og da gjer eg både tidt og ofte :D
mandag 30. september 2013
søndag 29. september 2013
lørdag 28. september 2013
Naturleg utvikling
Før blogga eg gjerne ein ny pute eller eit fint telys
naturleg utvikling ville ha vore
ei større ommøblering
oppussing
men sidan slikt ikkje skjer
det står veldig stille på interiørfronten
so vise eg i dag
tadada!
ein pute
frå kremmarhuset
både kobbar og insekt
to i ein
på ein måte
orka ikkje rydda eingong
hjelpes..
Etiketter:
Stove
fredag 27. september 2013
God helg
i natt hadde me andre frostenatta
hausten er her
i helga skal eg fyra i ovenen
og lesa pensum..
god helg!
Etiketter:
Gubbevaremegvel,
Mat
torsdag 26. september 2013
onsdag 25. september 2013
Eit blunk
Eg har på mine gamle daga funne ut at eg må utdanna meg litt
....meir
da føre te veldig travle daga og lange vakne netter
lura på kva eg trudde..
at da skulle verta so lett?
sånn so då ein var ung?
ikkje berre fjeset so har fått rynker
trur dar e litt snerk på hjernen og..
Her bilder frå då eg kom meg ut i skogen i dag
eit pittelite blunk..
nokre minutta seinare
hølja da ner..
nokre minutta seinare
hølja da ner..
Etiketter:
Gubbevaremegvel,
Haust,
Natur
tirsdag 24. september 2013
Eplegelé
Eg laga eplegele og hin dagen
eple og eplemynte
gelén lagar eg som alltid
kokar saft på frukta
kokar safta inn med mykje sukker
nokon seier halvt om halvt
eg tek mindre sukker
men må då koka lengre
til den består geleprøven
Etiketter:
Frukt og bær,
Mat
mandag 23. september 2013
Siste sukk
når eg ser ut på terassen kan eg ikkje tru
at hausten er her
likevel veit eg
at det er
klematisane og rosa
som dreg sine siste
sukk..
men for nokre sukk..
Etiketter:
Blomer,
Hage,
Uteplassar
søndag 22. september 2013
Nedteljing
siste høve te å hiva innpå ein sjokolade eller ein muffins
snart må boka leggjast vekk
og pleddet foldast saman
fø i måro e da ny veke
og ny vei i vellinga
lørdag 21. september 2013
torsdag 19. september 2013
onsdag 18. september 2013
tirsdag 17. september 2013
Botanikk
er temaet på Interiør- og bolimessa i Bergen i år
da e bra, fø ka hadde vel heimen vore
uten plantar?
eg er ikkje med i noko stylingkonkurranse eller noko
eg berre seie
at messo e i byd'n og
at botanikk er bra
Etiketter:
Blomer,
Interiør og sånn,
Lenande glashus
mandag 16. september 2013
Takk te deg
som legg att fine kommentarar her hjå meg
veldig kjekt
og takk te alle som svippar innom i løpet av ein travel dag
veldig kjekt det og
takk!
Etiketter:
Blomer
søndag 15. september 2013
Opprørets time
Eg har ofte lete meg henføre og inspirere av nydelege barnerom
Superstyla og harmoniske
spanande og tøffe
slikt har eg inga forhåpning om her i huset
som eksempel kan eg nevne at om eg vågar meg frampå og seier
at eit antrekk jentungen (som har kledd og styla seg sjølv sidan barnehagen) har på seg var fint,
kan eg vere veldig sikker på at nettopp det antrekket aldri meir
ser dagens lys...
Slik var det før, rot og kaos sidan det var lenge sidan leikar frå utlevde epoker var vortne rydda bort.
Senga som eingong var so flott, var vorten ein hemsko
som blokkerte alle møbleringsalternativ på det ikkje so veldig store loftsrommet.
Me kjøpte ei ny seng, pimpa opp litt gamle møblar og rydda i rotet
og det som fyller ei ung jente sitt rom, som mor aldri får styla vekk, plakat på plakat med Justin Bieber, bilder av søte små dyr og mengder med elektronikk, får no heller vere der.
Det anar meg at det er nett det som gjer henne lukkeleg og nøgd med resultatet..
Etiketter:
Soverom
lørdag 14. september 2013
Haust
I dag har eg og katten
kosa oss inne
Fyr i ovnen, teppe på golvet og ein god surferunde på laptoppen
God laurdag!
og ja rotet under vindauget fekk gjøyme seg under eit teppe det og...
fredag 13. september 2013
torsdag 12. september 2013
På eit kjøkken
lagar ein for det meste mat
og et vel litt og..
i går laga eg rognebærgelé
..men no må eg gå
for eg skal kartleggjast..(?)
Abonner på:
Innlegg (Atom)