...bææær!
Danskane har eit so herleg navn på bjørnebæra at eg har adoptert det. Brombær!
Det er skralt med bjørnebær denne hausten. Dei orkar ikkje halde seg fast på greinene lenger. Det er som dei har sjekka yr.no og veit at det heilt sikkert aldri kjem til å slutte å regne, og at dei kan like godt kaste seg ut i uvissa med ein gong.
Det er ei utfordring for tida å ta bilder av noko som helst. Hakkadalen som er so vakker i sol. Vert eit høl i regn :) Alt lys forsvinn og skumringstimen varar heile dagen. Eg håpar sola vil komma fram litt meir i haust. Eg hugsar med gru vinteren i fjor/år som varte i heile 6 månadar. Eit halvt år med snjo!!!!! Eg er på ingen mulig måte klar for ein ny slik.
..jaja, ingen grunn til å ta sorgene på førehand, ikkje mykje me kan gjere med veret. No skal eg kose meg med litt brombærmuffins, oppskrifta var god og kan anbefalast!
God mandagskveld!