søndag 16. februar 2014

litt om å surna té...


I øve eit år har eg hatt ein slik gründeridé
ein slik idé som skulle gjere meg både søkkrik og uavhengig
dar verda var min østers og kun horisonten var grensa

 

da byrja i Italia sjølvsagt, i fjor, då eg såg slike flotte skjærebrett(fjøler) laga av oliventre
som eg så gjerne ville ta med meg heim så mykje eg berre kunne bera
men redsla for overvekt på flyet gjorde at eg let dei alle liggje att
og tenkte med sjølve meg, som eg ofte gjer
at eg kunne no laga slike sjølv
for her heime har me ikkje oliventre, men me har bjørk
og bjørk kan me surna
og surna bjørk
liknar mykje på oliventre


ein kan surne bjørk slik reint metodisk på bakrommet som mange trearbeidarar gjer
men sidan eg er ein slik gjenbrukar så gjekk eg for sjølvsurna bjørk
når bjørka velta i skogen grunna ras, vind eller andre katastrofer 
og vert liggjande ute i allslags ver med borken på
vil den mest sannsynleg surne sjølv
og lukka var at nett bakom huset vårt låg det eit slik emne 
so eg mota meg opp med sag og det heile og sette i gong
medan eg såg fø meg den frydefulle framtida
der eg sat på kaien i strålande sol og selde heimalaga skjerefjøler av sjølvsurna bjørk til kjøpesterke turistar
realiserte meg sjølv til fulle, med eiga merkevare
eg hadde sagt opp jobb og satsa på draumen som så mange bloggdamer før meg
jau jammen gjekk saga varm dar eg fantaserte i veg

 

rimeleg kom dei ikkje te å verta
fø berre å saga ut eitt emne tok meg øve ein time
og til slik konsuletpris vart jo det nærare to tusen pr skjerefjøl..

Midt i all saginga slo det meg at eg hadde sett heller lite skjerefjøler i surna bjørk 
og kanskje...kanskje var det ein grunn te det?
Etter litt googling fall draumen min til jorda som ein lort
Surna bjørk surnast med kvitråtesoppar
og sjølv om dei går i dvale når treet turkar
og ein kan forsegle med voks og olje
så eignar det seg lite te skjerebrett og anna kjørler
i allefall fø å vera på den sikra sio

 

ja ka ska ein sei...
anna enn at nett so lenge var Adam i paradiset
eg får bruka dei forsiktig her heime te fest
og drøyma nye drauma 
stora og hetliga om liv mitt

12 kommentarer:

  1. Men de är väldigt fina! Synd på soppen ;) Vilket fantastiskt vackert uttryck du har i dina bilder, hit kommer jag gärna tillbaka fler gånger!
    Kram och klem!

    SvarSlett
  2. Fine ble de i alle fall!
    Siri

    SvarSlett
  3. Huffa! Så mykje bry for ingenting? ;-)
    Du fekk no eit nydeleg blogginnlegg ut av det iallefall..
    Ikkje slutt å drøyme!

    klem og fin ny veke @-}--

    SvarSlett
  4. smiler og smiler og tykkjer du e og som gull...sur e du vaffal ikkje...

    SvarSlett
  5. Å, du herlige! Om du ikke kan selge skjærefjøler, kan du gi ut bøker med egne tanker og bilder, for det er du god til!

    SvarSlett
  6. Herlig innlegg og du er herlig kreativ ღ
    Ideen var god da, og de er jo nydelige
    til pynt :) - og som alltid fantastiske
    nydelige bilder - drømmer meg helt bort
    Takk for herlig inspirasjon og så mye
    fint å se... Ønsker deg også en riktig
    god natt - og ukestart ღ Klem fra Mette

    SvarSlett
  7. Jeg virkelig nyter de flotte bildene og den lystige historien! Så synd at drømmene dine falt i grus, men fjølene ble knallfine :-)) Fantastisk fin blogg du har.

    Ønsker deg en fin fin mandag.

    SvarSlett
  8. Når man tenker på alle giftstoffer som er i barneleker- så synes jeg du skal selge dine lekre fjøler med god samvittighet..litt sopp er bare eksotisk det;)

    SvarSlett
  9. Du er berre hærleg! Eg har kosa meg med både ord og bilete. Må vel legge til at eg kjenner meg litt igjen i historia også - det med å drøyme STORE draumar… Men ein skal ikkje la seg knekke om ein ikkje er nøtt ;-) Stå på seier no eg- og skjærefjølene var fine dei :-)
    Klem

    SvarSlett
  10. Så synd, fjølene var utruleg lekre! og einig med Ingeborg, du kan gi ut bok!:-) Du tek dei lekraste bileter og i tillegg er du god på tekst! Lykke til med alle framtidige prosjekt! Klem frå mari

    SvarSlett
  11. Kjør bjørka i vakuum kammeret, sammen med stabilisatorvæske.
    Så en tur i ovnen. Blir steinhardt:)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.