skvett biola. Og so alltid eit egg eller to, alt etter kor mykje røra da vert. Litt sukker og ei teskjei natron. Mjøl ette so da trengs, te meir mjøl te tjukkare lappa.. kanskje pikkandes lita klypa salt i te slutt..

Dei vert aldri like og aldri lika vellukka, men kun ved få anledninga har me måtta gje alt te fuglane....

mandag 2. april 2012

Vår er arbeid...

 

...men for eit kjekt arbeid...

Om å setje seg høge mål...

Eg vil så gjerne ha eit plantebord i drivhuset mitt. Det må vere høgt og smalt.... og flott sjølvsagt.


 

Eg har leita litt rundt og funne akkurat det eg vil ha. Men det hadde ein heller litt stiv pris. Over 4000 om eg ikkje hugsa feil. So då tenkte eg at eg skulle gjere det sjølv. Her ser de korleis eg vil ha det til venstre og det eg har å gjere det med til høgre.. kjenner at eg kjem heilt på knisaren over det håplause utgangspunktet....

søndag 1. april 2012

1. april...

I dag har me entra april og det er ingen spøk. I går var eg og handla meg litt blomar i Astrids gartneri.



Både stemor og anemoner tåler ein liten trøkk av kulde og kan plantast i krukker og potter for livet på tereassen. No lovar dei oss minus 5 og 6 grader over helga. Då skal dei få varme seg i drivhuset tenkjer eg.



Herleg å kunne hjelpe våren litt i gong...